Tareas: Mejorando el mundo
A. Buscar trabajo
Til liks med Jean og Inés uroar du deg for hundane og kattane som lever på gata i Peru. Du ønsker å hjelpe og søker derfor jobb hos dyrevernet i Lima. Les annonsen nedanfor, og skriv ein søknad på 80–100 ord.
Cuidador de animales, centro de acogida de Lima
Lugar: Lima (Perú)
Salario: 2.000,- soles bruto/mes
Experiencia: No es necesaria experiencia en centros de acogida.
Tipo de contrato: indefinido, jornada completa, tres días a la semana
Requisitos
haber terminado el Bachillerato
vivir en Lima
tener experiencia mínima en el cuidado de perros y gatos
ser trabajador, organizado y poder trabajar bajo presión
hablar bien el español (nivel A2)
tener el carnet de conducir
Descripción del puesto
limpiar y desinfectar las instalaciones
recoger animales de las calles
ayudar a los veterinarios
cuidar a los animales
atender al público que desee adoptar algún animal
B. La entrevista
Du blir innkalla til intervju. Viss du gjer det bra på intervjuet, kan jobben bli din. Med andre ord: Førebu deg godt!
Gjennomfør intervjua i par. Ein er intervjuaren, den andre er jobbsøkaren. Byt så roller. Øv gjerne to gonger.
Gratulerer! Alle er med vidare til andregongsintervju der òg dagleg leiar og tillitsvald deltek. Framfør dei to intervjua de har øvd på, for eit anna elevpar. Elevparet, som speler rollen som dagleg leiar og tillitsvald, lyttar aktivt til samtalen dykkar og noterer undervegs. Dagleg leiar kan gjerne stille eit siste spørsmål som jobbsøkaren må svare spontant på.
Når de er ferdige, diskuterer dagleg leiar og tillitsvald seg imellom og blir einige om kven av dei to kandidatane som får jobben. Vinnarkandidaten får tilbod om jobb og kan sleppe jubelen laus! Byt roller.
A. La Declaración Universal de los Derechos Humanos
Menneskerettane representerer verdiar som er felles for samfunn over heile jorda. Då Den internasjonale fråsegna om menneskerettane vart vedteken i 1948, vart menneskerettane for første gong ei universell forplikting. Då erklærte FNs medlemsstatar at dei skal arbeide for å verne og fremme menneskerettane for alle.
Una pequeña prueba
Kva veit du om FN og Den internasjonale fråsegna om menneskerettane? Test deg sjølv!
B. Trabajo en grupos: Diez reglas
Det har skjedd ein katastrofe på jorda, og alt liv er utsletta. De er dei einaste overlevande sidan de var så heldige å få plass i ein rakett. No er de på veg til ein annan planet. Planeten de landar på, liknar ganske mykje på jorda, med natur, hav og ein atmosfære ein kan puste i. Her er det fjell, skog, gras, frukt, grønsaker og dyr. Det einaste som ikkje finst her frå før, er menneske.
Etter kvart vil det bli fleire og fleire menneske på planeten. Som dei aller første har de eit privilegium: å bestemme kva reglar som skal gjelde for samfunnet på planeten.
Tenk over: Kva er eit godt samfunn? Kva reglar skaper gode samfunn? Diskuter og bli einige om ti reglar som skal gjelde for alle menneska på planeten slik at dei kan leve gode liv.
Set reglane om til spansk, og skriv dei på eit stort ark.
Finn eit passande namn til den nye planeten.
Samanlikn reglane de har laga, med artiklane i Den internasjonale fråsegna om menneskerettane. Lærar skriv ut ein kopi av PDF-fila nedanfor til alle. Skriv nummeret til artiklane ved sida av reglane dei samsvarer med. Bruk gjerne ein tusj i ein annan farge.
Filer
C. La presentación
Presenter planet-reglane dykkar for ei anna gruppe og/eller for læraren. Eventuelt kan de lage ein kort film der de presenterer reglane.
La preparación
Lytt til og les artiklane de har notert nummeret på, i den spanske fråsegna Declaración Universal de los Derechos Humanos. De kan gå frå artikkel til artikkel nedst på sida. Legg merke til uttalen, og ta notat.
Las preguntas
Svar på følgande spørsmål:
¿Cómo se llama vuestro planeta? ¿Por qué habéis elegido este nombre? Kva heiter planeten dykkar? Kvifor har de valt dette namnet?
¿Qúe diez reglas hay en vuestro planeta? Kva ti reglar er det på planeten dykkar?
¿Cuáles de los artículos de la Declaración Universal de los Derechos Humanos se parecen a las reglas que habéis hecho? Explica brevemente de qué tratan los artículos. Kva artiklar i Den internasjonale fråsegna om menneskerettane liknar på reglane de har laga? Si kort kva artiklane går ut på.
¿Por qué creéis que hay semejanzas entre las reglas de vuestro planeta y estos artículos? Kvifor trur de det er likskapar mellom "planet-reglane" dykkar og desse artiklane?
Se dice que los derechos humanos son universales. ¿Qué significa eso? Vi seier at menneskerettane er universelle. Kva betyr det?
¿Por qué necesitamos reglas en la sociedad? Kvifor treng vi reglar i eit samfunn?