Hopp til innhald
Rettleiing

Årsplan i spansk 2

Her finn du ein årsplan for spansk 2 og dessutan tips til korleis du kan jobbe med faget.

Innhald og struktur

God struktur og jamn progresjon og er viktig i framandspråkundervisninga. Faget spansk 2 på NDLA er inndelt i elleve leksjonar, og vanskegraden i leksjonane aukar gradvis. Vi tilrår derfor at de jobbar med dei første leksjonane i vg1 og de siste leksjonane i vg2. Leksjon 11 tek for seg ulike kulturelle uttrykk og kan jobbast med til dømes før feriar eller når de treng eit lite avbrekk.

Emne

Kvar leksjon består av to eller tre ulike emne. For å sikre valfridom og fleksibilitet er emna bygde opp uavhengig av kvarandre. Ein kan derfor velje om ein vil jobbe med fleire emne i ein leksjon eller berre eit.

Nesten alle emna i faget er strukturerte på same måte. Emnestrukturen sørger for djupnelæring ved at elevane jobbar med mange ulike ressursar innanfor same emne over tid. Emna inneheld følgande ressursar, fordelte på ulike sider:

  1. Introducción: Introduksjonen førebur elevane på det aktuelle temaet ved å aktivisere forkunnskapar og skape interesse. Her er det fokus på munnleg aktivitet og interaktive oppgåver.

  2. Fagstoff: Fagstoffsida inneheld ein , tips til korleis ein bør jobbe med teksten, og ei gloseliste. Du som lærar styrer lyden og hjelper elevane å bruke gode lese- og lytte-strategiar mens dei jobbar med teksten. Dei som jobbar raskt, kan øve på glosene til teksten.

  3. Ejercicios: På denne sida er det øvingar som er direkte knytte til teksten. Dei interaktive oppgåvene let elevane prøve og feile, lære av feila sine og prøve på nytt. Dei får øvd og repetert fagstoff, ordtilfang og grammatikk, både åleine og i par.

  4. Tareas: Desse litt større munnlege og skriftlege oppgåvene let elevane prøve ut det dei har lært, i nye og "ekte" situasjonar. Tanken er at dei vel éi av oppgåvene og utarbeider eit produkt åleine eller saman med nokon. Her får elevane god støtte i form av snakke- og skrivehjelp.

Merk: I nokre få emne har vi av praktiske årsaker samla fagstoff og tilhøyrande øvingar på same side.

Årsplan

Faget inneheld eit breitt spekter av ressursar, og dei er alle inkluderte i denne årsplanen for å gi deg ei fullstendig oversikt over emna. Gjer deg kjend med stoffet slik at du kan gjere eit utval og tilpasse planen til behova til elevane.

CC BY-SA 4.0Skrive av Rebecca Elisabeth Mohr Tovslid.
Sist fagleg oppdatert 26.08.2024