Hopp til innhald

Fagstoff

Vurdering av skriftleg eksamen

Korleis blir skriftleg eksamen vurdert? Her får du vurderingskriterium, poengskalaer og eit døme på karaktersetjing. Bruk dei saman med eksempeloppgåva vår for spansk 2.

Generelt om vurdering av eksamen

Skriftleg eksamen i framandspråk består av to delar: lesing og skriving. Kandidaten får poeng for kvart oppgåvesvar, og summen av poenga gir den endelege karakteren.

Lesing tel 35 prosent av den totale poengsummen, mens skriving tel 65 prosent. NB! Kandidaten må bestå begge delane, altså få minst karakteren 2 både i lesedelen og i skrivedelen, for å bestå heile eksamen.

Kvart år utarbeider Utdanningsdirektoratet eksamens- og sensorrettleiingar. Vurderingskriteria og poengskalaene kan variere frå år til år. Her tek vi utgangspunkt i "Eksamensveiledning for fremmedspråk nivå I og II, vår 2024" og "Veiledning for sensur for eksamen vår 2023". Begge rettleiingane ligg på nettsidene til Utdanningsdirektoratet.

Del 1: Leseforståing

Leseforståingsoppgåvene på eksamen blir retta og vurderte automatisk. I eksamenssettet vårt får elevane oppgitt kor mange poeng dei oppnår på kvar oppgåve, men poenga blir ikkje summerte automatisk eller gjort om til ein karakter. Derfor bør elevane skrive ned poenga dei får når dei svarer på oppgåvene, og summere dei til slutt. Tabell A viser ein poengskala for leseforståingsdelen.

Tabell a: poengskala for del 1

Talet på poeng

Karakter

27–29

6
22–265
17–214
13–163
9–122
0–81

Del 2: Skriveoppgåver

Svara i denne delen må vurderast av ein sensor. Vurderingskriteria har poeng i staden for inndelinga høg, middels og låg måloppnåing som vart brukt tidlegare. Svara på skriveoppgåvene blir vurderte både éin og éin og i sin heilskap.

Det er lurt å trene elevane på å

  • ha med alle punkta som oppgåva spør om (det aukar relevansen til svaret)

  • skrive så mange ord som oppgåva krev

  • forstå kva som ein meiner med at teksten er tilpassa mottakaren eller situasjonen

  • kontrollere språket slik at kvaliteten av svaret aukar

  • legge seg på eit passande nivå når det gjeld setningsstruktur, det vil seie å lage enklare setningar der dei klarer å handtere ordstilling, verbbøying og så vidare i staden for å bygge avanserte setningar med fleire ledd

Vurdering av kvar enkel oppgåve

Kvar skriveoppgåve blir vurdert individuelt. Fokus ligg på kor relevant innhaldet er, og kor godt teksten kommuniserer. Bruk tabell B for å vurdere svara.

tabell b: vurdering av kvar enkelt skriveoppgåve (Maks 6 poeng per oppgåve)

3 poeng

2 poeng

1 poeng

0 poeng

Relevant svar på oppgåva

Teksten er eit relevant og utfyllande svar på oppgåva.Teksten er eit relevant svar på oppgåva.Teksten er eit delvis relevant svar på oppgåva.Teksten svarer ikkje på oppgåvebestillinga, eller manglar.

Kommunikasjon

Teksten er tilpassa

mottakaren/situasjonen*.

Teksten er lett å forstå og inneheld språklege strukturar som er korrekte**.

Det er få feil som forstyrrar kommunikasjonen.

Teksten er delvis tilpassa

mottakaren/situasjonen*.

Teksten er lett å forstå og inneheld språklege strukturar som stort sett er korrekte**.

Det kan finnast feil som forstyrrar kommunikasjonen.

Teksten er til ei viss grad tilpassa

mottakaren/situasjonen*.

Teksten er delvis vanskeleg å forstå og inneheld ein del språklege strukturar som ikkje er korrekte**.

Det er feil som forstyrrar kommunikasjonen.

Svaret kommuniserer ikkje godt nok til å få utteljing.

* ta med dersom det er relevant for oppgåva

** språklege strukturar = at språket i svaret følger vanlege mønster for språket

Heilskapsvurdering

Her blir skrivekompetansen til eleven vurdert i sin heilskap. Det blir gitt poeng for grammatikk, setningsstruktur, vokabular, rettskriving og språkhandlingar. Bruk tabell C for å vurdere alle skriveoppgåvene samla.

tabell c: heilskapleg skrivekompetanse (maks 16 poeng)

4 poeng

3 poeng

2 poeng

1 poeng

0 poeng

Grammatikk*

(maks 3 poeng)

---

Grammatikken er stort sett korrekt.

Grammatikken er delvis korrekt.

Grammatikken er ofte ukorrekt.

Grammatikken i svaret ligg under det nivået som kan forventast på nivå II.

Setningsstruktur

(maks 4 poeng)

Setningsstrukturen er korrekt.Setningsstrukturen er stort sett korrekt.Fleire setningar har ukorrekt struktur.Mange setningar har ukorrekt struktur.Setningsstrukturen i svaret ligg under det nivået som kan forventast på nivå II.

Vokabular

(maks 4 poeng)

Vokabularet er rikt** (fordi eleven viser god kunnskap i språket og/eller bruker hjelpemiddel på ein god måte).Vokabularet er variert og passar godt inn i samanhengen.Vokabularet er mindre variert og passar ikkje alltid godt inn i samanhengen.Vokabularet er upresist og passar ofte dårleg inn i samanhengen.Vokabularet i svaret ligg under det nivået som kan forventast på nivå II.

Rettskriving

(maks 1 poeng)

---------Rettskrivinga inneheld få feil.Rettskrivinga i svaret ligg under det som kan forventast på nivå II.

Språkhandlingar

(maks 4 poeng)

Informerer,

fortel,

beskriv og

grunngir på

ein sjølvstendig

måte.

Informerer,

fortel,

beskriv og

grunngir

på ein god måte.

Informerer,

fortel,

beskriv og

grunngir på ein

enkel måte.

Informerer,

fortel,

beskriv og

grunngir på ein

svært enkel

måte

Svaret gir ikkje

tilstrekkeleg

grunnlag for å

vurdere

språkhandlingar.

*Med grammatikk siktar ein her til verbbøying, substantivbøying og andre former for ordbøying som er relevante for oppgåvene og nivå.

**Kva eit rikt vokabular er, vil variere frå språk til språk. Dette kan til dømes vere at svaret har breidde og variasjon i ordval.

Døme på karaktersetjing

Her kjem eit døme på korleis ein vurderer eksamensoppgåvene og reknar ut sluttkarakteren.

Del 1: Leseforståing

Ein elev har oppnådd 18 av 27 poeng i del 1. Ifølge tabell A får eleven altså karakteren 4 på lesedelen.

Del 2: Skrivedel

Vurdering av kvar enkel oppgåve

Først vurderer ein kvar av dei tre skriveoppgåve individuelt ved hjelp av tabell B.

  • Eleven vår har fått 1 poeng på skriveoppgåve 1. Svaret er delvis relevant, men kommuniserer dårleg.

  • I skriveoppgåve 2 har eleven svart relevant på delar av oppgåva, og språket kommuniserer sjølv om feil forstyrrar kommunikasjonen. Ein forstår likevel innhaldet i svaret, og eleven får då 2 poeng på denne oppgåva.

  • I skriveoppgåve 3 er svaret relevant (eleven svarer på alle delar av oppgåva) og språket kommuniserer nokså godt og er stort sett korrekt. Eleven får 4 poeng.

Totalt får eleven altså 7 av 18 moglege poeng.

Heilskapsvurdering

Så bruker ein tabell C for å vurdere skrivekompetansen til eleven i sin heilskap. Eleven i dømet vårt får 2 poeng for grammatikk, 3 poeng for setningsstruktur, 2 poeng for vokabular, 1 poeng for rettskriving og 2 poeng for språkhandlingar.

Totalt får eleven altså 10 av 16 moglege poeng.

Karakter på del 2

Etter at alle oppgåvene er vurderte, både individuelt og i sin heilskap, blir poenga for skrivedelen summerte og karakteren på denne delen sett ut frå ein poengskala (sjå tabell D nedanfor). Eleven i dømet vårt har fått 17 av 34 moglege poeng og får dermed karakteren 3 på del 2.

tabell d: poengskala for skrivedelen

Sum av poeng for skriving

Karakter

33–346
28–325
22–274
16–213
11–152
0–101

Samla vurdering

For å rekne ut samla karakter gjeld følgande reknestykke: karakter på del 1 + karakter på del 2 + karakter på del 2. Så bruker ein tabellen nedanfor for å bestemme samla karakter.

Hugs at begge delane må vere bestått for å bestå heile eksamen. Om ein elev til dømes har fått karakteren 6 på del 1 og karakteren 1 på del 2, blir heile eksamen vurdert som ikkje bestått.

Eleven i dømet vårt har fått karakter 4 på del 1 og karakter 3 på del 2. Då blir reknestykket slikt: 4+3+3 = 10. I tabell E ser vi at summen 10 svarer til karakter 3. Eleven får altså 3 som samla karakter på heile eksamen.

tabell E: samla karakter på del 1 og del 2

Sum

Karakter

17–186
14–165
11–134
8–103
6–72
0–51

Kjelder

Utdanningsdirektoratet. (2024, 3. april). Forberede og ta eksamen. https://www.udir.no/eksamen-og-prover/eksamen/forberede-og-ta-eksamen/

Utdanningsdirektoratet. (u.å.). Eksamensveiledning for fremmedspråk I og II, 2024. Tilgjengeleg via https://sokeresultat.udir.no/eksamensoppgaver.html?start=1&query=fremmedspr%C3%A5k%20I%20og%20II&ExKL=Kunnskapsl%C3%B8ftet%202020

CC BY-SASkrive av Kathleen Geraldine Tom Kraudy og Rebecca Elisabeth Mohr Tovslid.
Sist fagleg oppdatert 15.05.2024

Læringsressursar

Skriftleg eksamen