Hopp til innhald

Fagstoff

Inntekter og kostnader

For å kunne drive ein gard lønnsamt må du som bonde ha god oversikt over økonomien på garden. Både på det du får inn av inntekter, og det du har av kostnader. Helst bør du sitje igjen med eit overskot etter at du har betalt alle rekningane.
Hand på tastatur på ein pc med ulike diagram. Foto.

Inntekter

Produksjonsinntekter

Det du som bonde får for sal av produkt eller tenester, blir kalla produksjonsinntekter. Prisane kan variere frå år til år og blir regulerte av jordbruksoppgjeret.

Målpris

For at matvareprisane skal vere konkurransedyktige i ein marknad, blir det fastsett ein målpris på ulike produkt gjennom jordbruksavtalen. Dette er ein gjennomsnittspris som bonden får for produkta sine.

Prisnivået blir påverka av kor mykje som blir produsert. Viss det blir produsert for mykje, vil det føre til overproduksjon, og prisane går ned. Viss det blir produsert for lite, vil det føre til underproduksjon, og prisane går opp.

Viss prisane held seg høge over tid, kan det bli opna for import av landbruksvarer, fordi det er billigare å importere varene enn å produsere dei sjølv.

Produksjons- og avløysartilskot

Når vi produserer mat, har vi mange utgifter, til dømes utgifter til straum, drivstoff, kraftfôr, kunstgjødsel, såfrø, vedlikehald og leigekostnader. For å sikre at vi som bønder sit igjen med eit visst overskot, blir dette kompensert med tilskot.

Du kan til dømes søke om tilskot etter kor stort areal du har, kva du dyrkar, talet på dyr og dyreslag, om du driv økologisk og om avløysartilskot. Tilskotssatsane varierer etter kvar i landet du bur, og dei kan forandre seg frå år til år.

Kostnader

Vi skil mellom variable og faste kostnader. Summen av faste og variable kostnader kallar vi totale kostnader.

Variable kostnader

Variable kostnader er kostnader som varierer i takt med ein produksjon. Viss du til dømes aukar talet på dekar du skal så eller gjødsle på, vil du få høgare kostnader til innkjøp av såfrø og gjødsel. Det same gjeld viss du aukar talet på dyr i ei besetning og derfor må auke mengda kraftfôr.

Faste kostnader

Faste kostnader er kostnader som ikkje er påverka av kor stor produksjonen er, då det blir rekna med at forbruket er omtrent det same. Dei faste kostandane er uavhengige av talet på dyr du har i fjøset, eller talet på dekar du skal så eller gjødsle på.

Variable kostnader

Planteproduksjon

Døme på variable kostnader i planteproduksjon kan vere

  • såfrø

  • såkorn

  • kalk (fordelt over talet på år)

  • kunstgjødsel

  • sprøytemiddel

For eittårige kulturar er det oversiktleg å ha eit oppsett der vi samanliknar kvar vi får størst lønnsemd. Det er nyttig til dømes viss vi vil vurdere ulike produksjonar opp mot kvarandre. Kva gir best økonomisk gevinst av dei kornsortane vi kan dyrke? Eller viss òg vi driv med husdyrproduksjon: Er det gevinst i å optimalisere grovfôrdyrkinga, eller det rom for andre forbetringar?

Traktor fyller kunstgjødsel frå storsekkar ned i gjødselspreiaren på ein annan traktor. Foto.

Husdyrproduksjon

Døme på variable kostnader i husdyrproduksjon kan vere

  • veterinær

  • innkjøp av dyr

  • kraftfôr

  • strø

Mengda kraftfôr, strø og veterinærutgifter vil auke for kvart ekstra dyr vi har i fjøset, og minke tilsvarande viss vi har færre dyr.

Kvinne med dyrlegefrakk på veg inn i eit grisefjøs. Ho har på høyrselsvern og ber ei bøtte med utstyr. Foto.

Faste kostnader

Faste kostnader er kostnader som er meir eller mindre konstante. Dei blir ikkje borte sjølv om vi avsluttar produksjonen, eller det kan vere vanskeleg å knyte kostnaden direkte til ein produksjon.

Døme på dette er

  • straum

  • avskrivingar (verditap)

  • telefon

  • forsikringar

  • vedlikehald (maskiner, bygningar, jord, grøfter, veg)

  • maskinleige

  • jordleige

  • drivstoff og olje

Innleigd arbeid er òg vanlegvis med her. Det gjeld likevel ikkje viss vi bruker arbeidet direkte i ein produksjon, til dømes ved jordbærhenting i jordbærproduksjonen eller opptak av gulrøter. Då skal kostnaden førast under variable kostnader. Drivstoff og olje kunne vi i utgangspunktet tenkt som variable kostnader, men det blir rekna som faste kostnader. Det er fordi det i praksis er vanskeleg å fordele forbruket på kvar enkelt produksjon.

Avskriving

Eigedelar blir slitne og taper verdi over tid. Når vi bygger på fjøset, kjøper ein ny traktor eller gjennomfører andre investeringar i noko som har lang levetid, kan vi fordele kostnadene på talet på år denne investeringa er forventa å vare. Dette blir kalla avskriving.

Døme

La oss seie at du kjøper ein traktor til 800 000 kroner. Traktoren har ei forventa levetid på ti år. I staden for å belaste heile kostnaden på 800 000 kroner i det året du kjøper traktoren, kan du fordele kostnaden over dei ti åra traktoren er forventa å vere i bruk.

Kontroll på pengestraumen

I all økonomisk verksemd er det viktig å ha kontroll på pengestraumen for å sikre at det blir størst mogleg økonomisk overskot av arbeidet som blir lagt ned. Det er mykje som skal betalast, og mykje å halde styr på i ein hektisk kvardag. Til å hjelpe oss med å halde ei oversikt over dette kan vi bruke ein metode for å berekne lønnsemda som blir kalla dekningsbidrag.

Dekningsbidrag

Dekningsbidraget eit lønnsemdsmål vi set opp for kvar enkelt produksjonseining (per dekar dyrkingsareal, per dyr). Vi finn dette ved å trekke dei variable kostnadene frå salspris. Dekningsbidraget er det som skal dekke opp dei faste kostnadene ved produksjonen.

Dekningsbidrag = salspris - variable kostnader

Totalt dekningsbidrag

Totalt dekningsbidrag får vi når vi multipliserer dekningsbidrag (per årsku, per daa) med talet på einingar. Dekningsbidraget bør vere større enn dei faste kostnadene for at verksemda skal gå med overskot.

Totalt dekningsbidrag = dekningsbidrag · talet  einingar

Driftsresultat

Driftsresultat er overskotet vi sit igjen med når alle kostnader er dekte.

Driftsresultat er totalt dekningsbidrag og tilskot fråtrekt faste kostnader. Illustrasjon.

Omgrep

Produksjonsinntekter (PI)
er det du får igjen frå sal av det du produserer.
Jordbruksoppgjeret
er årlege forhandlingar mellom stat og jordbruk. Det er forhandla fram av bondeorganisasjonane (Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag).
Målpris
er gjennomsnittspris på jordbruksprodukt fastsett i jordbruksavtalen.
Jordbruksavtalen
er ein avtale om rammevilkåra i landbruket. Han blir inngått kvart år mellom staten og bondeorganisasjonane.
Produksjons- og avløysartilskot
er tilskotsordningar i landbruket for plante- og husdyrproduksjonar.
Variable kostnader (VK)
er kostnader som varierer i takt med produksjonen.
Faste kostnader (FK)
er kostnader som ikkje er avhengige av produksjonen. Dei er meir eller mindre konstante.
Totale kostnader (TK)
er summen av variable og faste kostnader.
Avskriving
er fordeling av kostnader på ein eigedel over fleire år, etter kvart som verdien blir redusert. Til dømes maskiner og bygningar.
Dekningsbidrag (DB)
er ein måte å berekne lønnsemd på, per produksjonseining. Til dømes per dekar korn, per ku (PI – VK = DB).
Totalt dekningsbidrag
er dekningsbidrag per eining multiplisert med talet på einingar.
Driftsresultat (DR)
er overskotet ein sit igjen med når alle kostnader er dekte.

Oppgåver

Viktige omgrep

Flytt orda til rett plass i teksten.

Variable og faste kostnader

Er kostnadene variable eller faste? Flytt og slepp i rett boks.

Kjelder

Finstad, K. B. (2010). Gårdsbedriften. Lærebok i programfagene gårdsdrift og økonomi og driftsledelse for vg 3 landbruk. Tun Forlag as.

Søbstad, T. (2006). Økonomi og planlegging i landbruket (2. utg.). Landbruksforlaget.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av John Børge Vikanes og Vigdis Jonsen.
Sist fagleg oppdatert 01.09.2024

Læringsressursar

Økonomi