Hopp til innhald
Du er no inne i ein læringssti

Oppgåver og aktivitetar

Argumentasjon i debattar

Når vi er med i ein debatt, har vi som regel teke eit standpunkt i ei sak, og vi argumenterer for vårt syn. Somme byggjer på fakta, og andre speler på kjensler.

Sjå videoen under og jobb med oppgåvene.

1. Analyser ein debatt

  1. Finn ein TV-debatt på til dømes NRK TV og kom med eit døme på kvart av omgrepa under:

  2. Presenter døma for ein medelev og forklar kvifor du har valt dei. Viss de er ueinige om noko, kan de sjekke dei opp mot ordforklaringane over.

2. Diskuter i klassen

  1. Kva er bra med å bruke skjult argumentasjon?

  2. Når blir skjult argumentasjon dårleg for debatten?

  3. Kvifor kan det vere nyttig å kjenne til omgrep som standpunkt, argument og premiss når ein ser på ein debatt?

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 21.05.2021