Tidsmaskina
Sjå gjerne videoen under om hittebarnet Cathrine som innleiing til Tidsmaskina.
Tidsmaskina er eit slags digitalt escape room, eller på norsk: kodekammer. Det fungerer litt annleis enn tradisjonelle kodekammer. Her får de lov til å "jukse" så mykje de vil. Det kan vere lurt å vere to eller tre som speler saman. Éin har Tidsmaskina på skjermen sin, mens dei andre kan søke etter informasjon på eigen PC eller mobil. Det kan også vere lurt om gruppene spreier seg litt rundt, sidan spelet er best med lyden på.
Målet med spelet
I Tidsmaskina skal de finne ut kva år de har komme til. Undersøk rommet og bruk informasjon på nett eller i bøker for å fastsetje årstalet. Årstalet skal plottast inn i Tidsmaskina, som står i naborommet i spelet. I det siste rommet er det ein annan type oppgåve. Sjekk Tidsmaskina igjen for å få hjelp til den siste oppgåva.
Tips: Viss du til dømes finn ei bok frå 1952, betyr ikkje det at du har komme til 1952. Det betyr berre at det ikkje kan vere tidlegare enn 1952. Bruk rettesnorene i rommet til å snevre inn det moglege tidsrommet.
Etterarbeid
Undervegs følger de nokre personlege historier. Det er eitt tema som går igjen i dei. Når de er ferdige med spelet, skal de jobbe vidare med å utforske dei ulike historiene de har møtt på tidsreisa. Til slutt kan de også bruke nokre av temaa frå Tidsmaskina som utgangspunkt for vidare utforsking. De finn informasjon om dette under spelet.
God tur!
I denne oppgåva skal de pusle saman brikkene i dei ulike historiene og finne samanhengen mellom dei. De skal bruke ein puslespelmetode som blir forklart undervegs.
Førebuingar
Del dykk inn i basisgrupper på fire elevar. Viss det ikkje går opp, kan de vere fem på nokre av gruppene. Då må to elevar på desse gruppene jobbe med same person.
Fordel personane under på medlemmene i gruppa. Gruppemedlemmene skal no bli ekspertar på kvar sin person frå Tidsmaskina.
Jobb individuelt i 20 minutt. Fordjup deg i dei oppgitte kjeldene og svar på spørsmåla under personen din. Bruk gjerne andre ressursar òg.
Sett dykk saman i ekspertgrupper og jobb saman i 10 minutt. Dei som har fordjupa seg i same person, skal no sitje saman. Del det de har funne ut. Hjelp kvarandre til å forstå og bli einige om kva som er viktigast. Førebu dykk på korleis temaa dykkar skal presenterast for basisgruppa.
Sett dykk tilbake i basisgruppene, og presenter for kvarandre det de har funne ut. Presenter i rett rekkefølge. Kvar ekspert får 4–5 minutt til å presentere.
Diskuter i gruppa. Bruk 3–4 minutt på kvart spørsmål:
Kva er hovudtema for Tidsmaskina, trur de?
På kva måte er personane i Tidsmaskina knytte til kvarandre? Er det fleire ting som bind dei saman?
Kva er dei viktigaste historiske endringane som kjem fram i Tidsmaskina?
Kva viser Tidsmaskina om betydninga av sosial status?
Anna Rogstad var første kvinne på Stortinget. Kva andre roller har kvinner måtta kjempe for å få tilgang til? Hint: Ei av dei er nemnde i Tidsmaskina.
Kva andre grupper enn kvinner har måtta kjempe for myndiggjering og rettar i norsk historie? Hint: Her er også ei nemnd i Tidsmaskina.
Korleis kan personlege forteljingar gi eit anna perspektiv på historia enn vanlege historiebøker?
Tidsmaskina kan vere eit fint utgangspunkt for utforsking. Her er nokre forlag til tema de kan utforske vidare:
"ekte" og "uekte" barn
graviditet, giftarmål, ære og skam
dei Castbergske barnelovene
abortsaka
mødreheim
kampen for kvinners rettar
kampen for rettane til homofile
kvinnelege prestar
kvinner i politikken
Relatert innhald
Kampen for kvinners likestilling vart viktig i andre halvdel av 1800-talet.
Kampen for kvinners myndiggjering og likestilling var viktig gjennom 1900-talet.