Hopp til innhald
Fagartikkel

Om faget spansk 2

Velkommen til spansk 2 på NDLA! Faget er no klart til bruk, men vi kjem til å fylle på med grammatikk og nokre nye læringsressursar i løpet av skuleåret 2024–2025.

Spansk 2 på NDLA

Faget spansk 2 på NDLA er utvikla i tråd med læreplanen for framandspråk og dekker kompetansemåla for nivå 2, det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap og kjerneelementa. Faget gir elevane grunnleggande ferdigheiter i framandspråk. Ressursane i faget kan brukast i spansk 1+2 frå vg2, men dekker ikkje nybyrjaropplæringa i vg1. I emnet Om faget finn du årsplan, læringstips og ressursar knytte til eksamen.

Utdanningsdirektoratet: Læreplan i framandspråk

Innhald og struktur

God struktur og jamn progresjon er viktig i framandspråk. Faget er delt inn i elleve leksjonar, og vanskegraden i leksjonane aukar gradvis. Vi tilrår derfor at ein jobbar med leksjon 1–5 i vg1 og leksjon 6–10 i vg2. Leksjon 11 tek for seg ulike kulturelle uttrykk og kan jobbast med før feriar eller når ein treng eit lite avbrekk.

Emne

Kvar leksjon består av to til tre ulike emne. For å sikre valfridom og fleksibilitet er emna bygde opp uavhengig av kvarandre. Ein kan derfor velje om ein vil jobbe med fleire emne i ein leksjon eller berre eit.

Nesten alle emna i faget er strukturerte på same måte. Emnestrukturen sørger for djupnelæring ved at du jobbar med mange ulike ressursar innanfor same emne over tid. Emna inneheld følgande ressursar, fordelte på ulike sider:

  1. Introducción: Introduksjonen førebur deg på det aktuelle temaet ved å aktivisere forkunnskapar og skape interesse. Her er det fokus på munnleg aktivitet og interaktive oppgåver.

  2. Fagstoff: Fagstoffsida inneheld ein , tips til korleis du bør jobbe med teksten, og ei gloseliste. Læraren styrer lyden. Det er viktig å bruke gode lytte- og lesestrategiar og å jobbe godt med teksten. Når du er ferdig, kan du øve på glosene.

  3. Ejercicios: På denne sida finn du øvingar som er direkte knytte til teksten. Dei interaktive oppgåvene let deg prøve og feile, lære av feila dine og prøve på nytt. Du får øvd og repetert fagstoff, ordtilfang og grammatikk, både åleine og i par.

  4. Tareas: Desse litt større munnlege og skriftlege oppgåvene let deg prøve ut det du har lært, i nye og "ekte" situasjonar. Det lærer du mykje av! Vel éi av oppgåvene og utarbeid eit produkt åleine eller saman med nokon. Du får god støtte i form av snakke- og skrivehjelp.

Samarbeid og kommunikasjon

Språk er noko vi lærer heile livet, men korleis? Vi lærer språk best når vi kan bruke det i samspel med andre. Derfor oppmuntrar mange av oppgåvene til samarbeid med andre elevar. Vi lærer òg av å gjere feil når vi prøver ut ulike måtar å bruke språket på. Derfor er det viktig at du føler at du kan prøve og feile saman med medelevane dine, og at de er trygge på kvarandre. Då lærer de mykje meir!

Tenk over og diskuter

  1. Kva kan du gjere for å skape eit trygt og godt læringsmiljø i spansktimane?

  2. Korleis kan du støtte medelevane dine i arbeidet med å lære spansk?

Grammatikk

Øvingsgrammatikken inneheld både reglar og oppgåver. Her lærer du korleis språket er bygd opp, og du øver på å bruke språket rett. Ressursane kan brukast i undervisninga eller som eit oppslagsverk der du slår opp det du lurer på. Etter ein vurderingssituasjon kan læraren òg lenke til tema her som du treng å øve meir på. Dei interaktive oppgåvene innanfor eit tema er lagde i små bøker der du blar deg bortover. Vanskegraden aukar etter kvart, så ikkje fortvil om du ikkje klarer alt!

Video og bilete

Bilete og videoar frå spansktalande land gjer oss betre kjende med kulturen og menneska som bur her. Du finn derfor mange bilete og videoar i ressursane våre. Ungdommane du møter i videoane, er for det meste elevar på vidaregåande skule i Spania og Noreg. Dei har skrive manus sjølve, noko som gjer at videoane verkar ekte. Bilete hjelper oss å forstå innhaldet i tekstar og videoar. God visuell støtte er derfor til stor hjelp når ein lærer eit språk.

Poddkast

I leksjon 10 finn du podkastserien Encuentros culturales som består av seks korte episodar. Her møter du Ramiro frå Argentina og Andrea frå Spania som begge bur i Noreg. Dei snakkar om kulturelle forskjellar mellom Noreg og heimlandet sitt. Episodane kan brukast som lytteøvingar og ekstraressursar knytte til temaa dei tek opp: å flytte til eit nytt land, musikk, idrett og friluftsliv, familie og venner, skikkar og levemåtar og samfunnsforhold.

Litteratur

I leksjon 9 La princesa Cristina de Tunsberg ligg den premierte teikneserien Kristina av Tunsberg omsett til spansk. Teikneserien, som er på nesten 50 sider, eignar seg godt til eit tverrfagleg samarbeid i spansk og eldre historie (vg2). Ein kan til dømes lese heile eller delar av den norske teksten i historietimane og eit utdrag av den spanske omsetjinga i spansktimane. Klassen blir delt i grupper som får tildelt kvar si scene.

Kodekammer

I leksjonen La princesa Cristina de Tunsberg er det mange spennande oppgåver og aktivitetar til teikneserien og om det eventyrlege livet til Kristina. I løpet av hausten 2024 kjem det òg eit kodekammer, som er eit digitalt escape room. Her kan du gå i Kristinas fotspor og følge pilegrimsvegen Camino de San Olav som startar i Burgos og sluttar i Covarrubias, der Kristina ligg gravlagd. For å nå målet må du løyse ei rekke oppgåver undervegs. Tek du utfordringa?

Film

Å sjå filmar frå spansktalande land hjelper oss å forstå språket og kulturen i desse landa betre. Når du jobbar med film, lærer du mykje samtidig som du blir underhalden. I leksjon 11 El rincón cultural finn du emnet Películas. Her ligg den spanske spelefilmen Carmen y Lola og eit undervisningsopplegg til filmen. Nedst i emnet ligg det òg ei lærarrettleiing med oversikt over oppgåver og aktivitetar, tips til gjennomføring og forslag til vurdering.

Universell utforming

Universell utforming av læringsressursane er viktig for oss i NDLA. Alle videoane våre har undertekst, og dei finst òg i synstolka versjon der det er aktuelt. Bilete og illustrasjonar har alternativ tekst som beskriv motivet. Tekstane er koda med språk, slik at skjermlesarar les opp rett språk, anten det er norsk eller spansk tekst. Dette er dessverre ikkje på plass i dei interaktive oppgåvene enno, men det blir jobba med utvikling av støtte for ulike språk her òg.

Spør oss!

Vi håper du synest ressursane våre er interessante, lærerike, morosame og litt utfordrande! Viss du har spørsmål eller kommentarar, kan du kontakte oss via "Spør NDLA"-knappen på fagframsida, eller du kan sende ein e-post til Anna Maria Holvik, læremiddelansvarleg for språkfag (annamaria.holvik@ndla.no).

CC BY-SA 4.0Skrive av Rebecca Elisabeth Mohr Tovslid og Anna Maria Holvik.
Sist fagleg oppdatert 03.09.2024