Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva er eit verb?

Repeter grunnleggande fagomgrep som du treng for å snakke om verb.
Person som hoppar over ordet "verb". Illustrasjon.

Definisjon

Eit verb fortel kva vi gjer, eller kva som skjer. Verb uttrykker ei handling, ein prosess (forandring) eller ein tilstand:

  • handling (nokon gjer noko): El niño juega. Guten leiker.

  • prosess (noko forandrar seg): Me levanto. Eg står opp.

  • tilstand (noko varer ei viss tid): Las chicas duermen. Jentene søv.

Øving 1: Handling, prosess eller tilstand

Plasser verba i riktig kategori.

Infinitiv

Infinitiv er grunnforma av verbet. Det er denne forma du bruker når du slår opp eit verb i ordboka. I norsk kan vi setje infinitivsmerket å føre infinitiven. I spansk bruker vi ikkje infinitivsmerke. Det er endinga på verbet som viser om det står i infinitiv eller om det er bøygd. Vi deler spanske verb i tre ulike kategoriar ut frå kva ending dei har i infinitiv:

  • ar-verb, til dømes hablar (å snakke)

  • er-verb, til dømes comer (å ete)

  • ir-verb, til dømes vivir (å bu)

Tek vi bort infinitivsendinga (-ar/-er/-ir), står vi igjen med verbstammen. Vi kan ta det regelrette verbet hablar som døme. Tek vi bort endinga -ar, står vi igjen med verbstammen: habl-.

Infinitivsforma står ofte saman med eit anna verb, både i spansk og norsk:

  • Tenemos que hablar. Vi snakke.

  • Me gusta comer comida española. Eg liker å ete spansk mat.

  • Quiero vivir en España. Eg vil bu i Spania.

Øving 2: Infinitiv av verbet

Tidsbøying

Verb blir bøygde i tid og har ulike former for notid, fortid og framtid. Tabellen viser fire av dei mest brukte verbtidene.

bøying i tid
Notid (presens)

Fortid
(presens perfektum)

Fortid (preteritum)

Framtid (futurum)
NorskGuten leiker.Guten har leikt.

Guten leikte.

Guten kjem til å leike / skal leike.
Spansk

El niño juega.

El niño ha jugado.

El niño jugó.
El niño jugaba.

El niño va a jugar.

To preteritumsformer på spansk

På spansk finst det to ulike preteritumsformer mens norsk berre har éin. Dei to spanske preteritumformene heiter pretérito perfecto simple (tidlegare òg kalla pretérito indefinido) og pretérito imperfecto. Pretérito perfecto simple blir som regel brukt for å fortelje om eit handlingsforløp:

  • Ayer compré un coche. Después visité a mi tía y comimos juntos.
    I går kjøpte eg ein bil. Etterpå besøkte eg tanta mi, og vi åt saman.

Pretérito imperfecto seier noko om bakgrunnen for handlinga eller at noko skjedde regelmessig / pleidde å skje:

  • Cuando era pequeño tocaba la guitarra. Cada domingo visitaba a mi tía.
    Då eg var liten, spelte eg gitar. Kvar søndag besøkte eg tanta mi.

Gerundium

Spansk har òg noko som heiter gerundium. Gerundium uttrykker at noko skjer akkurat her og no. Denne typen bøyingsform finst ikkje på norsk, men du kjenner han nok igjen frå engelsk.

  • spansk: El niño está jugando.

  • engelsk: The boy is playing.

  • norsk: Guten leiker (akkurat no). / Guten held på å leike.

Øving 3: Tidsbøying

Kva tid står det bøygde verbet i?

Personbøying

Å bøye eit verb i person

I tillegg til bøying i tid har spanske verb personbøying. Når vi bøyer eit verb i person, får verbet ulike endingar. Verbendinga viser kven som utfører handlinga. Norske verb har ikkje personbøying. I norsk har verbet alltid same form, uavhengig av kven som gjer noko. Men du kjenner personbøying frå engelsk:

  • (to eat) I eat, you eat, she eats (å ete) eg et, du et, ho et

  • (to have) I have, you have, he has (å ha) eg har, du har, han har

  • (to be) I am, you are, she is (å vere) eg er, du er, ho er

Det finst regelrette verb, som berre får ulike endingar, og uregelrette verb, som òg forandrar stammen når vi bøyer dei. Slik er det på engelsk, og slik er det òg på spansk:

  • (comer) yo como, tú comes, ella come (å ete) eg et, du et, ho et

  • (tener) yo tengo, tú tienes, él tiene (å ha) eg har, du har, han har

  • (ser) yo soy, tu eres, ella es (å vere) eg er, du er, ho er

På spansk er verbet comer regelrett og beheld stammen (com-) når vi bøyer det i dei ulike personane. Det einast som forandrar seg, er endingane. Verba tener og ser er uregelrette og forandrar stammen sin når vi bøyer dei.

Første, andre og tredje person

Det finst til saman seks ulike grammatiske personar, tre i eintal og tre i fleirtal. Vi bruker fagomgrepa første, andre og tredje person når vi snakkar om person i grammatikk-samanheng. Til kvar grammatisk person høyrer eit eller fleire personlege pronomen.

Dei grammatiske personane på spansk
PersonForklaringEntallFlertall
1. person

den/dei som snakkar

yo (eg)nosotros, nosotras (vi)
2. personden/dei som blir snakka til (du)vosotros, vosotras (de)
3. person

den/dei som blir snakka om

den/dei som blir snakka høfleg til

él, ella (han, ho)

usted (høfleg du)

ellos, ellas (dei)

ustedes (høfleg de)

Utelating av personleg pronomen

På spansk er det vanleg å utelate det personlege pronomenet (yo, og så vidare) sidan det ofte er overflødig. Det er fordi endinga på verbet fortel kven som utfører handlinga. Ei heil setning kan derfor bestå av berre eit bøygd verb.

  • Leo. Eg les.

  • Hablamos. Vi snakkar.

  • ¿Vienes? Kjem du?

Viss det er tvil om kven vi snakkar om, eller viss vi vil framheve kven som gjer noko, kan vi bruke personlege pronomen.

  • Hoy cocino yo. I dag lagar eg mat. / I dag er det eg som lagar mat.

  • Ella sabe mucho más que mi hermano. Ho veit/kan mykje meir enn broren min.

Øving 4: Kan du personendingane?

Sidan vi ofte utelet det personlege pronomenet på spansk, er det veldig viktig å kunne personendingane på dei bøygde verba. Sjå nøye på endingane, og dra verba til riktig person.

Meir om personlege pronomen

og vosotros eller usted og ustedes?

På norsk seier vi stort sett du og de både til kjende og ukjende personar, uavhengig av alder, relasjonen vi har til personane, eller statusen desse har. Men heilt fram til 1970-talet var det vanleg å bruke De for å snakke med eldre personar og personar ein ikkje hadde ein veldig nær relasjon til. Framleis kan vi møte denne forma i enkelte samanhengar, til dømes i nokre brev frå det offentlege, men det blir stadig sjeldnare. På spansk blir derimot dei høflege formene usted (når vi snakkar til éin person) og ustedes (når vi snakkar til fleire personar) framleis brukte ganske ofte.

Ellas, nosotras og vosotras

Spansk har eigne kvinnelege versjonar for vi (nosotras), de (vosotras) og dei (ellas). Desse bruker du berre når alle personane du fortel om eller snakkar til, er kvinnelege. Når det er snakk om berre menn eller blanda grupper, må du bruka nosotros, vosotros og ellos.

Vosotros/vosotras i Latin-Amerika

I Latin-Amerika bruker ein alltid ustedes i staden for vosotros/vosotras. Det betyr at det fell bort ein heil grammatisk person.

Vos

I nokre latinamerikanske land, til dømes Argentina, blir det personlege pronomenet vos brukt i staden for . Dette fenomenet blir kalla voseo. Verba bøygde i vos får ei eiga ending.

Øving 5: Sjekk kva du hugsar!

Gå gjennom spørsmåla saman med ein medelev. Les kvart spørsmål høgt og bli einige om kva svaret er, før de snur kortet for å sjekke fasiten.

CC BY-SASkrive av Rebecca Elisabeth Mohr Tovslid og Anna Maria Holvik.
Sist fagleg oppdatert 29.06.2023

Læringsressursar

Generelt om verb