Fagfornyinga i norsk vg3 påbygg på NDLA
I faget norsk vg3 påbygg på NDLA vil du finne fagartiklar, oppgåver, tidslinjer, læringsstiar, filmar og interaktive oppgåver som dekker alle kompetansemåla i norskfaget i LK20.
Vi har lagt vekt på å følge intensjonane i overordna del, kjerneelement og tekstar som beskriv relevansen til faget og sentrale verdiar. Det vil seie at du vil finne fagressursar som skal få elevane til å utforske, vere kreative og skapande. Elevane blir utfordra til å reflektere, sjå etter samanhengar, vere kritiske og gå i djupna. Vi har òg teke på alvor at norsk er eit sentralt fag for kulturforståing og identitetsutvikling. Gjennom tekstar og oppgåver skal elevane utfordrast til å finne si eiga stemme og få eit nytt blikk på seg sjølv og "dei andre".
Vi held fram med å strukturere faget etter kjerneelementa, men det dukkar opp mange nye undertema, og plasseringa kan skilje seg noko frå dagens fag. Enkelte velbrukte fagressursar har fått ei lita ansiktsløfting, men vi har òg funne og laga mykje nytt innhald, mellom anna nye kjeldetekstar (både skjønnlitteratur og sakprosa), nye undervisningsfilmar og svært mange nye oppgåver. Under kan du lese om nokre grep vi har teke:
Skriveopplæring
Vi fører vidare grepa frå vg1 med modelltekstar og steg-for-steg-læringsressursar som styrker skriveferdigheitene til elevane. Oppdraga blir litt meir krevjande, og vi innfører nokre fleire omgrep for å sikre progresjon i skriveopplæringa. Vi utviklar òg skriveressursar der elevane trenar heilt spesifikt på skriftleg eksamen.
Tematisk tilnærming
Under kjerneelementet "Tekst i kontekst" held vi fram med tematisk inndeling av ressursane. I vg3 påbygg legg læreplanen vekt på at elevane skal sette tekstar i kulturhistorisk kontekst og drøfte korleis dei er relevante i dag. Derfor vil det å trekke linjer mellom fortid og notid vere viktig både i oppgåvene og i fagstoffet under dei ulike temaa.
Undertema i påbygg er:
Kulturmøte og identitet
Kjønnsroller i tekstar
Memento mori
Skam og ære
Mennesket og maktene
Familien i litteraturen
Heltar
Mennesket og naturen
Opprøret mot autoritetane
Utanfor eller innanfor?
Likestilling og seksualitet
Kvart tema har ein fagartikkel som trekker linjene mellom eldre og nyare litteratur, og fleire oppgåver som ber elevane utforske og gå i djupna.
Ikkje berre tematisk
I tillegg til tematiske inngangar til "Tekst i kontekst" vil du finne ressursar ordna kronologisk under temaet "Litteraturhistorie" og i den nyoppussa språk- og litteraturhistoriske tidslinja.
Språk, kultur og identitet
Kompetansemålet som er knytt spesifikt til språk, seier at elevane skal bruke fagspråk til å beskrive særtrekk ved norsk, sammenlikna med svensk, dansk og norrønt. Sjølv om kompetansemålet om nabospråka ikkje tek for seg forståing mellom nabospråka, ønsker vi å bidra til nabospråkforståinga ved å lage nye ressursar til dette temaet.
Kompetansemålet som omfattar heile språkhistoria, seier at elevane skal gjere greie for den historiske bakgrunnen for språksituasjonen i Noreg i dag. Vi har valt å ta utgangspunkt i dagens språksituasjon når vi tek opp dei sentrale hendingane i norsk språkhistorie. Ei rekke ulike artiklar, filmar og oppgåver skal hjelpe elevane å forstå kvifor vi skriv og snakkar slik vi gjer i Noreg i dag.
I det siste målet skal elevane gjere greie for endringar i talespråk i Noreg i dag og reflektere over samanhengar mellom språk, kultur og identitet. Her tek vi for oss situasjonen i dag, men prøver òg å sjå fram i tid. Samtidig ser vi på korleis talespråket, og spesifikt dialektane, har endra seg over tid. For dei som vil fordjupe seg i dialekttrekk, har vi oppdatert dialektlæra.
Samansette tekstar
Under dette emnet vil de finne alt de treng for å jobbe med læreplanmålet som krev at elevane skal analysere uttrykksformer i samansette tekstar i ulike medium og vurdere samspelet mellom dei. I vg3 har vi òg valt å utfordre nokre etablerte praksisar i klasserommet, slik at elevane ikkje berre endar opp med å analysere reklametekstar. Dei kan dykke i djupet på mellom anna mem, geriljabroderi og gatekunst.
Metodane og tilnærmingane som ligg i overordna del, gjeld alle fag, og det har vi i NDLA teke på alvor. Vi har derfor laga eit eige "fag" som vi kallar Verktøykassa – med ei verktøykasse for elevar og ei verktøykasse for lærarar. Der ligg det ressursar som både lærarar og elevar vil ha nytte av i planlegging av undervisning og i læringsarbeidet.
Jobb tverrfagleg
Du kan jobbe med tverrfaglege tema berre i norskfaget, og då finn du ressursane ved å søke på temaet når du er i faget. Du kan òg la elevane jobbe med problemstillingar dei kan finne svar på ved å bruke ressursar frå fleire fag. Vi har samla fleire slike problemstillingar og casar i eit eige fag: Tverrfaglege tema.