Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Introducción: Estudiar en el extranjero

Cada año muchos alumnos y alumnas viajan al extranjero para vivir y estudiar allí. ¿Te gustaría a ti también pasar un año en otro país?
To elevar står med ryggen til og ser på eit stort verdskart på ein vegg. Foto.

1. Reflexión

Eit utvekslingsår er ei oppleving for livet. Hadde du tort å reise til utlandet for å gå på skule og bu hos ein vertsfamilie i eit år? Diskuter i par eller små grupper. Prøv på spansk! Snakkehjelpa i tekstboksen hjelper deg.

  • ¿Conoces a alguien que ha estado de intercambio? Kjenne du nokon som har vore på utveksling?

  • ¿Te gustaría irte de intercambio? ¿Por qué sí? / ¿Por qué no? Kunne du tenke deg å dra på utveksling? Kvifor eller kvifor ikkje?

  • ¿Adónde te gustaría ir? ¿Por qué? Kvar kunne du tenke deg å dra? Kvifor?

  • ¿Cuáles son las ventajas de hacer un intercambio? Kva er fordelane ved å dra på utveksling?

  • ¿Cuáles son las desventajas de hacer un intercambio? Kva er ulempene ved å dra på utveksling?

  • ¿Cómo te puedes adaptar a un estilo de vida / una cultura diferente? Korleis kan ein tilpasse seg ein annleis levemåte/kultur?

2. ¡Busca más información!

Dei fleste som dreg på utveksling eller språkreise, reiser via ein organisasjon. Viss du ikkje vil vere borte eit heilt år, er ei kortare språkreise òg eit fint høve til å utfordre seg sjølv, bli meir sjølvstendig og lære meir om språk og kultur. Søk på nettet, og finn svar på spørsmåla nedanfor. Ta notat undervegs, og ta vare på notata dine til seinare.

  • Kvar kan du reise på utveksling eller språkreise som elev i vidaregåande skule i Noreg?

  • Kva organisasjonar tilbyr utveksling og språkreiser?

  • Kor lenge varer ei språkreise? Kva lærer ein? Kva kan ein oppleve? Korleis bur ein?

  • Kor lenge varer eit utvekslingsopphald? Kva kan ein lære og oppleve? Kva slags skule går ein på? Korleis bur ein?

  • Kva kostar det å dra på språkreise eller utveksling?

  • Vel ein stad du kunne tenke deg å dra på utveksling eller språkreise til, og grunngi kvifor du vil reise akkurat hit.

Del funna dine med ein medelev, og avslutt med ei felles oppsummering i klassen.

CC BY-SASkrive av Kristina Victoria Vahl.
Sist fagleg oppdatert 04.03.2024

Læringsressursar

Un año diferente