Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Valomatar og chatbotar

Før det skal vere val, dukkar det opp såkalla valomatar i nettavisene. Kor nyttige er slike valomatar? Er det lurt å spørje ein chatbot om råd?
Robotarm leverer stemmeseddel i valgurne. Foto.

Gjennomfør valomatar

Gjennomfør to ulike valomatar ved å svare på spørsmåla valomaten stiller deg. Du kan bruke to av dei vi har lenka til her eller finne valomatar andre stader.

Reflekter/diskuter:

  1. Samanlikn valomatane.

    1. Legg dei vekt på dei same tinga?

    2. Blei resultata like?

    3. Kva likte du best? Grunngi svaret.

  2. Kva kan slike valomatar fortelje oss?

  3. Kva kan valomatane ikkje fortelje oss?

  4. Er det nyttig med valomatar?

  5. Bør vi ta eit val berre basert på ein valomat? Viss ikkje – kva bør vi gjere i tillegg?

  6. Er det betre å gi frå seg stemme basert på ein valomat enn å ikkje stemme i det heile?

Chatbotar og val

Diskuter: Ville du spurt ein chatbot om råd viss du var i tvil om kva du skulle stemme ved valet? Kvifor? Kvifor ikkje?

Sjå videoen og diskuter spørsmåla under.

  1. Er det eit problem at chatbotar kjem med konkrete forslag til kva vi skal stemme?

  2. Er det mogleg å bruke chatbotar på ein god måte når vi skal orientere oss før eit val?

  3. Kva problem kan det føre til for demokratiet på sikt dersom vi i større og større grad støttar oss på maskiner når vi skal bestemme oss for kva vi skal stemme på?

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 04.05.2023

Læringsressursar

Førstegangsvelger: lokalval