Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utforsk ordklassar

Bli ein ekspert på ordklassane substantiv, verb og adjektiv. Her lærer du saman med og av andre, ein super kombinasjon!

1. Utforsk ordklassar

Jobb i grupper på tre eller fire. Kvar gruppe tek for seg éin ordklasse (anten substantiv, adjektiv eller verb). Vel gjerne ein ordklasse som de har særleg behov for å repetere.

Løys oppdraget dykkar, lag ein plakat om ordklassen, og presenter han for klassen.

Orda de skal jobbe med, finn de i ordskya nedanfor. Dei same orda finn de òg rett under ordskya. Der er dei sorterte alfabetisk.

Ordsky med ei rekke ord på spansk. Illustrasjon.
Substantiv, adjektiv og verb i alfabetisk rekkefølge

abrir, adolescente, aire, alegre, alto, alumno, amable, aprender, bajo, bueno, caballo, comer, comunicación, conocer, estar, feo, felicidad, hablar, hermoso, ir, malo, niño, ordenador, recibir, ser, silla, simpático, tener, triste, viento

Oppdrag 1: Substantiv

  1. Finn alle substantiva i ordskya, og slå opp / finn ut kva dei betyr.

  2. Bruk faglege kjelder (spansk øvingsgrammatikk på NDLA, grammatikkdelen i eit læreverk eller internett) for å finne svar på desse spørsmåla:

  • Kva er forskjellen mellom ubestemd og bestemd form? Når bruker vi kva form? Lag døme og forklar dei.

  • Kan substantiv forandre kjønn?

  • Kva står forkortingane m og f i tabellen for?

  • Korleis dannar vi fleirtal av substantiv på spansk? Bruk døme.

  • Finst det nokre hugsereglar som gjer det lettare å bestemme kjønn på substantivet?

  1. Bruk ordbok og sorter substantiva etter kjønn. Lag ein tabell, og før dei opp i bestemd og ubestemd form, både eintal og fleirtal, til dømes slik som i tabellen nedanfor.

Substantiv

kjønn

bestemd form eintal

ubestemd form eintal

bestemd form fleirtal

ubestemd form fleirtal

mel caballoun caballolos caballoscaballos
fla sillauna sillalas sillassillas

Oppdrag 2: Verb

  1. Finn alle verba i ordskya, og slå opp / finn ut kva dei betyr.

  2. Bruk faglege kjelder (spansk øvingsgrammatikk på NDLA, grammatikken i eit læreverk eller internett) for å finne svar på desse spørsmåla:

  • Kva kallar vi grunnforma av verbet?

  • Kva meiner vi med at spanske verb har personbøying? Bruk døme.

  • Vi deler verb i to hovudgrupper etter korleis dei blir bøygde: regelrette og uregelrette verb. Kva er karakteristisk for måten dei blir bøygde på?

  • Er verba i ordskya regelrette eller uregelrette i presens? Vis og forklar ved hjelp av døme.

  • På norsk har vi éi fortidsform i preteritum, men på spansk har vi to. Kva heiter desse to formene? Når bruker vi dei?

  1. Bruk Verbix eller grammatikken i eit læreverk. Bøy verba de fann, i første person eintal (yo) i alle verbtidene de kan, og set dei inn i ein tabell. Sjå forslag til tider i tabellen nedanfor. Viss de vil, kan de ta bort nokre av formene eller legge til fleire, til dømes futurum.

Dømetabell verb

Infinitiv

Presens

Presens perfektum

Preteritum 1

Preteritum 2

hablarhablohe habladohabléhablaba

Oppdrag 3: Adjektiv

  1. Finn alle adjektiva i ordskya, og slå opp / finn ut kva dei betyr.

  2. Bruk faglege kjelder (spansk øvingsgrammatikk på NDLA, grammatikken i eit læreverk eller internett) for å finne svar på desse spørsmåla:

  • Kan adjektiv bøyast? Forklar og gi døme.

  • Kva meiner vi med at adjektivet må samsvare i kjønn og tal med substantivet det beskriv? Forklar kva det betyr, ved å bruke døme. Desse døma kan setje dykk på sporet:

    • Barnet er snilt. (snill)

    • Du har snille foreldre. (snill)

  • Kvar i setninga skal adjektiv plasserast på spansk? Vis ved hjelp av døme.

  • Finst det ein hugseregel for korleis vi bruker adjektiv på spansk?

  1. Adjektiv kan gradbøyast, til dømes bonito/a, más bonito/a, el/la más bonito/a. Gradbøy adjektiva i ordskya. Set dei gjerne inn i ein tabell som i dømet under.

Gradbøying av Adjektiv

norsk

positiv

komparativ

superlativ

hyggeleg

simpático

más simpático

el más simpático

2. Finn feila!

Når du bruker ordbok for å finne ut kva eit ord betyr, får du ofte opp fleire alternativ. Korleis kan du vite kva alternativ som er rett å bruke? Det kan verke vanskeleg å velje rett, men er det eigentleg det? Sanninga er at du kjem langt med litt tolmod. Tenk deg om før du vel! Bruk det du har lært om ordklassar. Då er sjansen mykje større for at du vel rett ord. Vel du feil, blir det du vil seie, vanskeleg å forstå eller, i verste fall, heilt uforståeleg. Med andre ord: Det lønner seg å vere tolmodig!

Jobb saman to og to eller i dei same gruppene som før. Ta gjerne ein felles gjennomgang i klassen etter at de har diskutert i grupper.

  1. Set om setningane nedanfor til norsk.

  2. Kvifor hadde læraren din eller ein spansktalande person stussa over setningane nedanfor? Kva har personen som har skrive setningane, gjort feil?

  3. Rett opp setningane slik at dei blir rette. Forklar kvifor de retta dei opp slik de gjorde.

  • En mi cumpleaños siempre oveja yo muchos regalos.

  • Penélope Cruz está veneno con Javier Bardem.

  • A mi hermana le gusta juguete con muñecas.

  • Cuando era pequeño yegua trampolín.

  • Ella tiene una sonríe bonita.

  • Cada mañana mi padre bebida café.

Løysingsforslag

Løysingsforslag

  • En mi cumpleaños siempre oveja yo muchos regalos. På bursdagen min får eg alltid mange gåver.

Her er feilen at ordet oveja er eit substantiv (får/sau). Ordet vi treng, er verbet "å få" = recibir bøygd i presens.

  • Penélope Cruz está veneno con Javier Bardem. Penélope Cruz er gift med Javier Bardem.

Her er feilen at ordet veneno er eit substantiv (gift). Ordet vi vil ha, er adjektivet casada, som i "å vere gift" = estar casado/a.

  • A mi hermana le gusta juguete con muñecas. Søster mi liker å leike med dokker.

Her er feilen at ordet juguete er eit substantiv (leike). Ordet vi er ute etter, er verbet "å leike" = jugar.

3. Refleksjon rundt eiga læring

  • Er det nyttig å lære saman med og av andre på denne måten?

  • Har du blitt meir klar over korleis du bruker substantiv, verb og adjektiv på spansk etter å ha jobba med dette oppdraget? Kvifor / kvifor ikkje?

  • Kan du ta med deg noko av det du har lært, og bruke det i andre oppgåver eller samanhengar?

CC BY-SASkrive av Julia Kleven og Kristina Victoria Vahl.
Sist fagleg oppdatert 18.12.2023

Læringsressursar

Ordklassar