Hopp til innhald
Oppgåve

Samanlikn eventyret Rødhette og ulven med filmen Skylappjenta

I denne oppgåva skal du samanlikne eit folkeeventyr med eit moderne eventyr.

Del 1: Tema og bodskap i Skylappjenta

Sjå filmen Skylappjenta.

  1. Skriv ned det du meiner er tema og bodskap etter å ha sett kortfilmen.

  2. Samanlikn og diskuter tema og bodskap med dei andre i klassen

Del 2: Form i Skylappjenta

Sjå filmen ein gong til. Denne gongen skal du fokusere på forma til filmen. Korleis blir temaet og bodskapen formidla? Noter ned:

  1. Kva symbol finn du i filmen?

  2. Kva kontrastar finn du i filmen?

  3. Kva for klassiske eventyrtrekk og motiv er det i filmen?

  4. Korleis blir det norske framstilt i filmen?

  5. Korleis blir minoritetssamfunnet framstilt?

  6. Korleis tolkar du slutten?

Del 3: Rødhette og ulven

Les eventyret "Rødhette og ulven".

  1. Samanlikn morsrolla i filmen Skylappjenta og eventyret "Rødhette og ulven".
  2. Rødhette har på seg ei raud kappe med heitte på, og Skylappjenta har på seg ei skylapplue og ei slags kappe. Kvifor trur du at jentene er kledde nettopp slik?
  3. Kva rolle har bestemor i "Rødhette og ulven" og i Skylappjenta?
  4. Eventyret om Rødhette og ulven og filmen om Skylappjenta endar godt, men begge jentene har lært noko av turen til huset til bestemor. Kva har dei lært?
  5. Finn du nokon likskapar i tema og bodskap i dei to forteljingane? Grunngi svaret ditt.
  6. Kva likskapar og forskjellar er det i forma til dei to tekstane?

Del 4: Diskuter i klassen

Kvifor trur de Iram Haq har valt å bruke eventyret om Rødhette og ulven som utgangspunkt for kortfilmen sin?

Relatert innhald