Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Introducción: Buenas acciones

Con buenas acciones todos podemos contribuir a mejorar el mundo. ¿Qué haces tú para crear un mundo mejor? ¿Y qué hacen tus compañeros?
Kart der verdsdelane består av menneske. Illustrasjon.

1. Actuar bien

Jobb saman to og to. Bruk ei ordbok og slå opp orda actuar, acto og acción.

  • Kva betyr actuar, acto og acción?

  • Kva ordklasse høyrer kvart av orda til?

  • Set om dei følgande setningane til spansk:

    • Vi må handle på ein ansvarleg måte.

    • Å resirkulere er ei viktig handling.

    • Av og til handlar eg utan å tenke.

    • Gode gjerningar kan forbetre verda.

2. ¿Qué puedes hacer tú?

Kva kan kvar og ein av oss gjere for å bidra til fellesskapen på ein positiv måte og skape eit vennlegare og meir inkluderande samfunn?

  • Skriv ned så mange gode gjerningar du kjem på i løpet av eit minutt. Skriv på norsk.

  • Les det du har skrive, høgt for ein medelev. Har de mykje likt?

  • Samle forslag på tavla, og set dei om til spansk saman.

3. Una buena acción

Fortel om noko du nyleg har gjort for å glede andre. Skriv tre eller fire setningar på spansk. Gå rundt i klassen og fortel om det de har skrive.

  • ¿Qué hiciste? Kva gjorde du?

  • ¿Cómo reaccionó/reaccionaron esa persona / esas personas? Korleis reagerte denne personen / desse personane?

  • ¿Cómo te sentiste (después)? Korleis kjende du deg (etterpå)?

4. Famosos y solidarios

Ein del kjendisar engasjerer seg for ei god sak. Gå saman i grupper på fire til seks elevar, og fordel kjendisane nedanfor mellom dykk. Jobb individuelt i cirka to minutt. Finn informasjon på nettet, og svar på spørsmåla. Fortel kva de har funne ut om personane, til dei andre på gruppa.

  • ¿De dónde es? Kvar er hen frå?

  • ¿Por qué es conocido/a? Kva er hen kjend for?

  • ¿Con qué está comprometido? Kva engasjerer hen seg for?

  • ¿Pensáis que es un buen modelo a seguir? Synest de hen er ein god rollemodell?

Algunas celebridades comprometidas

  • Antonio Banderas

  • Carlos Santana

  • Juanes

  • Lionel Messi

  • Salma Hayek

  • Shakira

CC BY-SASkrive av Kathleen Geraldine Tom Kraudy og Rebecca Elisabeth Mohr Tovslid.
Sist fagleg oppdatert 24.06.2024

Læringsressursar

Mejorando el mundo