Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Utforsk framtidas norsk

Fagartikkel

Norsk grammatikk og norske lydar i framtida

Både grammatikken vår og språklydane våre har forandra seg sidan vi snakka norrønt her til lands. Det er døme på endringar også i dag.

Grammatikken har endra seg før

Norsk grammatikk har endra seg mykje sidan norrønt. I norrønt bøygde vi til dømes verb i person og tal, slik tilfellet er i engelsk i dag, vi bøygde substantiv i kasus, slik tilfellet er i tysk i dag, og vi hadde til og med totalsformer av personlege pronomen, slik tilfellet er i samisk i dag.

Språket vårt har altså gått gjennom store grammatiske endringar dei siste tusen åra. Kva skjer med grammatikken i dag og i framtida?

Kva for nokre grammatiske endringar kan vi vente oss?

Viss det er grammatiske reglar mange ofte gjer feil, kan det vere eit teikn på at grammatikken er i endring. Så viss vi undersøkjer språkbruken vår akkurat no, kan vi kanskje gjere nokre kvalifiserte gjettingar om kva for nokre grammatiske endringar vi kan få i norsk i framtida. Til dømes ser vi at grammatiske reglar i skriftspråket som vi ofte gjer feil og stadig må bli minna på, gjerne er reglar som har forsvunne frå talespråket allereie.

Tenk over:

Kva for nokre grammatiske feil gjer du ofte?

Vi skal sjå på nokre slike tilfelle i norsk, som mellom anna professor Helene Uri går ut frå vil føre til endringar i norsk.

"De gikk å spurte de"

Kanskje vil skiljet mellom "de" som subjektsform og "dem" som objektsform forsvinne frå bokmål og dermed også bokmålsnært talespråk. Skiljet er allereie viska ut i mange dialektar. Kanskje vil skiljet mellom "då" og "når" bli viska ut, det same med bruken av adverbet "lenger" og adjektivet "lengre". Vidare kan vi ganske sikkert spå slutten for forskjellen mellom formene "brende", "hengde" og "brann", "hang". Og skiljet mellom "og" og "å" er allereie forsvunne frå talespråket; sjølv om nokon seier /åg/, blir begge orda gjerne uttalte /å/. Kanskje vil skiljet "og"/"å" også forsvinne frå skriftspråka.

Tenk over:

Veit du kva som er forskjellen mellom fortidsformene "brende" og "hengde" på den eine sida og "brann" og "hang" på den andre?

Ord som "byter lag"

I framtida vil både substantiv og verb "byte lag", det vil seie at dei endrar bøyingsmønster og dermed flyttar til ein annan bøyingskategori.

Norske substantiv har skifta kjønn før, og det vil nok halde fram med å skje. For tusen år sidan var "vår", "sommar", "haust" og "vinter" inkjekjønnsord, og no for tida seier folk "ei fjør" og "eit fjør" om kvarandre. Andre diskuterer om det heiter "ein strikk" eller "eit strikk" og "ein hamster" eller "eit hamster". Denne variasjonen varslar antakeleg ei språkendring.

Mange av dagens svake verb var sterke tidlegare, og tendensen er at stadig fleire sterke verb byter bøyingsmønster og blir svake. Det vil nok halde fram med å skje i framtida. Stadig færre reagerer på former som "lata", "flydde", "ridde", "skjerte" og "berte", sjølv om det etter skrivereglane heiter "lét", "flaug", "rei"/"reid", "skar" og "bar".

Kven sitt, sa du?

Karianne hentar barnet hennar i barnehagen

Kva betyr setninga over? Viss du trur det er snakk om barnet til Karianne, er det kanskje eit signal om at språket vårt er i endring. I norsk har vi nemleg ein regel som seier at det heiter "Karianne hentar barnet sitt", men "Barnet hennar heiter Sofia". I dag seier og skriv fleire og fleire "Karianne hentar barnet hennar" i tydinga "Karianne hentar barnet til Karianne". Forsvinn skiljet mellom "hennar", "hans" og "deira" på den eine sida og "sin", "si", "sitt" og "sine" på den andre? Det trur språkprofessor Helene Uri.

Frå tre til to kjønn?

Bergensk har i fleire hundre år hatt to kjønn: inkjekjønn og felleskjønn. Følgjer resten av landet etter? Det kan sjå sånn ut. I bokmålsnær uttale og i talespråket i Oslo er det no også i stor grad berre to kjønn. Studiar av språket i Tromsø og Trondheim viser same tendensen: hokjønn kan vere på veg ut i dei største byane.

Det første teiknet på at hokjønn forsvinn, er at dei unge med bokmålsnære dialektar i aukande grad bruker den ubestemde artikkelen "en" framfor hokjønnsord, til dømes "en jente", "en flaske" eller "en sol". Mange held på a-ending i bestemd form: "den jenta", "den flaska", men også der er det endring på gang. Fleire og fleire seier "den flasken", "den solen" og så vidare.

Tenk over:

Treng vi grammatisk kjønn?

Kvifor endrar grammatikken seg?

Ei grammatisk endring startar med at språkbrukarar gjer feil, rett og slett. Og jo oftare ein regel blir broten, jo meir sannsynleg er det at feilen blir overført til neste generasjon, og at regelen forsvinn frå språket.

Det som skjer ved grammatiske endringar, er at språksystemet blir forenkla. Det blir altså mindre komplisert, og grammatikken i språket vårt har dei siste to tusen åra blitt forenkla ved at ulike bøyingar eller heile bøyingskategoriar har falle bort. Alle døma du har lese om over, er døme på grammatisk forenkling.

Språklydane har endra seg før

I norrønt hadde vi to th-lydar, som i engelsk "they" og "thing". Derimot hadde vi verken kj-lyd eller sj-lyd. Og mens tjukk l antakeleg oppstod i norrøn tid, kom ikkje skarre-r før omtrent mot slutten av 1700-talet.

Kva lydendringar kan vi vente oss?

Korleis blir det i framtida? Kjem vi til å skarre på r-ane alle saman? Blir kj-lyden borte igjen? Og kjem th-lydane tilbake?

Når eit språktrekk varierer i befolkninga, særleg mellom den eldre og den yngre generasjonen, er sjansen til stades for at vi er vitne til ei språkendring. Vi skal sjå på nokre tilfelle av lydvariasjon i norsk i dag, som kanskje kan fortelje oss om lydane i norsken i framtida.

Fell sj- og kj-lyden saman?

Ei av dei lydendringane som har vore mest omtalt dei siste åra, er samanfall av sj- og kj-lyden. Mange unge under 25 år uttaler i dag ordet "kino" med sj-lyd – altså /sjino/. Vaksengenerasjonen oppfattar ofte i første omgang slike lydendringar som talefeil. Mange barn har nok blitt sende til logoped for å lære seg å uttale ordet "kino" rett. Nokon hevdar at fenomenet oppstod i Fyllingsdalen i Bergen, og at det deretter raskt spreidde seg til både Austlandet, Sørlandet og Trøndelag. Ein veit ikkje sikkert kvifor det oppstod, men dei to lydane er ganske like og lette å forveksle, så sannsynlegvis er det ei forenkling. Sj-lyden er enklare å lære å uttale, og dessutan er sj-lyden vanlegare enn kj-lyden på verdsbasis.

Kor langt vil skarre-r-en spreie seg?

Fleire og fleire bruker skarre-r. Dette gjeld spesielt for områda nord for Kristiansand og nord for Bergen. Det er minst to grunnar til at skarre-r spreier seg. For det første er han lettare å uttale enn rulle-r. Barn lærer å seie skarre-r tidlegare enn rulle-r. Den viktigaste grunnen er likevel at bymåla med skarre-r påverkar talemålet i områda rundt. Det er verd å merke seg at utbreiinga av skarre-r ser ut til å stoppe når ho møter dialektar med retrofleksar. Dessutan veit vi ikkje kor sterk påverknad r-uttalen i hovudstadsspråket og standard austlandsk talespråk vil ha på skarre-r i framtida.

Endringa i l-uttalen i Oslo-området – vil ho halde fram med å spreie seg?

Tradisjonelt har dialektane i Oslo-området ein l-lyd i ord som "ball", "skal", "mål" og "halde", og ein annan l-lyd i ord som "bille", "kveld", "føle" og "liten". Blant barn og unge fell desse saman til éin l-lyd, og det er l-lyden i "bille", "kveld" osb. som tek over. Denne uttalen blir av mange forbunden med Østfold-dialektane, og blir derfor kalla Østfold-l. Faktisk er l-en eigentleg ikkje spesiell for Østfold – det er kvar han blir brukt, som er spesielt.

Mange, språkforskarar inkludert, har late seg overraske av at eit språktrekk frå Østfold "spreier seg" til hovudstaden og dei såkalla prestisjespråka på vestkanten i Oslo og i Asker og Bærum. No er ikkje forskarane så overraska lenger, for det er ikkje Østfold-l-en som spreier seg; forklaringa ligg i språket i seg sjølv:

[Dette er] språklig utvikling. Det vi kaller «Østfold-L» er den mest utbredte L-lyden. Når denne vinner frem, kan vi si at L-systemet forenkles, sier hun. Og jo flere brukere, jo mindre slagkraftig motstand.

Språkforskar Bente Ailin Svendsen (Halvorsen, 2013)

Sidan talespråket i og rundt Oslo har høg status, kan denne l-lyden spreie seg utover i landet.

Kvifor endrar språklydane seg?

Det er hovudsakleg to årsaker til at språklydar endrar seg. Den eine årsaka til endring ligg i språket i seg sjølv. Det kallar vi ei indre årsak. Det kan til dømes vere lydar som liknar kvarandre, lydar som påverkar kvarandre, eller lydar det er vanskeleg å uttale – som gjer at vi snakkar feil. Den andre årsaka til endring er kontakt mellom språk. Det kallar vi ytre årsak. Det kan vere at ein eller fleire lydar i eit språk eller ein dialekt smittar over på eit anna språk. Vi kan også snakke om ei tredje årsak, for desse to årsakene kan verke samtidig.

Som døme på ei lydendring som har indre årsaker, kan vi ta uttalen av orda "Oslo", "slå" og "slite". Orda vart opphavleg uttalte med s, men mange uttaler i dag desse orda med sj, "osjlo". Det er fordi l-lyden har påverka s-uttalen til å bli likare l-uttalen. L blir nemleg uttalt med tungespissen oppe i gommen, mens s blir uttalt med tungespissen bak framtennene. Ved å seie sj i staden for s, treng vi ikkje flytte tunga like langt. Både l-utviklinga i Oslo og samanfallet mellom kj-lyd og sj-lyd har antakeleg indre årsaker.

Som døme på ei lydendring som har ytre årsaker, har vi innføringa av skarre-r i norsk. Skarre-r-en oppstod antakeleg i Paris på 1600-talet og spreidde seg via større byar i Danmark og Sverige vidare til Noreg fordi lyden blei knytt til ein viss status. Spreiinga av skarre-r i Noreg dei siste to hundre åra kan likevel stå som eit døme på at både ytre og indre årsaker verkar samtidig. Skarre-r er faktisk enklare å lære å uttale enn rulle-r.

Relatert innhald

Kjelder

Halvorsen, B. E. (2013, 11. januar). "Østfold-L-en" sprer seg i Oslo. Aftenposten. https://www.aftenposten.no/oslo/i/8mp4Q/oestfold-len-sprer-seg-i-oslo

Lilleslåtten, M. (2020, 28. april). Hunkjønn forsvinner fra det norske språket. forskning.no. https://forskning.no/partner-sprak-universitetet-i-oslo/hunkjonn-forsvinner-fra-det-norske-spraket/1674336

Skjekkeland, M. (2021, 22. november). Dialektendringer. I Store norske leksikon. https://snl.no/.versionview/1511409

Slettholm, A. (2013, 22. januar). Oslofolk har tatt livet av hunkjønn. Aftenposten, osloby. https://www.hf.uio.no/iln/om/organisasjon/tekstlab/aktuelt/i-media/Presseklipp/oslofolk-har-tatt-livet-av-hunkjonn---osloby.pdf

Torp, A. (2004). Nordiske språk i fortid og nåtid: Språklikhet og språkforskjell, språkfamilier og språkslektskap. I I. S. Sletten (Red.), Nordens språk med røtter og føtter (s. 19–74). Nordisk Ministerråd. http://norden.diva-portal.org/smash/get/diva2:702641/FULLTEXT01.pdf

Uri, H. (2004). Hva er språk. Universitetsforlaget.

CC BY-SA 4.0Skrive av Christian Lund.
Sist fagleg oppdatert 05.04.2022