Informasjon om skriftleg eksamen
I emnet Vurdering og eksamen finn du nyttig informasjon om eksamen og oppgåvetypane du vil møte. Emnet inneheld òg oppgåver som liknar dei du møter på eksamen. Dei fleste av desse oppgåvene har fasit eller ei løysingsrettleiing. Vi håper dette blir nyttig når du skal førebu deg.
Skriftleg eksamen i spansk blir gitt sentralt og er den same for elevar i heile Noreg. Det er lurt å gjere seg kjend med ressursane som ligg på Utdanningsdirektoratet (Udir) sine nettsider for eksamen. Der finn du generell informasjon om eksamen, eksamensrettleiing med vurderingskriterium og dessutan tidlegare gitte eksamensoppgåver som du kan bruke for å øve. Gjer du deg godt kjend med det som ventar, kan eksamensdagen bli mindre stressande.
Sidan oppgåvene hos Udir ikkje har fasit, kan det vere lurt å alliere seg med nokon andre i klassen, med læraren eller med andre du veit er flinke i spansk, når du skal jobbe med oppgåvene. Då kan de diskutere det som er vanskeleg, og finne løysingar saman.
Eksamensrettleiingar med vurderingskriterium på Utdanningsdirektoratets nettsider
Tidlegare gitte eksamensoppgåver på Utdanningsdirektoratets nettsider
Passord for oppgåvene
Du treng passord for å komme til oppgåvene hos Udir. Dette passordet blir endra frå tid til anna. Søk på nettet, eller spør læraren din for å få det nyaste passordet. Passordet våren 2024 er "Eksamen".
Jo betre du kjenner til oppgåvetypane du kan møte på eksamen, desto tryggare vil du kjenne deg på sjølve eksamensdagen!
Skriftleg eksamen i framandspråk består av to delar:
del 1 (lesing). Denne delen har fire leseforståingsoppgåver.
del 2 (skriving). Denne delen har tre skriveoppgåver.
Del 1: Lesing
Del 1 av eksamen består av oppgåver som testar leseforståing. Denne delen blir vurdert automatisk. Oppgåvetypane varierer, men her er ei oversikt over dei vanlegaste typane.
Vurdering av påstandar (sant eller usant)
I denne typen oppgåve les du ein tekst på spansk og vel deretter om påstandane, som står på norsk, er sanne, usanne eller ikkje blir nemnde i teksten.
Samankoplingar med tekst
Her skal du kople saman korte tekstar eller tekst og bilete.
Vel rett ord
I denne typen oppgåve får du vanlegvis ein samanhengande tekst som forklarer eller beskriv noko. Teksten manglar nokre ord som skal plasserast på rett stad. Nokre ord pleier å bli til overs.
Vel rett ord blant fleire alternativ
Denne oppgåvetypen er nokså lik den førre. Også her skal du plassere ord på rett stad i ein tekst, men no skal du velje rett ord frå ei liste. Alternativa står ofte lista opp i ein nedtrekksmeny (rullegardin), men dei kan òg stå i parentes: (x/x/x).
Del 2: Skriving
I del 2 skal du gjere deg forstått på spansk ved å bruke det du har lært i faget. Du skal svare på noko du les (interaksjon), vidareformidle informasjon (mediering) og produsere ein tekst i ein gitt samanheng (skriftleg produksjon).
Skriveoppgåvene varierer i lengde, men ei lengde på mellom 80 og 220 ord er vanleg. Som regel begynner du med å skrive ein kort tekst for så å skrive to litt lengre tekstar. Du blir beden om å skrive ulike typar tekstar, som til dømes e-post, meldingar, innlegg, kommentarar og korte forteljingar.
Hjelpemiddel er kjelder som læreboka, NDLA, eigne notat, ordbøker og andre verktøy. På eksamensdagen er dei fleste hjelpemidla tillatne, men med nokre viktige unntak:
Du har ikkje lov til å kommunisere med andre under eksamen. Det betyr at du ikkje kan bruke samskriving, chat eller liknande.
Du kan ikkje bruke omsetjingsprogram.
Du kan ikkje bruke kunstig intelligens som chatbots/praterobotar eller tilsvarande teknologi.
Du skal skrive svaret ditt rett inn i tekstboksen. Det er ikkje tillate å kladde i eit anna program og så klippe og lime inn svaret.
På eksamensdagen får du berre tilgang til nokre få nettsider. Du finn ei oppdatert oversikt over nettbaserte hjelpemiddel på VIGOs nettsider.
Når du bruker kjelder, er det viktig at du oppgir dei i ei kjeldeliste. Det er viktig å få vist at du kan bruke kjelder på ein god måte, så bruk litt tid på å lage kjeldeliste. Alle eksamenssvar blir kontrollerte for plagiat. Bruker du kjelder utan å oppgi dei, kan det ha konsekvensar for vurderinga av svaret ditt.
Øv deg på å skrive kjelder så tidleg som mogleg i skuleåret, slik at du blir kjend med korleis det skal gjerast. Bruk gjerne Kildekompasset for å finne ut korleis du oppgir kjelder på rett måte, eller besøk NDLAs nettsider om kjeldebruk.
Har du til dømes brukt noko du hugsar frå boka, bør du oppgi ho som kjelde. Hugs at det berre er kjelder andre kan finne igjen og bruke, som skal vere med i ei kjeldeliste. "Læraren sa det" eller "mitt eige hovud" skal derfor ikkje vere med på kjeldelista.