Hopp til innhald
Fagartikkel

Visuell kommunikasjon

Korleis kommuniserer du i kvardagen din? Sannsynlegvis bruker du både kroppsspråk, emojiar, foto og video når du skal fortelje noko til andre. Visuell kommunikasjon er formidling av idéar og informasjon ved hjelp av bilete og andre synlege uttrykk.

Visuell

Auga våre gjer at vi kan sjå, og hjelper oss til å oppfatte verda rund oss. Visuell betyr noko som gjeld synet. Medviten bruk av bilete kan formidle ei stemning eller ein bodskap, eller dokumentere ei hending. Bilete i ei bok heng saman med innhaldet, og eit bilete som du ser på strøymetenester, uttrykker gjerne noko av tematikken frå musikken eller filmen.

Eit bilete kan ha fleire historier å fortelje. Om vi ser tilbake i tid, brukte menneska bilete til å kommunisere med lenge før skriftspråket kom. Holemåleri og helleristningar som blei rissa i fjell, kan fortelje oss noko om samfunnet i den tidsperioden dei blei laga i. Kunstverk frå ei fjern fortid er talande spor etter menneska som har levd før oss.

Oppgåva til eit bilete kan vere å dekorere, til dømes ved å skape ei vakker framside. Men ein kunstnar vil som regel uttrykke litt meir enn berre å gjengi det vi ser. For å lage gode bilete treng vi kunnskap om det visuelle språket og trening i å bruke visuelle verkemiddel.

Visuelle verkemiddel

Visuelle verkemiddel kan vere element i kunstverk som rom, farge, ulike linjer, tekstur, symbol og lys og mørke. Alt dette skal du lære meir om i dette faget.

Vi treng visuelle verkemiddel, ikkje berre for å skape kunst, men òg for å fotografere, lage ein plakat, for illustrasjonar i ei bok, teikning til eit produkt, til emballasje, musikkcover eller for å skape ei scene i ein animasjon eller ein spelefilm.

I dagens samfunn har det blitt konkurranse om å fange merksemda vår. Vi kan oppleve å bli bombarderte av bilete. Kunnskap om det visuelle språket og om visuelle verkemiddel har aldri vore viktigare. Vel du å studere visuell kommunikasjon, kan du til dømes spesialisere deg innan illustrasjon, grafisk design, foto, film, animasjon eller produktdesign.

Fotografi som uttrykk og kommunikasjonsform

I den fem minutt lange filmen under møter du Hilde Honerud som er kunstfotograf og førsteamanuens i visuell kommunikasjon ved Universitetet i Sørst-Norge. Ho er oppteken av forholdet mellom det konkrete vi ser på biletet, og kva dette kan formidle. Som kunstnar tek ho eit medvite val når ho ikkje viser dei "typiske" motiva frå ein flyktningleir, men fortel ei historie gjennom situasjonar vi kan kjenne oss igjen i.

Video: Tom Knudsen / CC BY-ND 4.0

Biletkunst

Biletkunsten har sitt eige språk. På same måte som vi måtte lære kva bokstavane betyr, kan vi lære meir om kva bileta fortel.

Bilete og kunstverk blir påverka av den tida og det samfunnet som dei blei skapte i. Biletspråket har derfor forandra seg gjennom tidene. Du får lære meir om korleis menneska har uttrykt seg på ulike måtar i dei ulike tidsepokane i emnet kunst- og kulturhistorie. Der kan du for eksempel undersøke korleis vikingane laga andre typar bilete enn dei gamle grekarane eller kunstnarane frå renessansen.







Kjelder

Håberg, R. H. (1994). Kunst og kulturhistorie. Yrkesopplæring ans.

CC BY-SA 4.0Skrive av Inger Gilje Sporaland og Trine Mangersnes.
Sist fagleg oppdatert 19.09.2024