Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Seksuell dobbeltmoral før og no

Vi liker å seie at kvinner og menn i dag er likestilte. Men når det gjeld seksualitet, har kanskje denne likestillinga litt å gå på? I denne oppgåva skal du utforske seksuell dobbeltmoral i dokumentarserien F-ordet og romanane Forrådt av Amalie Skram og Fra Christiania-Bohêmen av Hans Jæger.
Ei kvinne i undertøyet sit oppå ein mann som løyser brysthaldaren hennar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Er vi seksuelt dobbeltmoralske?

Gruppediskusjon

Sit i grupper på fire. Del gruppene opp slik at det er reine jente- og gutegrupper. Diskuter desse spørsmåla:

  1. Kor mange må ei jente ha lege eller klint med for å få rykte på seg for å vere "laus"?

  2. Kor mange må ein gut ha lege eller klint med for å få rykte på seg for å vere laus?

  3. Er det status for ei jente å ha lege med mange gutar?

  4. Er det status for ein gut å ha lege med mange jenter?

  5. Viss ein video av ein gut og ei jente som har sex, blir spreidd på internett – kven vil skamme seg mest? Guten eller jenta? Kvifor?

  6. Er vi seksuelt dobbeltmoralske i Noreg i dag?

Plenumsdiskusjon:

  1. Diskuter spørsmåla over i plenum.

  2. Etter diskusjonen: Opplevde de at gutane og jentene svarte ulikt på spørsmåla?

Del 2: F-ordet om ordet "hore"

Sjå episoden "Hore" frå dokumentarserien F-ordet. Diskuter deretter i plenum:

  1. Kjenner gutane og jentene seg igjen i synspunkta som kjem fram i episoden?

  2. Synest de episoden viser at jenter og gutar er seksuelt likestilte? Grunngi svaret.

Del 3: Forrådd av Amalie Skram

Eit portrettbilete av Amalie Skram. Foto.

Samfunnet på 1800-talet var prega av ein dobbeltmoral: Det var forventa at kvinner som gifta seg, var "reine". Det vil seie at dei ikkje hadde hatt sex før ekteskapet. Samtidig var det ikkje uvanleg at menn gjekk til prostituerte, og menn sine seksuelle erfaringar før ekteskapet var eit ikkje-tema.

Amalie Skram hadde sjølv opplevd denne dobbeltmoralen på kroppen. Som 18-åring gifta ho seg med den ni år eldre skipsføraren Bernt Müller.

No skal de lese eit utdrag frå Amalie Skrams roman Forrådt, som handlar om 17-åringen Ory som nettopp har gifta seg med den eldre skipskapteinen Riber. Utdraget er frå den første tida i ekteskapet, og uskyldige Ory er i ferd med å innsjå at menn og kvinner møter heilt ulike seksuelle forventningar.

Relatert innhald

Eit utdrag frå Amalie Skrams roman Forrådt om Ory som bryt saman når ho får vite kor ulike erfaringar menn og kvinner har når dei går inn i eit ekteskap.

Les utdraget. Svar deretter på desse spørsmåla:

  1. Kvifor reagerer Ory så sterkt på opplysningane om Riber og andre menns seksuelle erfaringar før ekteskapet?

  2. Korleis viser utdraget at den seksuelle dobbeltmoralen var eit samfunnsproblem på 1800-talet?

  3. Kan de sjå nokon likskapar mellom dei ulike krava som blei stilte til kvinner og menn på slutten av 1800-talet og dagens seksualmoral? I så fall – kva for likskapar?

Del 4: Fra Kristiania-bohêmen av Hans Jæger

Portrett av Hans Jæger: Mann med briller sit lent mot eit bord med ei flaske brennevin. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hans Jæger (1854–1910) var ein del av kretsen som blei kalla Kristiania-bohemen. Han samanlikna det borgarlege ekteskapet med prostitusjon. I begge tilfelle er det snakk om at menn kjøper seg til sex av kvinner dei forsørgjer økonomisk, hevda han.

Jæger og andre i bohemkretsen argumenterte derfor for ei oppheving av det borgarlege, monogame ekteskapet. Dei ønskte "fri kjærleik", altså seksualitet også utanfor rammene til ekteskapet.

Les utdraget frå Fra Kristiania-bohêmen

Relatert innhald

  1. Korleis argumenterer eg-personen for at ekteskapet hindrar fridommen til individet?

  2. Korleis argumenterer han for at fri kjærleik er det ideelle kjærleiksforholdet?

  3. Kva blir meint med ”I dette tilfælde snydes jeg altså under de nuværende sociale forhold for 19/20 af mit livs indhold”.

  4. Diskuter med ein medelev eller i plenum: Er de einige i Hans Jægers tankar om den frie kjærleiken?

Del 5: Er vi der no?

Skriv ein essayistisk tekst om kjønn, moral, fridom og seksualitet før og no. I teksten skal du reflektere over desse spørsmåla:

  1. Er Hans Jægers tankar om ekteskap, seksuelle normer og fridom framleis aktuelle?

  2. Er Amalie Skrams roman Forrådt framleis aktuell?

  3. Viser dei to utdraga frå 1800-talstekstane at verda har forandra seg?

  4. Er det noko du ville ha forandra ved dagens moral når det gjeld kjønn og seksualitet?

Relatert innhald

Kva er naturalismen? Og kva skil naturalismen frå realismen?

Kvifor skreiv Ibsen Et dukkehjem? I denne oppgåva skal du både utforske tekst, kontekst og ei aktualisering av Ibsens mest kjende stykke.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland, Heidi Mobekk Solbakken og Jorunn Øveland Nyhus.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2022

Læringsressursar

Kjønnsroller i tekstar