Gründerne - Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1 - Ressurssamling - NDLA

Hopp til innhald
Serier

Gründerne

Kva skal til for å bli ein gründer? NRK-serien Gründerne ser nærare på kva som er ein god idé, og kva som skal til for å lykkast som gründer. Programleiar Christian Strand jaktar òg på sin eigen gründeridé.

I den første episoden av Gründerne utforskar programleiaren Christian Strand kva som er ein god idé, og om han sjølv kan kome på sin eigen forretningsidé. Han besøkjer også NM for ungdomsbedrifter. Vidare møter vi både gründeren bak læringsspelet Kahoot og gründerbedrifta Grippx, som utviklar eit verktøy til storvilt-jakt.

Ein nøkkel til å lykkast som gründer er å kjenne marknaden sin. I episoden nedanfor møter vi Espen Kopperud, som er gründeren bak brillemerket Frank Walton. Med brillemerket Frank Walton ønskjer han å utfordre den norske brillemarknaden. Vi møter òg kvinnene bak eit billeoppdrettsfirma, som får hjelp av ein kokk til å teste ut ulike matretter med biller. Samtidig held Christian fram med å teste ut gründerideen sin.

Det er hardt arbeid å satse som gründer. Christian testar ut prototypar til gründerprosjektet sitt. Vi møter òg personane bak det som tidlegare var den norske strøymetenesta Vidflow. Vi følgjer dei i oppstartsfasen, då dei trong pengar og jobba med å hente inn kapital via folkefinansiering.

Draumen for gründerar er å gjere suksess med forretningsideen sin. I den siste episoden prøver Christian å selje gründerproduktet sitt inn for investorar på Oslo Innovation Week. Apple-gründer Steve Wozniak gir òg sin dom over ideen til programleiaren. I tillegg møter vi skaparane av klesmerket Onepiece.

Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 03.06.2021