Hopp til innhald

Fagstoff

"Min familie i historien"

Har du nokon gong tenkt på korleis det var å leve i ei anna tid? Kva moglegheiter og avgrensingar hadde menneske den gongen? Handla og tenkte dei annleis enn oss? I denne historiekonkurransen er det slike forhold du kan studere.
Kvinner og barn sit i graset. Bak dei står fleire menn med ljå. Svart-kvitt-foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ta utgangspunkt i deg sjølv, din eigen familie eller ein annan person som står deg nær. Kanskje har du foreldre eller besteforeldre som har opplevd krig eller store omveltingar? Du har stor fridom til å velje korleis du vil nærme deg emnet, men sidan faget er historie, må du studere noko frå fortida – anten ho er fjern eller nær.

Du skal ikkje berre beskrive noko som har skjedd, men også prøve å forklare kvifor. I tillegg bør du ta med dine eigne reaksjonar og refleksjonar. Kvifor valde du å skrive om akkurat dette? Kvifor syntest du nettopp dette var interessant? Kva var utgangspunktet ditt, og fann du det du trudde du ville finne? Korleis reagerte du på det du fann ut? Kva betyr historie for deg? Skriv ein tekst, lag ei nettside, eller lag ein film.

Konkurransen

Historiekonkurransen "Min familie i historien" er eit opplegg frå Den norske historiske forening (HIFO). HIFO arrangerer kvart år ein konkurranse med pengepremiar. Denne kan de delta i viss de vil.

Historiekonkurransen "Min familie i historien" på HIFO

Aktuelle tema

I denne konkurransen er det heilt vanlege menneske som er hovudpersonane. Det blir ekstra interessant når historia til desse menneska kan knytast til eit større tema. Her er nokre idear til tema du kan skrive om:

  • demokrati – å engasjere seg i samfunnet

  • å leve med krig og konflikt

  • levekår før og no

  • flytting i eller til Noreg

  • utdanning og arbeidsliv

Kvart av desse temaa er utgangspunktet for ei problemstilling. Du står sjølvsagt fritt til å velje andre tema. Om du ikkje ønskjer å gå så tett inn på din eigen familie, kan du velje andre personar frå lokalmiljøet ditt.

Slik kan du gjere det

Det er mange måtar å gå fram på. Her er eit framlegg:

  1. Vel ein person og eit tema, og formuler ei problemstilling. Du skal ikkje skrive heile livshistoria, men velje noko du vil fokusere spesielt på.

  2. Finn kjelder som kan gi deg svar. Gode kjelder kan vere intervju, bilete, dagbøker, brev og liknande. Hugs å oppgi og vurdere kjeldene dine undervegs, og lag kjeldeliste til slutt.

  3. Set det du har funne ut, inn i ein historisk samanheng. Prøv å forklare det du har funne ut. Då må du bruke kjelder som historiebøker, nettressursar, statistikk og historieframstillingar.

  4. Konkluder og reflekter. Kva har du funne ut, og kva tankar gjer du deg om det? Kva betyr det for deg?

Produktet

Sjølve produktet kan ha ulike utformingar. Avtal dette nærare med læraren. Her er nokre framlegg:

  • skriftleg tekst, gjerne med bilete (gode skriftlege oppgåver er ofte mellom 5 og 10 sider)

  • film

  • nettstad

  • podkast

  • ein annan slags samansett tekst

Tips og råd

Her finn du tips og råd mellom anna om kjelder og kjeldegransking og om korleis du kan gjennomføre eit godt intervju. Det er ikkje meininga at du skal følgje alt slavisk, men råda kan hjelpe deg med å skape eit betre svar.

Tips 1: Kva er ei god kjelde?

Dette spørsmålet er det faktisk ikkje så enkelt å svare på. Svaret avheng nemleg av kva du skal finne ut. Eit generelt svar vil vere: Ei god kjelde er ei kjelde som kan hjelpe deg med å finne svar på dei spørsmåla du har!

Gir kjelda svar på det du lurer på?

Kva kjelder du kan eller bør bruke, avheng altså av kva spørsmål du stiller. Når du har nokre kjelder framfor deg, må du stille deg følgjande spørsmål: Kan denne kjelda bidra til å gi relevante svar på det eg lurer på? Viss svaret er ja, har du funne fram til ei god kjelde!

Viss du vil finne ut korleis det var å vekse opp i Noreg på 1950- eller 1960-talet, kan intervju med personar som var barn i den perioden, vere ei utmerkt kjelde. I ein intervjusituasjon kan du spørje kjelda direkte om det du lurer på, og forhåpentleg får du også direkte svar. (Meir informasjon om korleis du kan gjennomføre eit godt intervju, finn du under Tips 2.)

Bruk fleire kjelder!

Noko som er viktig å hugse, er at éi kjelde berre gir éi framstilling. Det er svært sannsynleg at det finst fleire meiningar om og alternative framstillingar av det som skjedde. Derfor er det alltid ein fordel å bruke fleire kjelder. Du kan til dømes gjennomføre fleire intervju eller leite etter andre typar kjelder.

Kanskje har personen du skriv om, skrive dagbøker eller brev? Og kanskje finst det fotografi frå den tida? Ulike gjenstandar (til dømes gamle leiker, klede og sko) kan også fungere som kjelder. Gjenstandar kan vere litt meir krevjande å bruke enn tekstar. Grunnen til det er at gjenstandar ikkje fortel noko direkte, men krev at du tolkar dei. Kanskje finn du også statistikk eller bøker der nokon har skrive om temaet du interesserer deg for. Læreboka du har i historie, vil også kunne brukast som kjelde. Alt vi har nemnt, kan brukast som kjelder til å gi svar på det du vil finne ut.

Ulike typar kjelder

Her er det viktig å skilje mellom historiske kjelder (primærkjelder) og litteratur (omarbeidde kjelder eller sekundærlitteratur). Ei historisk kjelde vil vere spor frå fortida. Desse spora – eller leivningane – har altså vorte til i fortida, og vi bruker dei for å gi ei historisk framstilling. NB! For å gjere det enkelt seier vi at ein person som levde på den tida du skriv om, og som fortel deg korleis det var, også er ei historisk kjelde.

Med litteratur meiner vi omarbeidde framstillingar av fortida som byggjer på historiske kjelder. Eit godt døme er læreboka i historie. Forfattarane av slike framstillingar har ofte ikkje sjølv opplevd det som skjedde, men har samla historiske kjelder, sett dei saman, tolka dei og skrive ei mogleg framstilling av hendingane. Desse forfattarane har altså gjort det same som du er i ferd med å gjere!

I prosjektarbeidet ditt kan og bør du bruke begge typar kjelder, men det er viktig å vite forskjellen på dei og kva dei kan fortelje deg. Hugs at historiske kjelder er sjølve grunnsteinane i ei historisk framstilling, og ein historikar vil prøve å leite fram flest mogleg av dei.

Tips 2: Korleis gjennomføre eit godt intervju?

Kanskje er intervju den einaste historiske kjelda du har i arbeidet med svaret. Det skal du ikkje fortvile over, for intervju kan vere svært gode kjelder. Men for at eit intervju skal bli godt og gi mykje relevant informasjon, må du førebu deg godt.

Her kan du lese meir om korleis du kan gå fram for å gjere eit godt intervju – og dermed få ei god kjelde.

Før intervjuet

Før du begynner på intervjuet, må du ha førebudd deg grundig. For det første må du ha sett deg inn i den historiske perioden intervjuet skal dreie seg om. Du bør altså ha lese framstillingar av perioden, til dømes i læreboka eller andre bøker.

For det andre må du førebu spørsmål. Kva er du spesielt interessert i å få svar på? Lag ei liste over tema og konkrete spørsmål du kan tenkje deg å stille. Kanskje svarer informanten på alt du er interessert i, utan at du stiller konkrete spørsmål. Men viss det ikkje går så lett, har du i alle fall ei liste du kan bruke.

Sist, men ikkje minst må du ha sjekka at utstyr du eventuelt skal bruke, er i orden. Sjekk til dømes at det er batteri i opptakarutstyret, at mikrofonen fungerer, og at det er lagringsplass nok på opptakaren.

Intervjusituasjonen

Intervjuet bør gå føre seg på ein stad der både du og informanten kan kjenne dykk trygge, og der de ikkje blir forstyrra.

Når du startar intervjuet, er det greitt å begynne med nokre "oppvarmingsspørsmål", slik at du og informanten blir trygge på kvarandre. Still til dømes nokre enkle spørsmål om namn og om kvar han/ho er fødd og oppvaksen.

Deretter kan du gå over på dei meir interessante spørsmåla. Her kan det vere lurt å stille opne spørsmål, slik at informanten får moglegheit til å snakke mest mogleg på eiga hand. Då kan det kome fram mykje interessant, og du gir informanten moglegheit til å gi ei personleg framstilling. Viss du derimot merkar at informanten begynner å snakke om noko som ikkje er direkte relevant for temaet ditt, bør du prøve å kome inn på rett spor igjen. Du må altså vere fleksibel!

I enkelte situasjonar kan det hende at informanten ikkje har lyst til å svare på spørsmålet ditt. Det kan vere mange grunnar til det. Kanskje er det for personleg. Kanskje har informanten opplevd noko som var så traumatisk, vondt og leitt at han eller ho ikkje ønskjer å snakke om det. I ein slik situasjon er det viktig at du ikkje pressar informanten, sjølv om du verkjer etter å finne ut kva som har skjedd. Viss informanten ikkje vil snakke, må du respektere det!

Oppfølgingsspørsmål er alltid viktig. Det viser at du er ein god lyttar, og at du er interessert i det informanten snakkar om. Døme på enkle oppfølgingsspørsmål:

  • "Det du sa om … synest eg var interessant. Kan du utdjupe det?"

  • "Du snakka om … Kva betyr det?"

  • "Då du opplevde det, kva kjende du då?"

Når du skal avslutte intervjuet, bør du sørgje for ei mjuk avrunding. Ikkje berre pakk saman og gå. Ta deg tid til å seie noko om kor interessant intervjuet har vore for deg, og korleis du skal jobbe vidare med stoffet du har samla inn. Spør også om du kan få kome tilbake dersom det er noko meir du lurer på.

Hugseliste

  • Ver godt førebudd!

  • Vit kva du ønskjer svar på! Lag ei liste med tema og spørsmål.

  • Du må kunne sakene dine, altså ha gode kunnskapar om perioden og temaet.

  • Lat informanten snakke!

  • Ver fleksibel! Kanskje har informanten interessant informasjon om noko du i utgangspunktet ikkje hadde tenkt å spørje om.

  • Ikkje press for hardt dersom du oppdagar at det er noko informanten ikkje vil snakke om.

Etter intervjuet

Etter intervjuet startar det verkelege arbeidet. No må du setje deg ned og systematisere den informasjonen du har fått. Har du teke opp intervjuet på band, kan det vere lurt å skrive ned det som vart sagt, men dette kan ta veldig lang tid.

Det er også i denne fasen at du må drive kjeldegransking.

Det er god skikk at informanten får lese det du skriv eller lagar. Informanten bør få sjå kva du har brukt intervjuet til. Dette vil vere ein garanti for at du ikkje legg ord i munnen på informanten. Samtidig gir det informanten moglegheit til å korrigere dersom han eller ho meiner du har tolka noko feil. Det kan også hende at informanten etter intervjuet har kome på fleire ting som kan vere av interesse for deg.

Tips 3: Korleis føre referansar og litteratur?

Å ha orden på referansar og lage ei ryddig litteraturliste viser at du har forstått kor viktig det er å underbyggje argument og vere påliteleg og reieleg.

Her kan du lese meir om korleis du kan føre referansar og kjelder.

Kvifor oppgir vi kjelder?

"Kva er kjelda?" spør ein ofte i debattar, og ja, det er viktig å oppgi kjeldene sine. Når vi argumenterer for noko, ønskjer vi å vise til kjelder for at argumenta skal få tyngd og truverd. På den måten underbyggjer vi argumentasjonen vår. Kan vi ikkje underbyggje eit argument med kjelder, vil andre lett skulde oss for å kome med lause påstandar som ikkje har rot i verkelegheita. Vis til kjelder, så vil argumentasjonen din bli sterkare!

Oppgir du kjelder, vil du også verke påliteleg. Kjeldereferansar gir lesarane dine moglegheit til å sjekke kjeldene du har brukt, og vurdere om tolkinga di er rimeleg eller ikkje.

"Har du tenkt det sjølv, eller har du det frå nokon?" Det å presentere tankar som sine eigne, mens det i verkelegheita er andre som har tenkt dei, er i praksis tjuveri. Det inneber at du "stel" andre sine tankar. Å stele er ikkje lov, men det er fullt mogleg å låne og bruke andre sine tankar. Det einaste du må gjere, er å seie at det er andre sine tankar. Dette handlar altså om å vere reieleg og anerkjenne andre sine tankar og arbeid. Bruker du andre sine tankar, må du vere reieleg og oppgi kjelda!

Når skal vi vise til kjelder i ein tekst?

Når skal vi oppgi kjelder? Spørsmålet er godt, og derfor ikkje heilt enkelt å svare på. Den generelle regelen er at du skal føre referansar når du låner noko frå andre. Enklast ser vi det når vi siterer noko. Då markerer vi sitatet med hermeteikn ("sitat, sitat, sitat …") og ein referanse. Enkelte gonger siterer vi ikkje direkte frå ein tekst, men skriv om eller formulerer på ein annan måte (parafraserer). Sjølv om det ikkje er eit direkte sitat, låner vi like fullt andre sine tankar, og derfor må vi ha ein referanse. Men dette gjeld ikkje berre tekst. Låner du bilete eller hentar tankar og sitat frå ein dokumentarfilm, skal du også ha med referanse til opphavspersonen.

Skrivetrenaren Karl Henrik Flyum meiner at viss vi stiller oss nokre spørsmål når vi skriv, kan det kanskje bli enklare. Spørsmåla gjeld kva føresetnader vi reknar med at lesaren har:

  1. Kva kan vi ta for gitt, utan eingong å måtte nemne det?

  2. Kva er så velkjent og heva over tvil at vi kan vise til det utan å måtte forklare eller grunngi det?

  3. Kva er så ukjent eller tvilsamt at lesaren veit, at vi må forklare og grunngi det særskilt?

Viss vi går ut frå at momenta er kjende for alle, treng vi verken å forklare eller angi kjelde. Vi treng ingen kjeldereferanse på at Grunnlova vart skriven på Eidsvoll i 1814. Men viss momentet er heilt nytt eller noko som ikkje alle kjenner til, då må vi oppgi kjelde og kome med ei grunngiving eller forklaring på kva det er.

Korleis skal vi føre kjeldene i teksten?

Det er mange måtar å referere til kjelder på, og praksisen kan variere frå skule til skule. Det viktigaste er ikkje at alle gjer det på same måte, men at du fører kjeldene dine på ein konsistent og oversiktleg måte.

Nokon liker å bruke fotnotar. Det er lett å setje inn viss du bruker Word, og det blir lett å lese teksten. Andre liker å bruke parentesar i teksten for å markere referansen, til dømes slik: (Harvard, 2015, s. 23). Her er det altså opp til deg korleis du vil gjere det.

Korleis skal vi føre kjelder i ei litteraturliste?

APA-stilen er ein enkel og ofte brukt referansestil i høgare utdanning. Lærer du deg den, vil du i tillegg vere godt rusta for seinare studium.

For å lære korleis du bruker APA-stilen på ulike typar kjelder, kan du lese meir på APA 7th på Kildekompasset.

Lykke til med påliteleg og reieleg føring av referansar!

Litteratur

Flyum, K. H. (2011). Forberedende øvelser i skisseskriving, kildebruk og drøfting – en verktøymakers verktøy til fagskriving. I K. H. Flyum & F. Hertzberg, Skriv i alle fag! Argumentasjon og kildebruk i videregående skole. Universitetsforlaget.

Tips 4: "Lita" og "stor" historie – korleis gjere det?

I vurderingskriteria til Historiekonkurransen står det at eit godt svar "setter ens egen undersøkelse inn i en større sammenheng". Kva meiner ein eigentleg med det? Korleis får vi det til? Finst det nokre døme?

Å skrive ei forteljing om ein person kan vere spennande i seg sjølv. Kanskje har personen du skriv om, levd eit dramatisk liv med mange spennande episodar og hendingar? Men sjølv om personen ikkje har ei dramatisk historie å fortelje, betyr ikkje det at du har eit dårleg utgangspunkt for å lage eit godt svar.

Anten historia er dramatisk eller handlar om heilt vanlege menneske, er det nokre felles utfordringar. Alle historier blir meir interessante og perspektivrike dersom vi ser dei frå ulike synsvinklar. Viss forteljinga di kan samanliknast med andre historier eller forklarast med større, meir allmenne tendensar, vil det kunne løfte svaret ditt. Sagt på ein annan måte så dreier det seg om å gi det spesielle (forteljinga di om familien) større tyngd og perspektiv ved å sjå det i samanheng med det generelle (til dømes det som står skrive i historiebøker om perioden).

For å gjere dette litt meir konkret tenkjer vi oss at du skal skrive om bestemor di. Vidare kan vi tenkje oss at ho vart fødd rett etter andre verdskrigen, og at ho vaks opp i ein typisk arbeidarklassefamilie. Du kan då beskrive korleis oppveksten hennar var. Det blir den spesielle historia. Kva kan du så gjere for å setje denne forteljinga inn i eit større perspektiv? Éi moglegheit er å finne ut meir om arbeidarklassen på denne tida. Kven høyrde til arbeidarklassen? Kor mange var det? Kvar budde dei? Kva yrke hadde dei? Det du no har funne ut, kan kallast den generelle eller den store historia.

Neste steg kan vere å samanlikne den spesielle historia di om bestemor med den generelle. Er det nokon likskapar eller forskjellar? Verkar livet til bestemor som eit vanleg arbeidarklasseliv, eller var det noko spesielt med henne? Då vil du tydelegare kunne sjå om det var noko spesielt med bestemor di, eller om historia hennar var ganske normal. Det fine er at begge delar er interessant!

Lat oss vidare gå ut frå at bestemor di var den første i familien som gjekk på gymnaset og deretter på universitet. I familiesamanheng vil dette vere unikt, men var det unikt i ein større samanheng? Då må du kanskje prøve å finne ut kor mange andre jenter frå arbeidarklassen som fekk moglegheit til å ta høgare utdanning på same tid. Igjen vil det generelle hjelpe deg med å kaste lys over den spesielle historia di.

Vil det vere mogleg å gjere det motsette og gå frå det generelle til det spesielle? Altså å ta utgangspunkt i den generelle informasjonen du allereie har om ein periode, og så spørje om dette også gjaldt for bestemor di? Det er sjølvsagt mogleg, men det kan vere litt vanskelegare. Det vil mellom anna krevje at du på førehand har sett deg svært grundig inn i den generelle historia.

På den andre sida vil det å kunne mykje om både det spesielle og det generelle vere veldig bra. Jo meir du veit om bestemor di, og jo meir du veit om den generelle historia, jo betre vil du vere i stand til å stille gode spørsmål og gjere relevante koplingar mellom dei to nivåa. Viss du skal intervjue bestemor om livet hennar, vil det vere ein fordel om du kan mykje om den store historia. Då vil du nemleg kunne stille betre spørsmål i intervjuet. Svaret blir altså at jo meir du kan, om både det generelle og det spesielle, jo sterkare står du.

Døme

Dette er eit utdrag frå teksten til ein tidlegare prisvinnar. Teksten handlar om bestefaren til prisvinnaren, som var ein av dei tidlege innvandrarane til Noreg frå Pakistan, og om korleis han opplevde å kome til Noreg.

I dette avsnittet koplar prisvinnaren lita og stor historie saman på ein veldig fin måte. Les teksten, og sjå om du kan finne det. Det er ikkje meir enn nokre få setningar det er snakk om.

På dette tidspunktet hadde morfar allerede vært ansatt hos Allers trykkeri i flere måneder. Det var en lønnet jobb, men langt fra Khans drømmejobb. Selv om morfar aldri direkte ga uttrykk for misnøye over arbeidsplassen, kunne mormor lese hans melankolske ansikt. "Din morfar hadde forandret seg noe voldsomt da jeg møtte han i 1974. Til å begynne med forstod jeg ikke hva som var galt. I brevene han sendte meg, skrev han om hvor godt han hadde det. Etter hvert merket jeg at han var veldig nedfor hver gang han kom hjem fra trykkeriet. Det var vanskelig å få han til å fortelle hva som var galt, men han åpnet seg til slutt. Han fortalte at sjefen på trykkeriet ga han mer å gjøre enn de andre arbeiderne. De behandlet ham urettferdig. Når han skulle på do, ba de han vente for det var "alltid" opptatt." Var det virkelig slik at de behandlet morfar på en slik uverdig måte? Hvis vi ser på det med kritiske øyne er det viktig å huske at det er mormor som gjenforteller. Vi vet også at morfar ble urettferdig behandlet av sin far i ung alder. Kanskje var det derfor han opplevde det slik? Etter å ha studert andre kilder har mormors ord fått mer troverdighet. For det er flere kilder som tyder på at innvandrerne slet på arbeidsplassen. De fikk de tyngste jobbene og hadde lange arbeidsdager. For eksempel forteller norsk-pakistanske Ali til Dagens Næringsliv at han sydde 14–15 timer ved fabrikken Gresshoppa hver dag. Timelønnen var til å begynne med ni kroner, etter hvert økte lønnen til 11–12 kroner timen.

(Zeeshan Elahi Aziz. (2012). Den skinnende solen – skyggesider av integrering. http://www.historiekonkurransen.no/eksempler)

Det er dei fire siste setningane som her er så relevante. Ved å gå til andre kjelder og andre sine forteljingar klarer prisvinnaren å setje denne bestemte delen av bestefaren si historie inn i ein større samanheng. Bestefaren si historie blir støtta opp av forteljingane til andre. Då oppnår forfattaren to ting: Historia blir sannsynleggjord og meir truverdig, samtidig som ho blir plassert inn i ein større samanheng.

Her er eit anna døme. Svaret handlar om oldefaren til forfattaren, som valde å melde seg inn i det norske nazistpartiet Nasjonal Samling (NS) under den andre verdskrigen:

Min oldefar var ikke den eneste nordmann som meldte seg inn i NS. Under okkupasjonen hadde hele 55 000 nordmenn vært innom som medlemmer av partiet for en kortere eller lengre periode.

På to setningar blir oldefars val sette inn i ein større samanheng. I den vidare teksten blir det presentert fleire årsaker til at dei hadde meldt seg inn i NS, mellom anna ideologisk overtyding, økonomiske grunnar og kampen mot kommunismen. Deretter går forfattaren over til å finne ut kvifor oldefaren valde å melde seg inn i Nasjonal Samling.

Stille spørsmål

Å stille spørsmål er alltid ein god ting. Også når du skal prøve å kople lita og stor historie saman, vil spørsmål vere eit godt utgangspunkt og hjelpe deg med å kome i gang. Her har du ei liste med moglege spørsmål du kan stille deg sjølv:

  • Kva veit eg elles om denne perioden, og korleis kan det vere relevant for bestemor si forteljing?

  • Korleis levde fleirtalet av befolkninga på denne tida?

  • Korleis hadde bønder det generelt på denne tida?

  • Familien min la ned garden og flytta til byen. Var det mange som gjorde det same? Kan eg finne nokon kjelder på dette? Statistikk, kanskje?

  • Var det vanleg at …?

  • Var det mange andre som gjorde det same?

Denne teksten er opphavleg skriven av HIFO.

Kjelder

HIFO. (2022, 18. mars). Historiekonkurransen Familien min i historien. http://www.historiekonkurransen.no/

HIFO. (2022, 18. mars). Tips & råd. Historiekonkurransen Familien min i historien. http://www.historiekonkurransen.no/tips

HIFO. (2021). Historiekonkurransen Familien min i historien. Skoleåret 2021/2022. [Brosjyre]. http://historiekonkurransen.no/images/uploads/brochure-2021-lowres.PDF

CC BY-SASkrive av Karsten Korbøl. Rettshavar: HIFO
Sist fagleg oppdatert 12.04.2022

Læringsressursar

Å utforske fortida