Oppgåve
Kvifor treng vi eit elevdemokrati?
Treng vi elevrådet? Nyttar det å engasjere seg? I denne videoen får du treffe eit elevråd som fekk til viktige endringar på skulen sin.
Sjå filmen og diskuter spørsmåla under:
Kvifor er elevrådet viktig?
Kva eigenskapar treng ein tillitselev, ifølge elevane i filmen?
Er det fleire eigenskapar som er viktige, meiner de?
Kva problem oppstod under koronapandemien på skulen i filmen, og kva gjorde elevrådet for å få til endringar på skulen?
Har de døme på at elevrådet fekk til endringar då de gjekk på barne- eller ungdomsskulen?
Kva er Elevorganisasjonen?
Kvifor treng vi ein elevorganisasjon?