Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Skam og ære før og no

"Helvete er dei andre", skreiv filosofen Jean-Paul Sartre. Sofia Srour bruker sitatet for å vise at ho er i ferd med å frigjere seg frå skam. Også sagahelten Gunnlaug Ormstunge vil frigjere seg. Kva for eit syn viser dei to tekstane, som er skrivne med 1000 års mellomrom, på skam og ære?

Del A

Sjå videoen der elevar på Elvebakken vidaregåande snakkar om "skam" og "ære". Sit i grupper og diskuter:

  • Oppsummer synspunkta til elevane som kjem fram: Kva legg dei i omgrepa "skam" og "ære"?
  • Elevane snakkar mykje om skam og ære i religion, mellom anna i islam og kristendommen. Men kva vil de seie fører til "skam", og kva fører til "ære" i det norske, samfunnet i dag?

Del B: Skam og ære i Skamløs

Relatert innhald

1. Undersøk

I utdraget frå Skamløs fortel Sofia om livet sitt. Forteljinga handlar i stor grad om korleis ho ser seg sjølv gjennom andre sine auge. Les gjennom teksten og marker setningar eller passasjar som du synest handlar om

  • Sofia si kjensle av skam
  • ære
  • individualisme

2. Diskuter

Diskuter spørsmåla/påstandane under med ein eller fleire i klassen. I diskusjonen skal de bruke sitat frå teksten for å grunngi det de seier:

  • Kva/kven har gitt, eller gir, Sofia kjensla av skam?
  • Korleis hengjer ære og skam saman for Sofia?
  • Kva syn har Sofia på individualisme?
  • Dei problema Sofia møter, kjem berre av at ho er muslim.
  • Dei problema Sofia møter, kjem berre av at ho er kvinne.

3. Skriv

Du har no undersøkt synet på skam, ære og individualisme i ein tekst skriven av ei norsk, muslimsk jente frå 2000-talet. Skriv eitt eller to avsnitt der du diskuterer påstanden under:

  • Utdraget frå Skamløs viser eit syn på skam, ære og individualisme som er typisk for vår tid.

Du skal bruke sitat frå teksten når du diskuterer påstanden.

Spørsmål å tenkje over i diskusjonen
  • Er problema Sofia møter i oppveksten berre aktuelle for muslimske jenter?
  • Det motsette av individualisme er kollektivisme. Finn ut kva det betyr. Har samfunnet vårt individualistiske eller kollektivistiske ideal i dag, meiner du?

Del C: Skam og ære i Gunnlaug Ormstunge

Dei norrøne sagaene handlar òg om skam og ære. Mennesket var fødd med ei viss ære i kraft av familien sin eller ætta si. Men aktive handlingar kunne både auke og svekkje æra til individet. Og auka du eiga ære, fekk òg familien din ære.

1. Utforsk teksten

Relatert innhald

Soga om Gunnlaug er ei kjærleikshistorie, eit trekantdrama der to unge menn, Gunnlaug og Ravn, slåst om den same jenta, Helga den fagre.

Les historia om Helga og Gunnlaug, til og med kapittel 8, i Gunnlaug Ormstunge saga.

  1. Marker sitat der du synest skam og ære er viktige motiv.
  2. Lag ei oversikt som viser kva du meiner gir kvinna (Helga) og mannen (Gunnlaug) ære i historia.

2. Diskuter

  1. Samanlikn med andre i klassen: Har de lagt merke til det same?
  2. Skriv ned minst to moment de har lagt merke til som gir Gunnlaug og Helga ære. Grunngi med sitat.
  3. Meiner de at teksten viser forskjellar i korleis menn og kvinner skulle oppføre seg i norrøn tid? Grunngi ved å vise til tekstdøme.

Del D: Skam og ære før og no

Kva likskapar og forskjellar finn de i synet på skam og ære i dei to tekstane? Lag ei oversikt der de peikar på begge delar. Kvart moment skal grunngivast med eit sitat frå tekstane.

Litt hjelp på vegen?
  • Kva rolle speler familie i dei to tekstane?
  • Kva kontroll har Helga over sin eigen skjebne samanlikna med Sofia? Her kan du sjå på kva val Sofia gjer i løpet av teksten. Kven gjer vala for Helga?
  • Kva rolle speler utsjånaden i dei tre tekstane?

Del E: Skriv om skam og ære før og no

No skal du øve deg på å skrive eit avsnitt der du samanliknar skam- og æresomgrepet i to tekstar. Presentasjonen under tek deg gjennom skriveprosessen steg for steg.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 14.09.2020

Læringsressursar

Kjønnsroller i tekstar