Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Utforsk framtidas norsk

Fagartikkel

Vil norsk døy?

Kva vil skje med språket vårt i framtida? Vil det bli eit lågstatusspråk i eit tospråkleg samfunn, blir det eit blandingsspråk vi ikkje kan kjenne igjen, eller blir det fullstendig erstatta av engelsk? La oss undersøkje moglegheitene.

Før du les:

  • Kva trur du vil skje med norsk om 200 år?

  • Har du nokon argument som kan styrkje antakinga di?

Framtidsnorsk?

VUL dessa signals
da bli som gudars tekn?
VUL wi da faa old gudars
meining back?

Rimbereid, 2004

Sitatet over er frå diktsamlinga Solaris korrigert av Øyvind Rimbereid, der han skriv på det han ser for seg er eit framtidsnorsk. Kan du forklare kva som er skjedd? Forstår du språket?

Nei, norsk døyr ikkje ut

"Norsk er på ingen måter truet. De som mener det prater bare tullball."

Språkprofessor Arne Torp (Bakken 2015)

Mange deler synet til professor Arne Torp og er ikkje spesielt redde for at norsk kjem til å døy ut. Viss vi samanliknar norsk med dei språka som verkeleg er utryddingstrua i dag, er det lite som tilseier at norsk er i fare for å døy ut.

Eit språk blir definert som trua når talet på barn som kan snakke språket, går ned. Det skjer når foreldre sluttar å oppdra barna sine i det språket, fordi dei trur barna sine moglegheiter i livet blir betre med eit anna språk. Det skjedde til dømes med samisk her i Noreg fram til 1970-åra, og dei samiske språka er i dag trua språk.

Utryddingstrua språk er dessutan gjerne minoritetsspråk som i lita grad blir brukte som skriftspråk, eller som ikkje har skriftspråk i det heile. Dei gjeld stort sett òg språk som ikkje blir brukte av samfunnsberande politiske eller kulturelle institusjonar som regjering, offentleg forvaltning, skular, universitet, medium og andre kulturelle tilbod.

Inga av desse skildringane passar med norsk, som rekna etter talet på språkbrukarar er ca. nummer 100 av dei over 6000 språka i verda. Norsk er eit nasjonalspråk og eit majoritetsspråk med to (!) skriftspråk, det blir brukt i alle institusjonane i samfunnet, og det blir framleis lært vidare til nye generasjonar. Og sjølv om nokon hevdar at dei ønskjer engelsk velkommen, er eit overveldande fleirtal ikkje interessert i å erstatte norsk med engelsk.

Brei semje

Ingenting varer evig, heller ikkje norsk, og det er brei semje om at norsk vil forandre seg ganske kraftig dei neste 100–200 åra. Samtidig er dei aller fleste språkforskarane einige om at norsk ikkje er eit utryddingstrua språk, og at norsk ikkje vil døy i overskodeleg framtid. Kor raskt språket vil endre seg, og i kva retning, veit vi ikkje sikkert. Det kjem mellom anna an på vår eigen og politikarane sin vilje til å bruke og ta vare på det norske språket.

Tenk over:

Kva for nokre positive og negative konsekvensar kan det få om engelsk tok over for norsk i Noreg?

Jo, norsk står i fare for å døy ut

"… alle dei har rett, som seier at situasjonen for norsk i dag er udramatisk. Men så å trekkja den konklusjonen at det er ingen fare for norsk i framtida, er mildt sagt uansvarleg."

Språkprofessor Sylfest Lomheim (Uri 2004)

Nokon, som professor Sylfest Lomheim i sitatet over, uttrykkjer likevel uro for framtida til det norske språket. Kva er dei bekymra for?

Lånord og kodeveksling

Mange av dei som er bekymra, grunngir bekymringa med alle dei engelske orda dei høyrer i kvardagsspråket og blant ungdommen. Engelsk har fått ein statusverdi i samfunnet, og særleg blant unge har det blitt vanlegare å kodeveksle. Kodeveksling vil seie å veksle mellom to språk. Ei slik kodeveksling kan vere ei varsellampe for omfattande språkendring, men det er ikkje lånord språkforskarane er mest bekymra for. Den største faren for norsk språk i dag er nemleg domenetap.

Domenetap

Ordet domene betyr område, og vi kallar det domenetap når eit språk gradvis blir erstatta av eit anna språk innanfor eit samfunnsområde. I Noreg er det særleg to samfunnsområde der norsk er spesielt utsett for domenetap, nemleg internasjonalisert næringsliv og akademia (forsking og høgare utdanning). Viss vi berre nyttar engelsk innanfor desse områda i framtida, vil det få negative konsekvensar. Det kan gi dårlegare prestasjonar i arbeidsliv, forsking og utdanning, forverre kommunikasjonen over faggrenser og forverre kommunikasjonen mellom forsking og folket som skal dra nytte av ho. Det kan òg gjere engelsk til eit elitespråk og norsk til eit lågstatusspråk, forsterke negative haldningar til eige språk og skape større sosiale skilje. Dessutan vil studentar som skal bli noko anna enn forskarar, til dømes fysioterapeutar, advokatar, ingeniørar eller lærarar, neppe klare seg utan eit norsk fagspråk.

Andre domene der engelsk har fått større innpass dei siste tiåra, er kultur- og mediesektoren og informasjons- og kommunikasjonsteknologisektoren. Mykje av informasjonen og kommunikasjonen på Internett går føre seg på engelsk, og det engelskspråklege underhaldningstilbodet er større enn nokon gong.

Tenk over:

I teksten over står det at domenetap for norsk språk kan føre til større sosiale skilje i samfunnet. Kan du førestille deg nokon konkrete døme på det? Diskuter gjerne med andre i klassen.

Kva kan vi gjere?

Det er mange tiltak som kan motverke domenetap og eventuell språkdød. Sidan nesten all kunnskapsutvikling er internasjonal, blir fagspråk som regel først utvikla på engelsk. Derfor vil det hjelpe å utvikle eit fungerande norsk fagspråk og å sørgje for gode norskspråklege lærebøker i tillegg til engelske. Det vil òg vere viktig å verne om norsk som opplæringsspråk i barnehagar, i grunnskular og i vidaregåande skular.

Andre tiltak vil vere å utvikle konkurransedyktig norsk dataprogramvare og kvalitetsinnhald på Internett, både ved å produsere eige og ved å omsetje engelskspråkleg innhald. Det vil òg vere føremålstenleg å sikre eit godt norskspråkleg tilbod innanfor kultur- og mediesektoren, til dømes filmar, seriar, reklamar og dokumentarar. Eit breitt nordisk samarbeid kan vere ei motvekt til det engelske.

Kven har ansvaret?

Ansvaret kan ikkje berre liggje hos universiteta, programvareprodusentane eller medieaktørane. Som Øyvind påpeiker i videoklippet over, ligg ansvaret òg hos deg og meg. Generell kunnskap om fordelane med eit fungerande norsk språk er viktig. Sist, men ikkje minst må det òg vere ein politisk vilje til å verne om norsk språk. Det offentlege kan gjennom politiske vedtak, haldningsskapande arbeid, reglar, lover og økonomiske støtteordningar leggje til rette for at tiltaka ovanfor i det heile er moglege å gjennomføre.

Du finn informasjon og videoklipp om språklova på nettsidene til Språkrådet.

Døyr. Døyr ikkje. Døyr. Døyr ikkje …

Utan at vi kan seie det heilt sikkert, verkar det ikkje så sannsynleg at norsk vil bli erstatta av eit heilt anna språk. Derimot verkar det meir sannsynleg at vi blir tospråklege i endå større grad enn i dag, og at norsken i framtida vil likne meir på framtidsnorsken til Rimbereid i Solaris korrigert enn på dagens norsk eller engelsk.

Engelskdominansen innanfor visse samfunnsområde, særleg ungdomsdomena, er stor, og det ser ut til å halde fram slik i overskodeleg framtid. Dette kjem nok til å påverke norsk i ganske stor grad, og det har allereie byrja. Slik norsk var eit ganske anna språk før og etter den hanseatiske påverknaden i mellomalderen, vil norsk i framtida vere ganske annleis enn i dag. Men etterkommarane våre vil nok likevel kalle det norsk.

Nokon vil kalle det eit tap, andre vil seie at det er berikande. Kva tenkjer du?

Kjelder

Bakken, A. H., Gjerde, P. B. & Holter, H. (2015, 7. mars). Dialektentusiasten spår dialektenes død. Glåmdalen. Henta februar 2022 frå https://www.glomdalen.no/kultur/sprak/nyheter/dialektentusiasten-spar-dialektenes-dod/s/5-19-33463

Kristoffersen, G. (2005). Vil det norske språket overleve? Aftenposten. Henta februar 2022 frå https://www.aftenposten.no/meninger/kronikk/i/0QyEJ/vil-det-norske-spraak-overleve

Kultur- og kyrkjedepartementet. (2007–2008). Mål og meining. Ein heilskapeleg norsk språkpolitikk. Kortversjon av St.meld. nr. 35 (2007–2008). Henta februar 2022 frå https://www.nb.no/items/3d8301998bb5679af9f5b0b26f383efc?page=1

Regjeringa. (2018). Fakta om samiske språk. Henta februar 2022 frå https://www.regjeringen.no/no/tema/urfolk-og-minoriteter/samepolitikk/samiske-sprak/fakta-om-samiske-sprak/id633131/

Uri, H. (2004). Hva er språk. Universitetsforlaget. Oslo.

CC BY-SA 4.0Skrive av Christian Lund.
Sist fagleg oppdatert 23.11.2021