Hopp til innhald
Oppgåve

Tareas: Mi casa

Tareas escritas y orales sobre el tema Mi casa.

1. Aquí vivo yo

Korleis bur du? Lag ein plakat med bilete og korte bilettekstar. Du kan velje om du vil fortelje om deg sjølv og bruke eigne bilete, eller om du vil lage deg ein fiktiv identitet og finne bilete på nettet.

Slik går du fram

  1. Finn seks til åtte ulike bilete av huset ditt. Eit av bileta skal vise utsida av huset. Dei andre bileta viser innsida. Ha gjerne med eit bilete som viser kven du bur saman med.

  2. Bruk eit valfritt program og lim inn bileta dine. Gi kvart bilete ei overskrift. Bileta kan gjerne ha ulik storleik, og du kan òg leike litt med ulike skrifttypar. Alternativt kan du skrive ut bileta og lime dei på eit stort ark.

  3. Skriv ein kort tekst til kvart bilete. Bilettekstane skal ha ei lengde på omkring 30 ord. Bruk gjerne setningane i boksen "Skrivehjelp".

  4. Lag ei overskrift. Viss du ikkje kjem på noko, kan du bruke "Aquí vivo yo". Skriv òg ei kort innleiande setning på toppen av plakaten og ei lita avslutning i botnen.

Når du er ferdig med plakaten, kan du levere han til læraren din. Eller kanskje du har lyst til å henge han opp i klasserommet?

2. La casa de mis sueños

Førestill deg at du har kjøpt draumebustaden din. Kvar og korleis bur du? Lag ein presentasjon på cirka fem minutt, der du tek med medelevane dine på ei omvising.

Framgangsmåte

  • Tenk over kva type bustad og kva område eller land du har lyst til å bu i. Finn bilete på nettet som viser draumehuset ditt både frå utsida og frå innsida.

  • Prøv å finne informasjon om huset, som til dømes storleik, talet på etasjar, pris og plassering. Viss du ikkje finn noko konkret, kan du finne på sjølv. Skriv stikkord på spansk.

  • Opprett ein enkel presentasjon der du limer inn bileta. Ha maks to bilete per side. Du kan gjerne gi kvart bilete ei overskrift, men elles skal det ikkje vere tekst på sidene i presentasjonen. Å ha med tal, til dømes pris eller storleik, går fint.

  • Skriv så ned stikkord til kvart bilete. Øv på å bruke stikkorda til å snakke fritt om bileta. Hugs at du òg bør ha med ei kort innleiing og avslutning. Setningane i boksen "Snakkehjelp" hjelper deg.

Framføring

  • No skal du vise fram draumehuset ditt til medelevane dine.

  • Snakk fritt, helst utan å bruke stikkorda dine.

  • Start med å helse velkommen og å seie kva du skal fortelje om, og gi litt generell informasjon om huset.

  • Så startar du "omvisinga". Vis fram og beskriv bileta du har av rom, møbel og innreiing.

  • Avslutt, og inviter gjerne medelevane dine på besøk!

CC BY-SA 4.0Skrive av Rebecca Elisabeth Mohr Tovslid.
Sist fagleg oppdatert 28.04.2023