Kan ein 16-åring redde klimaet?
CC BY-SA 4.0
Kor trygg ville du følt deg i ein debatt om klima og klimaendringar? I denne tverrfaglege læringsstien møter du fagstoff frå naturfag, norsk og samfunnsfag. Etter å ha gjennomført læringsstien skal du
- kunne forklare drivhuseffekt, global oppvarming og klimaendringar
- ha kunnskap om kva du sjølv kan gjere for å bremse klimaendringane
- vite kva du kan gjere for å påverke dei som tar beslutningar
- kunne reflektere over kva som påverkar truverdet til ein person eller ein organisasjon
- kunne bruke kunnskapen om klima til å gjere deg opp di eiga meining om klimaspørsmålet
- forstå at også du kan gjere ein forskjell i kampen mot klimaendringane