Uregelrette adjektiv: gradbøying
Dette er ein del av ein læringssti om adjektiv. Første trinn er fagartikkelen "Alt om adjektiv".
Desse fagomgrepa blir brukte og forklarte i løpet av teksten:
- Adjektiv
- Adjektiv er ein ordklasse som beskriv noko. Døme: Elefanten er stor, men musa er lita. Her er "stor" og "lita" adjektiv.
- Uregelrett bøying
- Uregelrett bøying betyr at eit ord ikkje følger dei vanlegaste reglane ordklassen har. Til dømes er substantivet "mann" uregelrett fordi det ikkje følger dei vanlege reglane for korleis hankjønnssubstantiv blir bøygde: ein mann – mannen – menn – mennene. Regelrett bøying av substantiv som er hankjønn, er: ein gut - guten - gutar - gutane.
- Antonym
- Eit antonym er eit ord som betyr det motsette av eit anna. Eit døme på eit antonym er: ny – gammal.
- Substantiv
- Substantiv er ein ordklasse med ord som handlar om ting, omgrep og namn. Døme: hus, tanke, Adam.
No skal du lære deg gradbøying av ti vanlege adjektiv som er uregelrette. Åtte av desse er antonym. Antonym er ord som betyr det motsette av kvarandre. Desse er:
ung – gammal
stor – liten
mange – få
god – vond
I tillegg skal du lære gradbøying av desse to adjektiva:
tung
mykje
Bla gjennom presentasjonen under for å lære korleis du bøyer adjektiva, og korleis du bruker dei i setningar.
Mange adjektiv forandrar ikkje form når dei blir gradbøygde. I staden blir orda meir eller mest lagde til framfor dei:
Positiv | Komparativ | Superlativ |
---|---|---|
interessant | meir interessant | mest interessant |
Det er spesielt lange adjektiv og adjektiv som er lånord frå andre språk du skal bøye slik. Her følger ei liste over nokre vanlege adjektiv som du skal bøye med meir og mest framfor:
Positiv | Komparativ | Superlativ |
---|---|---|
moderne | meir moderne | mest moderne |
spennande | meir spennande | mest spennande |
praktisk | meir praktisk | mest praktisk |
typisk | meir typisk | mest typisk |
oppteken | meir oppteken | mest oppteken |
interessert | meir interessert | mest interessert |
nervøs | meir nervøs | mest nervøs |
populær | meir populær | mest populær |
einsam | meir einsam | mest einsam |
sliten | meir sliten | mest sliten |
Adjektiv som sluttar på -er, -el og -ein, får ein litt annan skrivemåte i komparativ og superlativ:
Positiv | Komparativ | Superlativ |
---|---|---|
vakker | vakrare | vakrast |
sikker | sikrare | sikrast |
travel | travlare | travlast |
open | opnare | opnast |
Som du legg merke til, mister orda "vakker" og "sikker" ein konsonant. I tillegg mister alle orda den e-en som står nestsist i ordet.
Gå vidare i læringsstien for å øve deg på å bøye uregelrette adjektiv.
Relatert innhald
Øv deg på å gradbøye uregelrette adjektiv.