Hopp til innhald
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåve

Oppgåver til filmen Alle utlendinger har lukka gardiner

Korleis er det å vekse opp i eit fleirkulturelt miljø i Oslo aust? I filmen Alle utlendinger har lukka gardiner møter hovudpersonen Marey ei rekkje ulike utfordringar. Bruk filmen til å utforske og diskutere kulturblanding, integrering, mangfald og levevilkår på Romsås.

FooterHeaderIconFooter iconLK20

Oppgåve 1: kulturblanding

Romsås er eit fleirkulturelt miljø. Når fleire kulturar møtest, oppstår det ofte ei blanding mellom ulike kulturformer. Ord, klesvaner, verdiar eller andre uttrykk frå dei to kulturane blir blanda og skaper ein ny kultur. Det er til dømes tilfelle når ungdommar blandar inn engelske og arabiske ord i språket, eller når kvinner med innvandrarbakgrunn deltek på trening med heildekkande plagg.

Finn konkrete døme på blandingskultur i filmen. Du kan til dømes sjå etter døme på blandingskultur når det gjeld:

  • kroppsspråk
  • klede
  • kjønnsroller
  • religion
  • normer og verdiar
  • språk, til dømes spesielle ord og uttrykk
  • musikk og dans
  • innreiing

Oppgåve 2: integrering

Kva er integrering?

I Noreg er integrering av innvandrarar eit offisielt politisk mål.

I norsk samanheng er integrering ein prosess der etniske minoritetar held fram med å eksistere som sosiale og kulturelle fellesskap, samtidig som dei blir inkluderte og kan delta som aksepterte og likeverdige medlemmar i det norske storsamfunnet.

Integrering inneber at innvandrarar blir inkluderte på tre ulike område:

  • Økonomisk. Dei deltek i det ordinære arbeidslivet.
  • Sosialt: Dei deltek på uformelle sosiale arenaer og har eit nettverk som omfattar etnisk norske.
  • Aktivitetsmessig: Dei deltek aktivt i nabolaget, på foreldremøte, i frivillige organisasjonar og i politikken.
  1. På kva måtar prøver storsamfunnet å integrere ungdommane i det norske samfunnet? Gi minst tre konkrete døme frå filmen.
  2. På kva måtar tek ungdommane i filmen vare på den etniske og kulturelle bakgrunnen sin? Gi minst tre konkrete døme.
  3. På kva måtar tilpassar ungdommane seg i filmen normene og verdiane til det norske storsamfunnet? Gi minst tre konkrete døme.
  4. Er det nokre døme i filmen på konfliktar mellom normer og verdiar hos dei etniske minoritetane og normer og verdiar i det norske storsamfunnet?
  5. Diskuter om det fleirkulturelle ungdomsmiljøet som blir beskrive i filmen er eit døme på vellykka integrering.

Oppgåve 3: levevilkår på Romsås

Les gjennom skildringa av oppvekstvilkåra på Romsås. Diskuter korleis desse sosiale faktorane kan ha påverka ungdommane i filmen på ein positiv og negativ måte.

Levevilkår og nærmiljø på Romsås

Ressursar:

  • Rimelege bustadprisar, nærleik til naturområde, stabile nabolag og mange store leilegheiter.
  • Raus kultur, mange føler tilhøyrsel til staden og er engasjerte i nærmiljøet, og dei har ein populær fritidsklubb.
  • Dei fleste ungdommar trivst på skulen, har god helse, er fornøgde med lokalmiljøet og har ei aktiv fritid.

Utfordringar:

  • Gapet mellom rike og fattige aukar, fleire med etnisk norsk bakgrunn flyttar ut, det blir fleire eldre og det er ein relativ høg del på trygd.
  • 44% har ikkje fullført vidaregåande utdanning etter fem år, og dei har nest høgaste del dropouts i Oslo.
  • Nedgang i talet på menn i arbeid. Litt lågare del personar i arbeid enn gjennomsnittet i Oslo. Ein av bydelane i Oslo med færrast kvinner i arbeid.

Oppgåve 4: mangfald

  1. Kvifor trur de fleire med etnisk norsk bakgrunn flyttar vekk frå Romsås og andre område i Groruddalen?
  2. I kva grad er det eit problem at fleire med norsk etnisk bakgrunn flyttar ut frå visse område av Groruddalen, så lenge det held fram med å vere eit stort kulturelt mangfald på desse stadene med grupper av ulikt etnisk opphav?
  3. Diskuter om vi burde prøve å motverke at nokre etniske befolkningsgrupper samlar seg i enkelte delar av Oslo. Kva kan ein i tilfelle gjere for å hindre det?

Kjelder

Eriksen, E. (2013) Kvinner i Groruddalen. Om kropp, trening og tilknyttede idealer (masteroppgåve, Universitetet i Oslo). Henta frå https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/36341/eriksen.PDF?sequence=3&isAllowed=y

Ruud, M.E., Andersen, B., Brattbakk, I., Breistrand, H. , Nygaard, M.O., Vestby, G.M. (2018) Utfordringer og mulighetsrom
. Oppstartsanalyse for områdeløft på Romsås og Grorud (NIBR-rapport 2018:4). Henta frå https://oda.oslomet.no/oda-xmlui/handle/20.500.12199/5461

Schiefloe, P. M. (2019). Menneske og samfunn (3. utg.). Bergen: Fagbokforlaget.

Sist oppdatert 02.09.2020
Tekst: Karl Henrik Aanesen (CC BY-SA)

Læringsressursar

Film: Alle utlendinger har lukka gardiner