Klasseundersøking om marknadsføring i sosiale medium
I første fase av undersøkinga skal de samle screenshots, altså skjermdumpar av det de opplever som marknadsføring i den personlege straumen sosiale medium de bruker.
Finn fram smarttelefonen din eller nettbrettet ditt og gjer følgjande:
- Tenk gjennom kva for 3 sosiale medium eller bloggar du bruker mest tid på. Det kan til dømes vere Instagram, Facebook, Snapchat, Youtube eller andre bloggar/sosiale medium du bruker.
- Gå inn på det sosiale mediet eller bloggen du bruker aller mest tid på. Ta skjermbilete av marknadsføringa du legg merke til i straumen din. Marknadsføring kan vere all slags innhald der du tenkjer at nokon ønskjer å påverke deg til å få lyst på eit produkt eller ei teneste – til dømes reklame-annonsar, sponsing av ein kjend person eller andre aktivitetar som bidreg til å gjere ein logo eller eit varemerke kjent.
I andre fase skal de skrive kommentarar og setje opp reaksjonar på bileta som er hengt opp på veggane.
- Last ned og skriv ut bobler og emojis
- Gjer det gjerne på same tid som de hengjer opp utskriftene..
- De kan dele klassen i to der halve klassen hengjer opp utskrifter på kvar sin vegg, og så byter de vegg når de skal gi reaksjonar og kommentarar.
Filer
- Emoji(PDF)
- Kommentarar(PDF)
Set av tid til å klippe ut, skrive kommentarar og lime reaksjonar om kommentarar på utskriftene.
Diskuter kva de opplevde og tenkjer etter denne øvinga. Var det noko de lærte frå den, og i tilfelle kva?
Oppgaven er inspirert av metoden i denne rapporten:
Rosenberg, Thea, Steinnes, Kamilla Knutsen og Storm-Mathisen, Ardis (2018). Markedsføring og personvern i sosiale medier – en flermetodisk undersøkelse med barn som medforskere. Oppdragsrapport 13- 2018. Forbruksforskningsinstituttet SIFO, OsloMet – storbyuniversitetet.
Les populærfremstillingen Nye forskningsmetoder avslører ulovlig reklame til barn (OsloMet).