Samarbeid på tvers av fag
LK20 har innført tverrfaglege tema som skal hjelpe elevane til å forstå korleis faga heng saman. Dei tre tverrfaglege temaa i læreplanverket tek utgangspunkt i aktuelle samfunnsutfordringar som krev engasjement og innsats frå enkeltmenneske og fellesskapet i lokalsamfunnet, nasjonalt og globalt: folkehelse og livsmeistring, demokrati og medborgarskap, og berekraftig utvikling.
Desse tverrfaglege temaa kan romme mange undertema og innfallsvinklar. Fleire opnar for tverrfagleg samarbeid i fleire fag. Du finn forslag til tverrfaglege casar i faget tverrfaglege tema.
På studiespesialisering har elevane norsk i alle tre åra. Med 4 + 4 + 6 veketimar får norskfaget stor plass i det samla timetalet til elevane. Norsk er det største faget i norsk skule.
I tillegg til at faget skal gi elevane innsikt i den rike og mangfaldige språk- og kulturarven i Noreg, er det òg eit reiskapsfag. Det å kunne lese, skrive og kommunisere munnleg, og i tillegg ha eit kritisk blikk på tekstar, er sentral kunnskap i norskfaget. Men det er òg viktig i alle andre fag, og sjølvsagt er det òg viktig for vidare utdanning og livet etterpå. Derfor har norskfaget eit særleg godt utgangspunkt for samarbeid på tvers av faggrensene.
Kanskje har du tenkt at det er meir tidssparande å gjennomføre eit opplegg i ditt eige fag, utan å trekkje inn andre, for samarbeid tek tid. Og ja, det tek tid å utvikle eit undervisningsopplegg som skal dekkje kompetansemål i to eller fleire fag. Men innsatsen de legg inn i dette, får både elevar og lærarar igjen for i etterkant.
Djupnelæring og samanhengar
Når elevane får utforska eit tema på tvers av faggrenser og ser korleis "ting heng saman", kan dei oppnå ei djupare forståing av det. Skal dei til dømes forstå kvifor vi lever som vi gjer i Noreg i dag, må dei hente kunnskap frå fleire fagområde og sjå korleis historie, kultur og geografi kan forklare dette. Då er det viktig at elevane får hjelp til å trekkje linjene mellom dei ulike faga og kompetansemåla av lærarar som kjenner fagområda godt.
Definisjon av djupnelæring
Vi definerer djupnelæring som det å gradvis utvikle kunnskap og varig forståing av omgrep, metodar og samanhengar i fag og mellom fagområde. Det inneber at vi reflekterer over eiga læring og bruker det vi har lært, på ulike måtar i kjende og ukjende situasjonar, åleine eller saman med andre.
Kjelde: Utdanningsdirektoratet. (2019, 13. mars). Dybdelæring. https://www.udir.no/laring-og-trivsel/dybdelaring/
Samarbeid om vurdering
Det kan vere ein god idé å la eit tverrfagleg prosjekt ende opp i ein tverrfagleg vurderingssituasjon. Viss elevane leverer eit omfattande arbeid som viser kompetanse i fleire fag, gir det elevane meir tid til å fordjupe seg. Arbeidet erstattar då mange mindre og kanskje meir overflatiske innleveringar.
For læraren er det òg positivt med færre vurderingssituasjonar. Å vurdere saman med andre er potensielt mindre arbeidskrevjande enn å vurdere åleine, då ein del vurderingskriterium gjerne overlappar. Til dømes vil det å bruke fagomgrep korrekt, bruke døme, føre kjelder og vise refleksjon vere noko elevane blir vurderte på i dei fleste fag. Det er òg lærerikt å diskutere kva det vil seie på tvers av fag.
De skal lage eit felles undervisningsopplegg med kompetansemål frå to eller fleire fag. Nokre gonger har faga overlappande tema, som dei historiske periodane du finn i både norsk- og historiefaget. Andre gonger kan elevane jobbe med meir overordna tverrfaglege tema, som demokrati og medborgarskap. Viss det er vanskeleg å finne eit felles tema, kan de samarbeide om vurdering av skriftlege eller munnlege arbeid i eit fag. Då er norsk først og fremst er eit reiskapsfag.
I alle tilfella må de bli einige om kva kompetansemål som skal dekkjast av det det tverrfaglege prosjektet. I tillegg bør ei prosjektskildring innehalde arbeidsformer, vurderingskriterium, tidsbruk og innleveringsfristar. Det må vere tydeleg for elevane kva dei skal lære i prosjektet.
Opphev faggrensene
Sjølv om du er ansvarleg for å hjelpe elevane å oppnå kompetanse i faget ditt, blir tverrfagleg samarbeid mest vellykka om faggrensene blir viska ut for elevane – at dei opplever at dei utviklar kunnskap på tvers av faga og oppdagar korleis det dei lærer, "heng saman".
Det krev at de lærarar samarbeider og forstår kvarandre sine kompetansemål. Det betyr ikkje at norsklæraren skal undervise i til dømes historie, men at elevane kan jobbe med dei historiske delane av eit prosjekt i norsktimane og få støtte til å finne kunnskap og lære seg ferdigheiter som trengst der.
Nokre forslag til overordna tema de kan jobbe tverrfagleg om:
Tema | Fag 1 | Fag 2 | Fag 3 | Fag 4 |
---|---|---|---|---|
Utanforskap | Norsk vg1 | Samfunnskunnskap | Kroppsøving | |
Minoritetar | Norsk vg1 | Samfunnskunnskap | Kroppsøving | |
Berekraftig utvikling | Norsk vg1 | Samfunnskunnskap | Naturfag | Kroppsøving |
Mennesket i naturen | Norsk vg1 og vg2 | Biologi 1 | Kroppsøving | |
Mellomalder | Norsk vg2 | Historie | ||
Nasjonsbygging | Norsk vg2 | Historie | ||
Etikk og filosofi | Norsk vg3 | Historie | Religion | |
Eksistensielle spørsmål | Norsk vg3 | Religion | ||
Propaganda – "ord som våpen" | Norsk vg3 | Historie | ||
Krig og meiningsløysa ved krigen | Norsk vg3 | Historie | ||
Kunst, litteratur og samfunn | Norsk vg3 | Historie | ||
Kropp | Norsk vg1 og vg3 | Samfunnskunnskap | Naturfag | Kroppsøving |