Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva typar verb har vi?

Her lærer du om regelrette og uregelrette verb, hovudverb og hjelpeverb.

Regelrette og uregelrette verb

Vi kan dele verb i to hovudgrupper etter måten dei blir bøygde på: regelrette verb og uregelrette verb.

Regelrette verb

Regelrette verb beheld den same stammen i alle personar og verbtider. Det einast som forandrar seg, er endinga.

tre regelrette verb
InfinitivoPresentePretérito perfectoPretérito perfecto simplePretérito imperfecto
hablaryo habloyo he habladoyo habléyo hablaba
comeryo comoyo he comidoyo comí yo comía
viviryo vivoyo he vividoyo vivíyo vivía

Uregelrette verb

Uregelrette verb skifter stammevokal når dei blir bøygde (i ulike personar og tider). Nokre spanske verb er uregelrette i berre éi bestemt tid og elles regelrette. Andre verb er uregelrette i fleire verbtider. Ofte er verbet uregelrett berre i nokre personar.

Du kan ikkje vite om eit verb er regelrett eller uregelrett berre ved å sjå på infinitiven (grunnforma). Dei mest brukte uregelrette verba må du pugge på same måte som du sikkert måtte med engelske verb (som til dømes to do – did – done).

tre døme på uregelrette verb
InfinitivoPresentePretérito perfectoPretérito perfecto simplePretérito imperfecto
empezaryo empiezoyo he empezadoyo empecéyo empezaba
hacer yo hagoyo he hechoyo hiceyo hacía
traduciryo traduzcoyo he traducidoyo tradujeyo traducía

Øving 1: Regelrette og uregelrette verb

Jobb saman med ein medelev. Les høgt det som står på kortet og bli einige om kva svaret er, før de snur kortet for å sjekke fasiten.

Hovudverb og hjelpeverb

Hjelpeverb er verb som vanlegvis ikkje står åleine. Det finst berre nokre få hjelpeverb. Dei viktigaste er å ha, å vere, å bli, å kunne, å skulle, å vilje, å måtte og å burde. Hjelpeverbet står saman med eit hovudverb og gir informasjon om tid eller måte. Det "hjelper" hovudverbet med å danne verbal i setninga: Du lære. Han vil skrive. Vi har lese.

Hovudverbet ber betydninga i setninga: lære, skrive, lese og så vidare.

Øving 2: Hjelpeverb og hovudverb

Temporale hjelpeverb

Temporale hjelpeverb hjelper til med å danne samansette verbtider, som til dømes presens perfektum (har ete) og presens futurum (skal ete).

På spansk bruker vi verba ir, estar og haber for å danne samansette verbtider.

setningar med temporale hjelpeverb
SpanskNorskVerbtid
irVamos a comer.Vi skal ete. / Vi kjem til å ete.presens futurum
estarEstoy trabajando.Eg held på å jobbe. / Eg jobbar akkurat no.gerundium
haberHas cantado.Du har sunge.presens perfektum

Modale hjelpeverb

Modale hjelpeverb står som regel saman med eit hovudverb. I ei setning med modalt hjelpeverb og hovudverb må du bøye hjelpeverbet mens hovudverbet står i infinitiv (grunnforma).

  • Eg må (presens) ete (infinitiv).

Modale hjelpeverb uttrykker ei haldning til det hovudverbet fortel.

setningar med modale hjelpeverb
SpanskNorskHoldning
Quiero comprar un coche.Eg vil kjøpe ein bil.ønske
Tenéis que dormir ahora.De sove no.tvang/plikt/oppmoding
¿Puedes venir esta noche?Kan du komme i kveld?moglegheit
Debemos terminar ahora.Vi bør avslutte no.råd/tilråding
Juan sabe hablar inglés.Juan kan snakke engelsk.evne/ferdigheit

Hjelpeverb som dannar passiv

Når vi bøyer eit verb i passiv, flyttar vi fokuset bort frå den som utfører handlinga, og til sjølve handlinga som blir utført. Passiv bruker vi når handlinga er viktigare enn kven som utfører ho.

På norsk bruker vi verbet å bli som hjelpeverb for å danne passiv, men på spansk brukar vi verbet ser (å vere).

frå aktiv til passiv
SpanskNorsk
Aktiv

Los padres recogen a lós niños.

Mi tío construyó la casa en 1978.

Foreldra hentar ungane.

Onkelen min bygde huset i 1978.

Passiv

Los niños son recogidos (por los padres).

La casa fue construida (por mi tío) en 1978.

Ungane blir henta (av foreldra).

Huset vart bygd (av onkelen min) i 1978.

Hovudverb + hjelpeverb = verbal

I setninga Voy a comprar un coche (Eg vil kjøpe ein bil) finn vi to verbformer: voy (+ a) og comprar.

Verbet comprar (å kjøpe) fortel oss kva som skjer, og det er derfor hovudverbet i setninga. Men comprar er ein infinitiv, og ein infinitiv kan ikkje danne verbal åleine i ei setning fordi det er ei ubøygd verbform.

Det er hjelpeverbet voy (+ a) som er den bøygde verbforma i setninga (voy er første person eintal presens av verbet ir).

Voy a comprar er altså verbalet i setninga. Vi seier at verbalet er samansett.

Øving 3: Verbalet

CC BY-SASkrive av Rebecca Elisabeth Mohr Tovslid og Anna Maria Holvik.
Sist fagleg oppdatert 29.06.2023

Læringsressursar

Generelt om verb