Hopp til innhald
Oppgåve

Lær om visuell kommunikasjon i eit 360-galleri

I denne oppgåva skal du bevege deg i eit 360-galleri for å få ny kunnskap om bilete. Etterpå skal du bruke det du har lært, til å studere korleis andre bruker visuell kommunikasjon.

Til læraren

Hovud­telefonar til lytting i galleriet
Be dei elevane som har hovud­telefonar eller øyreproppar, om å ta dei med slik at dei kan lytte til beskrivinga når dei ser på dei ulike bileta. Ha gjerne nokre til utlån dersom skulen har slike tilgjengeleg.

Del 1: Reflekter og diskuter

  1. Kor mange bilete deler du med venner og familie i løpet av ein dag, og bruker du foto når du skal presentere eit skulearbeid? Noter nokre tankar om korleis du bruker bilete i kommunikasjonen din med andre.

  2. Du har kanskje høyrt utsegna: "Eit bilete seier meir enn tusen ord"? Forklar med eigne ord kva som ligg i det.

  3. Gå i grupper på tre–fire elevar og diskuter om de er samde i utsegna i punkt 2. Diskuter også korleis de bruker bilete i kommunikasjon med andre.

Innhaldet under er visuelt.

Del 2: Utforsk

No skal du lære om visuell kommunikasjon og konsentrere deg om romma i den øvste etasjen i 360-biletgalleriet. Start med å sjå instruksjonsfilmen under.

Video: Hilde Gullhaug Hennes / CC BY-SA 4.0

Velkommen til gallerivandring!

Instruksjon

Gjennomfør ei gallerivandring, og lær ved å sjå nærare på informasjonen ved dei ulike bileta. Start i andre etasje, og sjå på ulike døme på visuell kommunikasjon.

  • Klikk deg inn på kvart enkelt bilete. Bruk hovudtelefonar eller øyreproppar og lytt til beskrivinga mens du studerer biletet nærmare.

  • Noter viktige poeng om biletkommunikasjon ut frå kva du ser, les eller høyrer i galleriet. Del gjerne inn notata ut frå namna på romma du besøker i galleriet.

Namn på romma i andre etasje
  • Påverknad gjennom bilete

  • Kommunikasjon gjennom bilete

  • Kvifor ser vi det vi ser?

  • Fargebruk

  • Persepsjon

Vel kva du vil jobbe vidare med

Sjå gjennom notata dine. Vel ut minst fem setningar av det du har skrive i løpet av gallerivisninga, som du vil hugse på og ta med deg i dine eigne møte med bilete.

Nokre viktige fagord som blir presenterte i galleriet
Ikon
er ei visuell forenkling av verkelegheita. Ikon kan formidle viktig informasjon uavhengig av språket og kulturen til mottakaren.
Symbol
står for noko anna. Kva eit symbol representerer, er vanlegvis kulturbestemt, for eksempel kan ei due stå for fred og eit anker for håp.
Naturalistisk
vil seie at eit motiv er framstilt slik det ser ut i verkelegheita.
Djupne
påverkar korleis vi oppfattar avstand. Vi kan få noko til å sjå nært ut, og andre ting til å sjå ut som dei er lenger unna. Vi kan skape djupne i teikningar og måleri ved å bruke perspektiv, forskjellige storleikar og overlapping.
Kontekst
handlar om situasjonen noko skjer eller blir sagt i. Det kan også vere samanhengen ein tekst eller eit bilete blir presentert i.
Persepsjon
refererer til korleis hjernen vår tolkar sanseinntrykka våre. Det kan inkludere syn, høyrsel, lukt, smak og berøring.
Optisk illusjon
kan lure hjernen vår til å sjå noko som ikkje er der, eller som ser annleis ut enn i verkelegheita.

Del 3: Studer korleis visuell kommunikasjon blir brukt i bileta til andre

  1. Ta utgangspunkt i notata dine frå gallerivisninga, og finn tre eller fleire bilete på nettet, i bøker eller i magasin. Vel bilete som kan representere ulike former for visuell kommunikasjon. Samarbeid gjerne med medelevar.

  2. Vis nokre av bileta for klassen, og forklar korleis bileta kommuniserer. Bruk fagorda du har lært gjennom gallerivandringa.

CC BY-SA 4.0Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 18.09.2024