Hopp til innhald

Fagstoff

Abiotiske og biotiske faktorar

I eit økosystem er det eit innfløkt samspel og mange ulike faktorar som påverkar kvarandre. Vi skil gjerne mellom abiotiske (ikkje-levande) faktorar og biotiske (levande) faktorar.
En fisk og de ulike faktorene som påvirker livet til fisken. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Faktorar som påverkar

For å få oversikt over samspelet i eit økosystem kan vi skilje mellom det som kjem av abiotiske (ikkje-levande) faktorar, og det som kjem av biotiske (levande) faktorar.

Abiotiske faktorar – effekten av ikkje-levande miljøfaktorar

Ikon som førestiller jordsmonn, fjell, regnsky, kanin, virus, gras og rev, er knytte saman med piler for å vise korleis abiotiske og biotiske faktorar påverkar kvarandre. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er ikkje eit klart skilje mellom dei ulike abiotiske faktorane, men for å få oversikt kan det vere nyttig å gruppere dei:

  • vêr og klima:
    innstråling, nedbør, temperatur og luftfuktigheit

  • jordsmonn og vatn:
    vatn, pH, saltinnhald, næringsstoff, oksygen, organisk materiale, kornstorleik og botnforhold

  • terrengforhold:
    høgd over havet, eksponering, hellingsgrad og -retning

  • miljøendringar og forstyrringar:
    erosjon og forvitring, skred, hogst, snø og is, skogbrann, bølgjer og straumdrag

Biotiske faktorar – effekten av levande organismar

Dei biotiske faktorane er effektane som dei levande organismane har på omgivnadene. Det inneber til dømes at torsk ikkje er ein biotisk faktor i seg sjølv. Det er i staden påverknaden til torsken som er den biotiske faktoren. Det kan til dømes handle om at han et andre fiskar, eller konkurrerer om plassen med andre torskar.

Ikon som førestiller jordsmonn, fjell, regnsky, kanin, virus, gras og rev, er knytte saman med piler for å vise korleis abiotiske og biotiske faktorar påverkar kvarandre. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

For å få oversikt over dei biotiske faktorane kan vi dele dei inn i desse kategoriane:

  • konkurranse (innan ein art eller mellom artar)

  • predasjon

  • symbiose

  • sjukdom

Abiotiske og biotiske faktorar heng tett saman

Legg merke til at det ofte ikkje er noko klart skilje mellom dei abiotiske og biotiske faktorane: Ein abiotisk faktor som jordsmonn påverkar den biotiske faktoren næring, som i sin tur påverkar individa i ein populasjon.

Tettleiksavhengige faktorar – talet speler inn

Nokre faktorar blir påverka av tettleiken av individ i populasjonen. Vi kallar desse faktorane for tettleiksavhengige faktorar. Det kan bli knappleik på ressursar som næringsstoff, oksygen og plass. Vidare er det lettare å finne make når det er mange å velje blant, og sjukdommar spreier seg lettare når individ lever tett på kvarandre. Døme på faktorar som påverkar uansett tettleik av organismar, er temperatur, høgd over havet og luftfuktigheit.

To tverrsnitt av same innsjø. Begge innsjøane har sollys, ein vassplante og dyreplankton. Den eine innsjøen har to fiskar, mens den andre har fem. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Diskuter

Er desse faktorane abiotiske eller biotiske? Kva for nokre er tettleiksavhengige?

  • innstråling frå sola

  • vindstyrke

  • oksygenkonsentrasjon i ein innsjø

  • fisk som et dyreplankton

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 20.05.2021

Læringsressursar

Økologi