Hopp til innhald

Du er no inne i ein læringssti

Kvar skal setningsadverbialet stå?

I desse oppgåvene skal du øve deg på å setje setningsadverbialet på rett plass i enkle forteljande heilsetningar på norsk.
To setningar, kvart ord står i ein eigen boks. Den første setninga er "Eg drar ikkje no". Den andre setninga er "No drar eg ikkje". Ordet "eg" er markert som subjekt i begge setningane, med lilla. Ordet "drar" er markert som verb i begge setningane, med oransje. Ordet "ikkje" er markert som setningsadverbial, med rosa. Ordet "no" er markert som "adverbial", med grønt. Illustrasjon.

Dette er ein del av ein læringssti om setningsadverbial. For å komme til starten av læringsstien kan du gå til fagartikkelen "Kva er eit setningsadverbial?".

Oppgåve 1. Kva setning er rett?

Gjer gjerne denne oppgåva i par. Les setningane nøye og diskuter kva for ei av dei som er rett. Hugs at setningsadverbialet skal stå etter verbalet på norsk.

Oppgåve 2. Set orda i rett rekkefølge

Jobb gjerne i par. Set orda som høyrer til biletet, i rett rekkefølge. Hugs at setningsadverbialet skal stå etter verbalet.

NB: Subjektet skal stå først i alle setningane.

Oppgåve 3. Setningar med to verb

Fullfør setningane. Du skal skrive inn orda som står i parentes, i rett rekkefølge.

Oppgåve 4. Lag setningar sjølv

  1. Lag fem setningar sjølv. Dei skal vere enkle heilsetningar, og dei skal innehalde eit setningsadverbial.

  2. Gå saman i par og les setningane høgt for kvarandre. Diskuter om de har klart å setje setningsadverbialet på rett plass. Spør ein lærar om de er i tvil.

Gå vidare i læringsstien for å lære kvar du skal setje setningsadverbialet når subjektet ikkje står først i setninga.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 24.11.2023