Entreprenørskap som metode
– Det er noko magisk som skjer undervegs, fortel Hege Fjelldal ved Arendal vidaregåande skule. Ho har i 15 år brukte entreprenørskap som metode i opplæringa og er begeistra for den utviklinga ho ser elevane har i løpet av skuleåret.
– Elevane utfordrar seg sjølve på ein heilt annan måte. Dei tenkjer kreativt, ser på samarbeid, tenkjer næringsliv og får bruke teoriar i praksis, seier Fjelldal.
Ei av bedriftene vi snakkar med, ønskjer å hjelpe ungdommar til å få betre innsikt i politikk og meir kunnskap om kva dei ulike partia står for. Emma Bjerke Fossnes, Ruth Elise Trommestad, Anne Skjeggedal og Fatima Huseynli planlegg å lage ein app til dette føremålet.
Relatert innhald
Slumpord med berekraftsmåla til FN er ei øving der du får trent opp evna til kreativitet og assosiasjonstenking.
Meister er ei enkel øving for å få opp stemninga og få i gang prosessar for idéutvikling. Øvinga eignar seg før de går i gang med å utarbeide idear.