Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Øving med ordklassar

Sjekk om du hugsar ordklassane! Repeter først, og gjer så øvingane.

Om ordklassar

Kva skil ordklassane frå kvarandre?

Vi deler inn orda i språket i grupper som vi kallar ordklassar. Når vi deler inn orda, ser vi på tre slags eigenskapar ved dei:

  1. om dei kan bøyast
  2. kva slags betydning dei har
  3. om dei kan vere sjølvstendige setningsledd (men det er ikkje det sentrale her)

Oversikt over dei ti ordklassane

  • Substantiv er namn på personar, dyr og ting. Substantiv kan bøyast, til dømes ein penn – fleire pennar.
  • Verb er ord som beskriv ei handling, ein prosess eller ein tilstand, til dømes å hoppe, å raudne, å kvile. Dei kan bøyast, til dømes å gå, går, gjekk, har gått.
  • Adjektiv er ord som beskriv ein eigenskap ved nokon eller noko. Adjektiv kan bøyast, til dømes adjektivet "fin" i ein fin kjole, eit fint sjal, tre fine blomstrar.
  • Pronomen er ord som erstattar substantiv eller substantivfrasar: Jenta var glad – Ho var glad. Foreldra hans har komme – Dei har komme.

  • Adverb er småord som står til verbet og fortel når, kvar og korleis noko skjer, til dømes snart, her, fort.
    Adverb kan òg stå til eit adjektiv eller eit adverb, som i setninga "Dei er veldig snille", der adverbet "veldig" står til adjektivet "snille".

  • Preposisjonar er småord som ikkje blir bøygde. Dei står framfor eit substantiv eller pronomen: i byen, etter ferien, med glede, for oss.

  • Bestemmarord står saman med eit substantiv og bestemmer det nærare. Bestemmarord er mengdeord, peikeord og eigedomsord, til dømes ein, han, dette, min.

  • Konjunksjonar bind saman sidestilte ord, setningsledd eller heile setningar. Slike bindeord er og, eller, men, for, så. Dømesetningar: Kaffi eller te? Rafael lagar maten, men eg hjelper til.

  • Subjunksjonar er ord som innleier leddsetningar. Døme er fordi, at, om, som, då, når, dersom, viss, før, endå.

  • Interjeksjonar er ubøyelege, dei har alltid same form. Døme: Huff! Ja!

1. Oversikt over ordklassane

2. Substantiv

Tekstalternativ til marker substantiva (norsk)

Marker alle substantiva.

  1. Madrid er hovudstaden i Spania.

  2. Eg bur i eit kvitt hus.

  3. Familien min har to kjæledyr: ein katt og ein hund.

  4. Det er viktig å ta vare på planeten.

  5. I regnskogen er det mange dyr og plantar.

  6. Bussen kjem nesten alltid for seint.

Fasit:

  1. Madrid, hovudstaden, Spania

  2. hus

  3. familien, kjæledyr, katt, hund

  4. planeten

  5. regnskogen, dyr, plantar

  6. bussen

Tekstalternativ til marker substantiva (spansk)

Finn alle substantiva i setningane under.

  1. Madrid es la capital de España.

  2. Vivo en una casa blanca.

  3. Mi familia tiene dos mascotas: un perro y un gato.

  4. Es importante cuidar el planeta.

  5. En la selva hay muchos animales y plantas.

  6. El bus casi siempre llega tarde.

Fasit:

  1. Madrid, capital, España

  2. casa

  3. familia, mascotas, perro, gato

  4. planeta

  5. selva, animales, plantas

  6. bus

3. Adjektiv

Tekstalternativ til marker adjektiva (norsk)

Finn alle adjektiva i setningane under.

  1. Madrid er ein stor by.

  2. Eg bur i eit lite, kvitt hus.

  3. Familien min har to vakre hundar.

  4. Vi bur på ein blå planet.

  5. I den tropiske regnskogen er det ville dyr og eksotiske plantar.

  6. Bussen er veldig treig, han kjem alltid for seint.

Fasit:

  1. stor

  2. lite, kvitt

  3. vakre

  4. blå

  5. tropiske, ville, eksotiske

  6. treig

Tekstalternativ til marker adjektiva (spansk)

Finn alle adjektiva i setningane under.

  1. Madrid es una ciudad grande.

  2. Vivo en una casa pequeña y blanca.

  3. Mi familia tiene dos perros lindos.

  4. Vivimos en un planeta azul.

  5. En la selva tropical hay animales silvestres y plantas exóticas.

  6. El bus es muy lento, siempre llega tarde.

Fasit:

  1. grande

  2. pequeña, blanca

  3. lindos

  4. azul

  5. tropical, silvestres, exóticas

  6. lento

4. Pronomen

Tekstalternativ til marker pronomena (norsk)

Finn alle pronomena i setningane under.

  1. Du er min beste venn.

  2. Eg bur i eit lite, kvitt hus.

  3. Familien min har to kattar, dei er fine.

  4. Vi liker å reise.

  5. Ho er spansk.

  6. De kjem alltid for seint.

Fasit:

  1. du

  2. eg

  3. dei

  4. vi

  5. ho

  6. de

Tekstalternativ til marker pronomena (spansk)

Finn alle pronomena i setningane under.

  1. Tú eres mi mejor amigo.

  2. Yo vivo en una casa pequeña y blanca.

  3. Mi familia tiene dos perros, ellos son lindos.

  4. Nos gusta viajar.

  5. Ella es española.

  6. Vosotros siempre llegáis tarde.

Fasit:

  1. yo

  2. ellos

  3. nos

  4. ella

  5. vosotros

5. Verb

Tekstalternativ til marker verba (norsk)

Finn alle verba i setningane under.

  1. Nordmenn et mykje brød.

  2. Ho heiter Lola og er min beste venn.

  3. Spania er sør i Europa.

  4. Bussen kjem alltid for seint.

  5. Eg har ein hund og ein katt.

  6. Vi liker å lese og skrive.

Fasit:

  1. et

  2. heiter, er

  3. er

  4. kjem

  5. har

  6. liker, lese, skrive

Tekstalternativ til marker verba (spansk)

Finn alle verba i setningane under.

  1. Los noruegos comen mucho pan.

  2. Ella se llama Lola y es mi mejor amiga.

  3. España está en el sur de Europa.

  4. El bus siempre llega tarde.

  5. Tengo un gato y un perro.

  6. Nos gusta leer y escribir.

Fasit:

  1. comen

  2. llama, es

  3. está

  4. llega

  5. tengo

  6. gusta, leer, escribir

6. Adverb

Tekstalternativ til marker adverba (norsk)

Finn alle adverba i setningane under.

  1. Eg les aldri bøker.

  2. Far min syng dårleg.

  3. Om sommaren reiser vi alltid til ein ny stad.

  4. Skulen begynner vanlegvis klokka 8.

  5. Vi sluttar snart.

  6. Hunden oppfører seg bra.

Fasit:

  1. aldri

  2. dårleg

  3. alltid

  4. vanlegvis

  5. snart

  6. bra

Tekstalternativ til marker adverba (spansk)

Finn alle adverba i setningane under.

  1. Yo nunca leo libros.

  2. Mi padre canta mal.

  3. En verano siempre viajamos a un lugar nuevo.

  4. La escuela normalmente empieza a las 8:00.

  5. Terminamos pronto.

  6. El perro se comporta bien.

Fasit:

  1. nunca

  2. mal

  3. siempre

  4. normalmente

  5. pronto

  6. bien

7. Preposisjonar

Tekstalternativ til marker preposisjonane (norsk)

  1. Vi dreg til stranda.

  2. Eg er frå Noreg.

  3. Vi snakkar med Juan.

  4. Denne gåva er til deg.

  5. Barcelona er i Catalonia.

Fasit:

  1. til

  2. frå

  3. med

  4. til

  5. i

Tekstalternativ til marker preposisjonane (spansk)

Finn preposisjonane i setningane under:

  1. Vamos a la playa.

  2. Soy de Noruega.

  3. Hablamos con Juan.

  4. Este regalo es para ti.

  5. Barcelona está en Cataluña.

Fasit:

  1. a

  2. de

  3. con

  4. para

  5. en

8. Bestemmarord

Tekstalternativ til marker bestemmarorda (norsk)

Finn alle bestemmarorda i setningane under.

  1. Jakka er mi.

  2. I nabolaget vårt er det mange hus.

  3. Mange menneske har lese denne boka.

  4. Ho snakkar ikkje med nokon av naboane sine.

Fasit:

  1. mi

  2. vårt

  3. denne

  4. nokon, sine

Tekstalternativ til marker bestemmarorda (spansk)

Finn alle bestemmarorda i setningane under.

  1. La chaqueta es mía.

  2. En nuestro barrio hay muchas casas.

  3. Mucha gente ha leído ese libro.

  4. Ella no habla con ninguno de sus vecinos.

Fasit:

  1. mía

  2. nuestro

  3. ese

  4. ninguno, sus

9. Konjunksjonar og subjunksjonar

Tekstalternativ til marker konjunksjonane og subjunksjonane (norsk)

Finn konjunksjonane og subjunksjonane i setningane.

  1. Vi liker bøker og filmar.

  2. Eg har sagt at eg ikkje liker sjokolade.

  3. Han kan ikkje komme fordi han er bortreist.

  4. Det regner, men det er ikkje kaldt.

  5. Kom på festen viss du kan.

  6. Føretrekker du sommaren eller vinteren?

Fasit:

  1. og

  2. at

  3. fordi

  4. men

  5. viss

  6. eller

Tekstalternativ til marker konjunksjonane og subjunksjonane (spansk)

Finn konjunksjonane og subjunksjonane i setningane.

  1. Nos gustan los libros y las películas.

  2. He dicho que no me gusta el chocolate.

  3. No puede venir porque está de viaje.

  4. Está lloviendo, pero no hace frío.

  5. Ven a la fiesta si puedes.

  6. ¿Prefieres el verano o el invierno?

Fasit:

  1. y

  2. que

  3. porque

  4. pero

  5. si

  6. o

CC BY-SASkrive av Anna Maria Holvik og Kristina Victoria Vahl.
Sist fagleg oppdatert 18.08.2024

Læringsressursar

Ordklassar