Ejercicios: De México a Noruega
Kva hugsar du frå videoen med Melisa frå Mexico? Vel rett svar.
Her er eit utdrag av det Melisa seier i videoen (fordelt på to sider).
Kva betyr orda du skal plassere? Prøv å forstå dei ut frå konteksten dei står i. Set gjerne om med ein medelev.
Flytt orda til rett plass.
Set om teksten til norsk.
Samanlikn omsetjinga med fasiten i boksen "Traducción".
Ada har vore på utveksling i Spania. Høyr kva ho fortel om opplevinga!
A. Ada, de Noruega
Sjå videoen og prøv å få med deg hovudinnhaldet. Skriv ned deloverskriftene.
Sjå videoen ein gong til, og noter nokre stikkord til kvar deloverskrift.
Les gjennom transkripsjonen av videoen.
Snakk to og to: Kva forstod de? Korleis har Ada hatt det i Spania?
B. Un vídeo interactivo
Sjå videoen på nytt, og prøv å få med deg så mange detaljar som mogleg. Svar på spørsmåla som poppar opp undervegs.
Melisa og Ada fortel om fordelar og nokre ulemper/utfordringar med å dra på utveksling.
A. Haz una lista
Lag ein tabell som den nedanfor. Kor mange fordelar og ulemper/utfordringar klarer du å komme på? Ta utgangspunkt i det Melisa og Ada seier, og legg til det du sjølv kjem på.
Gå i par eller små grupper, og del det de har notert. Legg til fordelar og ulemper/utfordringar som du sjølv mangla.
Felles oppsummering i klassen: Del tavla i to og skriv "ventajas" på den eine sida og "desventajas" på den andre. Fyll tavla med stikkord om fordelar og ulemper/utfordringar med å dra på utveksling. Elevar frå dei ulike gruppene byter på å gå opp og skrive.
ventajas | desventajas |
---|---|
aprendes idiomas | es muy caro |
puedes hacer nuevos amigos | echas de menos a tu familia |
... | ... |
B. Pregunta y contesta
Jobb saman i par. Les spørsmålet høgt, og set det om til norsk. Sjekk fasiten.
Svar på spørsmålet, først på norsk, så på spansk. Her er det ingen fasitsvar, de må tenke sjølve! Gå vidare til neste kort.