Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Alle utlendinger har lukka gardiner

Handlinga i denne filmatiserte romanen er lagt til Romsås, ein bydel i Oslo. Der møter vi Marey og familiane og venene hennar. Kva tema tek filmen opp, og kor godt treffer filmen målgruppa? Skriv ei filmmelding.

Før du ser filmen

Stemmer det at alle utlendingar har lukka gardiner? Kva trur du tittelen kan bety utover det heilt konkrete?

Kva forventningar har du til kva filmen skal handle om?

Del 1

Før du skal skrive filmmeldinga, bør du sjå filmen med eit analytisk blikk og notere det du ser og tenkjer undervegs. Notata får du bruk for når du skal skrive ferdig teksten.

Ei filmmelding pleier både å beskrive og vurdere filmen. Desse spørsmåla kan hjelpe deg:

Beskrive

  • Kva er handlinga i filmen? Oppsummer med maks 50 ord.
  • Beskriv kort det du får vite om hovudpersonen: utsjånad, alder, familie, vener og skule, staden ho bur.
  • Beskriv korleis du opplever hovudpersonen: Kva er ho oppteken av? Kva ønske har ho? Kva kan hindre henne i å nå ønska sine?
  • Beskriv ungdomsmiljøet ho er ein del av: Kva kjenneteiknar måten dei kommuniserer på? Kva kan du seie om språket dei bruker og temaa dei snakkar om?
  • Beskriv korleis forholdet mellom ungdom og vaksne blir framstilt i filmen.
  • Kva meiner du er hovudtemaet i filmen? Kva andre tema blir tekne opp?

Vurdere

  • Korleis likte du handlinga og måten historia blir fortald på?
  • Kor realistisk er ungdomsmiljøet som blir skildra?
  • Kva scener likte du best? Kvifor?
  • Kva ville du ha endra på viss du var filmprodusenten?
  • Kven ville du tilrådd å sjå denne filmen?

Hugs å grunngi alle svar, gjerne ved å vise til noko konkret i filmen.

Del 2

Diskuter i grupper

Fortel kvarandre kva de har notert om filmen og diskuter svara på spørsmåla over. Lytt til kvarandre sine innspel og skriv ned nye moment de vil ha med i teksten dykkar. Kanskje kan ein som har motsett meining om noko i filmen, hjelpe deg til å skrive ei meir nyansert melding.

Del 3

Skriv filmmeldinga

Det er ingen fasitsvar på korleis ei filmmelding skal skrivast, men det blir forventa at du skriv sakleg og grunngir objektivt. Deretter kan du komme med eigne meiningar.

La deg gjerne inspirere av korleis dei profesjonelle gjer det:

VG: Filmmelding

Aftenposten: Filmmeldingar

NRK P3: Filmmeldingar

Du kan òg bruke ressursen under som støtte. Det er ein mal for filmanalyse der du òg skal ta for deg kamerabruk, lys og lyd. Teksten kan fort bli kjedeleg (og lang) om du tek for deg alle punkta i malen. Likevel kan punkta hjelpe deg til å leggje merke til fleire sider av filmen, som du kanskje ikkje hadde fått med deg utan. Vel så ut det du meiner er viktige for at lesaren skal få eit inntrykk av korleis filmen er.

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 22.10.2020

Læringsressursar

Film: Alle utlendinger har lukka gardiner