Hopp til innhald
Oppgåve

Tareas: Mi Madrid

Trabaja con ejercicios sobre el tema "Mi Madrid". Haz un vídeo o un collage y muestra tus lugares favoritos.

1. Un collage: Mi Madrid

Du er på storbyferie i Madrid og tek mange fine bilete på turen. Når du kjem heim, bestemmer du deg for å lage ein som du kan henge på veggen.

  • Finn bilete som viser kva du opplevde i Madrid, og set dei saman til ein kollasj. Lag ei kjeldeliste som viser kvar du har funne bileta.

  • Jobb med komposisjonen. Komposisjon handlar om å setje saman delar til ein heilskap for å skape eit uttrykk.

  • Skriftleg og/eller munnleg: Fortel om opplevingane, og kommenter biletet du har sett saman. Bruk glosehjelpa i boksen.

2. Mis lugares favoritos

Bruk videoen Mi Madrid som inspirasjon. Jobb i par eller grupper, og lag ein video på 2–4 minutt der de viser fram minst ein favorittstad kvar frå der de bor.

  • Les transkripsjonen under videoen Mi Madrid og noter setningar og uttrykk de treng. Bruk òg snakkehjelpa i boksen "Vocabulario para hablar".

  • Lag eit manus.

  • Øv godt på eigne replikkar før de speler inn videoen.

CC BY-SA 4.0Skrive av Anna Maria Holvik.
Sist fagleg oppdatert 15.04.2024