Hopp til innhald
Fagartikkel

Kva er eit budsjett?

Kor mykje skal bedrifta selje neste år, og kva skal til for å nå salsmålet vårt? Vi talfestar forventningane våre i eit budsjett, som er ein økonomisk plan for drifta.

Kvifor utarbeider vi budsjett?

Vi har to hovudtypar av budsjett: resultatbudsjett og likviditetsbudsjett. Resultatbudsjettet utarbeider vi for å sikre oss at bedrifta går med overskot, altså eit positivt resultat. Likviditetsbudsjett har som formål å sikre oss at vi til kvar tid har pengar til å betale rekningane til bedrifta.

Resultatbudsjett

Eit resultatbudsjett er eit planleggingsverktøy som gir oss oversikt over forventa inntekter og kostnader. For å berekne inntektene må vi sjå på forventa sal. Kostnadene finn vi ved å sjå på behov for arbeidskraft (lønn), innkjøp av varer, leige av lokale og andre driftskostnader. Budsjettet må gi overskot, det vil seie at inntektene må vere større enn kostnadene.

Vi utarbeider gjerne eit årsbudsjett. Dette er årsplanen til bedrifta uttrykt i kroner. Eit resultatbudsjett hjelper oss med å lage gode og realistiske planar for drifta.

inntekter

  • salsinntekt utan mva. (på salstidspunktet)

  • finansinntekt, til dømes renteinntekter

innbetalingar

  • pengestraumar, salsinntekter med mva. (når varer og tenester blir betalte)

  • finansinntekt, til dømes renteinntekter

kostnader

  • forbruk av varer og tenester målt i kroner (utan mva.)

  • finanskostnader, til dømes renteutgifter

utbetaling

  • betaling for varer og tenester (med mva.)

  • finanskostnader, til dømes renteutgifter

Likviditetsbudsjett

Likviditetsbudsjettet er ei oversikt over forventa innbetalingar og utbetalingar i ein periode. Innbetalingar er pengar inn på konto. Ved kontant sal vil innbetaling og inntekt vere det same. Viss kunden betaler i ettertid, vil innbetalinga komme etter inntekta.

For å vere sikker på at vi kan betale rekningane våre til rett tid, må vi ha oversikt over pengebehaldninga vår til kvar tid. Det er derfor viktig å setje opp eit likviditetsbudsjett.

Budsjettkontroll

Budsjettet blir òg brukt som eit kontrollverktøy. Dette betyr at rekneskapen (som er dei faktiske inntektene og kostnadene til bedrifta i ein periode) blir samanlikna med tala i resultatbudsjettet. Når vi samanliknar rekneskapstal med budsjettal, lagar vi ein budsjettkontroll.

Ved å setje opp ein budsjettkontroll kan vi analysere forskjellar mellom forventningane våre (budsjettet) og det faktiske resultatet (rekneskapen). Om resultatet vart dårlegare enn forventa, kan vi sjå om det kom av lågare inntekter eller høgare kostnader.

Ein budsjettkontroll fungerer som eit verktøy for å kunne avdekke problem, eller avvik, i løpet av perioden.

Relatert innhald

Fagstoff
Budsjettprosessen

Budsjettprosessen handlar om å finne forventa inntekter, varekostnader og faste kostnader. Vi bruker rekneskapen frå i fjor som utgangspunkt for arbeidet.

Fagstoff
Resultatbudsjett

Eit resultatbudsjett skal vise drifta og den planlagde aktiviteten vår. Det heiter resultatbudsjett sidan det er inntektene og kostnadene vi budsjetterer.

CC BY-SA 4.0Skrive av Tone Hadler-Olsen og Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 14.11.2022