Hopp til innhald
Øving

Ejercicios: ¡Bienvenidos a mi casa!

Trabaja con ejercicios después de haber visto la casa de María Ángeles.

1. Comprensión

Kva fortel María Ángeles i videoen? Kryss av for riktig svar.

2. Habitaciones y mobiliario

No skal du jobbe med ordforrådet rundt rom og innreiing.

3. Traducción

Jobb saman to og to med setningar frå videoen. Gjer oppgåva to gonger – den første gongen med tips, den andre gongen utan.

  1. Elev A les den norske setninga høgt, elev B set om til spansk.

  2. Elev B snur kortet og les den spanske setninga høgt.

  3. Gå vidare til neste kort, og byt roller.

4. ¿Donde está...?

Stadsuttrykk er viktig å kunne når du skal beskrive heimen din. Kan du finne riktig norsk omsetjing for desse spanske orda og uttrykka?

5. Ser, estar y hay

Hugsar du forskjellen mellom ser og estar? Når bruker vi hay? Repeter reglane, og jobb deretter med øvingane.

Å bøye og bruke ser, estar og hay

Gjer alle fire øvingane.

6. ¡Dibuja mi habitación!

Til denne øvinga treng du eit blankt ark og ein penn eller blyant.

Individuelt arbeid

  1. Teikn rommet ditt. Skriv namn på møbla og andre gjenstandar.

  2. Vel ein til to ting og skriv tre setningar til kvar – ein med ser, ein med estar og ein med hay. Bruk malen under.

Jobb i par

Beskriv no rommet ditt til ein medelev. I tillegg til å lytte skal medeleven teikne det du seier.

  1. Elev A: Beskriv rommet ditt så nøyaktig som mogleg. Bruk malen for å formulere setningane.

  2. Elev B: Teikn rommet etter skildringa frå elev A. Det held med ei enkel planteikning som viser kva som er kvar, men du kan òg gjerne lage ei meir avansert teikning. Når du er ferdig, leverer du arket til elev A til godkjenning.

  3. Byt roller.

Mal for setningane

For kvar gjenstand eller kvart møbel skal du formulere tre setningar:

  • Bruk hay for å fortelje kva som er/finst på rommet ditt, til dømes:
    Ein mi habitación hay una cama. På rommet mitt er/ finst det ei seng.

  • Bruk ser for å fortelje korleis gjenstanden er/ser ut, til dømes:
    La cama es grande/blanca/cómoda. Senga er stor/kvit/komfortabel.

  • Bruk estar for å fortelje kvar gjenstanden er, til dømes:
    La cama está cerca de la ventana. Senga er/står i nærleiken av vindauget.

7. Así es mi casa

Jobb i par.

La casa de María Ángeles

Fortel alt de hugsar om huset til María Ángeles. Bruk spørsmåla under som utgangspunkt, og snakk saman på spansk. Sjå gjerne videoen ein gong til før de startar.

  • ¿Cuántas plantas tiene la casa?

  • ¿Con quién vive María Ángeles?

  • ¿Dónde están las distintas habitaciones de la casa?

  • ¿Qué hay en la habitación de su hija?

  • ¿Qué hay en la buhardilla?

  • ¿Qué hacen los miembros de la familia en la buhardilla?

Tu casa

Fortel kvarandre på spansk korleis det ser ut der de bur. Bruk det María Ángeles fortel, som mal.

8. La habitación de Inés

Inés, dottera til María Ángeles, viser fram rommet sitt. Sjå på videoen to gonger før du jobbar med oppgåvene. Ta notat mens du lyttar til det Inés fortel.

Video: Jarle Sten Olsen, Tom Knudsen / CC BY-ND 4.0

Fullfør teksten

Kva fortel Inés? Fullfør teksten ved å skrive orda som manglar. Du kan gjerne spele av videoen på nytt og lytte mens du fyller inn orda.

Set om

Set om det Inés fortel, utan å bruke hjelpemiddel. Når du er ferdig, samanliknar du omsetjinga di med omsetjinga til ein medelev.

Til slutt kan de sjå på løysingsforslaget.

Løysingsforslag

Forslag til omsetjing

Hei! Eg er Inés, (eg) er tolv år gammal, og dette er rommet mitt.

Dette er senga mi, og dette er skapa mine med nokre hyller der eg har bøkene mine.

Her har eg eit lite skrivebord der eg gjer leksene mine. Og nokre hyller der eg har bileta mine og padel-troféet mitt. Så har eg her eit anna lite bord der eg òg har / tek vare på andre/fleire padel-trofé og bilete av familien min.

Eg håper de likte det. (Ordet "det" refererer til rommet.)

Ha det!

CC BY-SA 4.0Skrive av Rebecca Elisabeth Mohr Tovslid.
Sist fagleg oppdatert 25.04.2023