Ejercicios: Bienvenidos a Madrid
Kva seier Lorena frå Madrid? Er påstandane rette eller gale, eller blir dei ikkje nemnde?
Madrid har mange sjåverdigheiter og landemerke. Kva for nokre ser du her?
Vi bruker futurum for å snakke om noko vi skal eller kjem til å gjere. På spansk har vi to variantar: ir + a + infinitiv og å bøye verbet i futuro simple (enkel futurum).
Practica el futuro
El futuro con ir + a + infinitivo
Øv på å bruke framtid med ir + a + infinitiv.
El futuro simple
Øv på å bruke futuro simple.
Familien din planlegg ein tur til Madrid. Skriv ein dialog mellom deg og ein av dei vaksne.
Den vaksne din fortel om planane for turen. De skal besøke eit kunstmuseum, eit historisk museum og ein park.
Du synest det høyrest litt kjedeleg ut. Foreslå minst to ting du heller vil sjå eller gjere, og grunngi kvifor.
Finn ei løysing som alle er fornøgde med.
Bruk futurum (du kan sjølv velje kva form) når de snakkar om planane for turen.
Jobb to og to og lag ein dialog. Elev A er tilsett i et reisebyrå. Elev B vil bestille ei reise til Madrid. Bruk futurum når de snakkar om turen.
Elev A
Hels på kunden og spør kva du kan hjelpe til med.
Sei at du har eit godt tilbod, og beskriv det: fly, hotell, overnatting.
Svar på spørsmåla frå kunden.
Ønsk kunden god tur.
Elev B
Hels på den tilsette og sei at du gjerne vil reise til Madrid for ei helg.
Still spørsmål til tilbodet reisebyrået har.
Takk ja til tilbodet.
Sei takk for hjelpa.
Både innbyggarane og turistane elskar Retiroparken. Bli med til ein av Madrids mest kjende parkar, og møt nokon av dei som besøker parken.
A. Preguntas y respuestas
Les og set om spørsmåla. Kva svarer dei som blir spurde?
¿Vienes mucho al Retiro?
¿Qué sueles hacer aquí?
¿Qué lugar del Retiro te gusta más?
B. Opcional: Mi lugar favorito
Fortel om ein stad du sjølv gjerne besøker. Svar skriftleg på spørsmåla. Jobb så i par og spør og fortel kvarandre.
¿Vienes mucho a este lugar? (Kjem du ofte til denne staden?)
¿Qué sueles hacer aquí? (Kva pleier du å gjere her?)