Hopp til innhald

Du er no inne i ein læringssti

Oppgåver og aktivitetar

Utforsk språka i klassen

I denne oppgåva skal de sjå på forskjellar og likskapar i dei ulike språka i klassen. Alle skal skrive på tavla og diskutere. De skal òg lese ein fagtekst som kan hjelpe dykk med å bruke fagspråk om språk.
Ung kvinne skriv på ei arktavle. Foto.

Tips til lærar

Denne oppgåva sikrar utforskande læring av grammatikk og språk. Ho startar med at elevane fyller tavla med setningar på sitt eige språk, for så å lese teori. Då let du elevane oppdage mønstera i språket sjølv.

Del 1: Skriv på tavla

  1. Tell først opp kor mange ulike språk de har i klassen. Del tavla inn i like mange delar (kolonnar) som de har språk. Skriv namnet på kvart språk øvst i kvar "kolonne".

  2. Ein representant for kvart språk kjem opp på tavla og skriv desse tre setningane inn i kolonnen for språket sitt:

    • Adam liker Sara

    • Sara elskar Adam

    • Eg gir Adam ein klem

Dei som bruker andre alfabet enn det latinske (det som norsk blir skrive med), må prøve å omsetje skriftleg ved å skrive orda på norsk over kvart ord på språket sitt. Dette er for at alle skal forstå i kva rekkefølge orda kjem.

Tips til lærar

Denne delen kan òg løysast digitalt. Du kan bruke eit samskrivingsdokument som du deler med elevane dine. Lag kolonnane på førehand og vis dokumentet på storskjerm. Ved å gjere dette digitalt varetek du behova til dei som treng lese-og skrivestøtte. Du kan òg lagre og dele dokumentet i etterkant. Viss du lagrar det som PDF, låser du det for vidare redigering.

Del 2: Kva observerer de?

  1. Sit i grupper. Skriv ned alle forskjellane og likskapane de ser mellom språka.

  2. Kan de nokon fagomgrep som beskriv forskjellane? Prøv å bruke desse omgrepa for å setje namn på forskjellane de ser.

  3. Diskuter alle likskapane og forskjellane de ser i klassen.

Kva kan de legge merke til?

Er de usikre på kva det er viktig å sjå etter? De skal dette:

  1. I kva rekkefølge står orda i dei ulike språka? Legg spesielt merke til kvar namnet "Adam" og verbet "liker" står.

  2. Skiftar namna "Adam" og "Sara" form i setning 1, 2 og 3? Får dei til dømes ein annan bokstav til slutt? Eller endrar inni namna seg?

Del 3: Les om leddstillingsspråk og kasus

No skal de lese artikkelen "Leddstillingsspråk og kasusspråk". Det kan høyrast vanskeleg ut, men viss de ser på setningane på tavla, og tenker over diskusjonen de har hatt om forskjellar i språk, vil det hjelpe dykk til å forstå kva både leddstillingsspråk og kasus er.

  1. Les først kapittelet Leddstillingsspråk. Stopp opp når de kjem til delen om kasusspråk.

    1. Sjå på tavla: Prøv å finne ut om dei ulike språka i klassen er SVO-språk, SOV-språk eller VSO-språk.

    2. Samanlikn med det andre i klassen seier.

  2. Les kapittelet Kasusspråk.

    • Kan de finne døme på kasus i setningane på tavla? Ver særleg på jakt etter om namn som "Adam"og "Sara" forandrar form i nokon av setningane.

    • Diskuter i klassen om de har gjort kasus-funn. Prøv òg å forklare kvarandre kvifor namna forandrar form viss de har dette. Bruk omgrep som "subjekt", "direkte objekt" og "indirekte objekt".

    • Diskuter i klassen: Er det nokon som snakkar språk med fri leddstilling? Kan de til dømes stokke om på ledda i setningane på tavla, men likevel få same meining?

Del 4: Samanlikn førstespråket ditt med norsk

Skriv ei kort samanlikning av førstespråket ditt med norsk. Bruk desse fagomgrepa:

  • leddstillingsspråk

  • SOV-språk, SVO-språk og/eller VSO-språk

  • subjekt, verbal og objekt

  • kasusspråk

  • fri leddstilling

Du kan bruke nokre av desse formuleringane i samanlikninga di:

Gode formuleringar når du samanliknar

Viss noko er likt (likskapar)

Viss noko er ulikt (motsetningar)

  • Til liks med norsk er arabisk/dari ...

  • Akkurat som norsk er ...

  • Ein likskap mellom norsk og polsk/kinesisk er at ...

  • Både norsk og engelsk/spansk ...

  • I motsetning til norsk er arabisk/dari ikkje ...

  • Ein forskjell mellom norsk og vietnamesisk/ukrainsk er at ...

  • Ein annan forskjell er at ...

  • Dessutan er pashto/farsi ..., mens norsk er ...

Gå vidare i læringsstien for å presentere førstespråket ditt med norsk.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 11.09.2023