Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Frå heltekvad til YouTube

I europeisk litteratur finst det mange forteljingar om krig og konflikt mellom mellom kristne og muslimske folkegrupper. Nokre stammar frå mellomlalderen, andre frå vår eiga tid.
Et bilde av et sjakkparti mellom en kristen og en maurer. Maleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når to kulturar møtest

Maurarane (arabiske folkegrupper) la store område i Europa under seg på 700-talet. Krigen mellom muslimar og kristne troppar stod då i Europa. På 1100- og 1200-talet herja kristne krossfararar i Palestina. Også i vår tid er vi vitne til krigar og konfliktar i område der kristen og muslimsk kultur og religion møtest.

Tekst 1:

Roland og Mangnus kongen

Del I

1.
«Seks mine jallar heime vere,
gøyme det gullet balle, —
are seks på hei'ings-londo
røyne dei jønni kalle!»

2.
Dei vunde opp sitt silkjesegl
så hågt i sigle-rå,
så sigler dei åt hei'ings-londo
i virkevikune två.

3.
Årine og ankare
toke i kvite sand:
det var Roland, konungsfrenden,
tro den fysste på land.

Del II

4.
Det var blåmanns-heri
fjøll og dalar fyllte:
«Det er kappar or kristne londo
skin'e som hjelmen gyllte!»

5.
Det var blåmanns-kongjen,
toss hava livt så lengje:
«Dei heve hardfang kristen manns
som skatten kons heve fengji.

6.
Kunne me kje skatten kons
av dessom le'e få,
så skò me opp på Ronsevollen,
slåst i dagane två og trjå!»

Del III

7.
Fram sotte blåmanns-fjøldi
ho skygde fyre sol;
då fælte seg alle javningane,
bad Roland blåse i horn.

8.
Roland svara med vreide,
stod or munne skum:
«Eg skò hogge så store hogg
at det sko spørjast til doms.»

9.
Dei solgest ut på Ronsevollen
i dagane två og trjå;
hei'ingan' fall fyr Rolands-sverdet
som storren for go'om ljå.

10.
Dei solgest ut på Ronsevollen
våre dei alle vreide,
hei'ingan' fall fyr Rolands-sverdet
som snjoren driv uti heie.

Del IV

11.
Fram sotte blåmanns-fjøldi
ho skygde fyre sol, —
fælte seg alle jamningane,
bad Roland blåse i horn.

12.
Roland svara dei med hæ'e,
honom rann blod og skum;
«Eg skò hogge så store hogg,
det sko spørjast til doms.»

13.
Dei slogest utpå Ronsevollen,
blodet fløymde som elvi strid:
hestane gat kje på jordi stige,
dei trødde på mannelik.

14.
Dei slogest utpå Ronsevollen,
trøytte drengjir og mode:
soli fekk inkje skine bjart
fyr røykjen av manneblodet.

Del V

15.
Fram sotte blåmanns-fjøldi,
ho skygde fyre sol,
reddast kvor ein javningen
bad Roland blåse i horn.

16.
Han sette luren fyr blogga munne,
bles han i av harde;
ljodet ber av ivi hei og fjøll,
det rivna bå' gjår og jarir.

17.
Sette'n luren fyr blogga munne,
bles han i med vreide;
det skulve torp og garder
i nie døger av leie.

18.
Det var Roland, konungs-frenden,
bles uti gylte horn:
det rivna mur og marmorstein
og Magnus kongjens torn.

19.
Fram så rokk det luraljodet,
det sokk i sliregjengje —
Roland bles si' augo or haus,
så hardt o' hei'ingan trengde.

20.
Det var Magnus kongjen,
brest'e han i å gråte:
«Hot tru felar frenden min?
No høyrer eg luren låte!»

Del VI

21.
Det var Magnus kongjen,
skundar han si ferd:
daud låg Roland kappen
og heldt i hond sitt sverd.

22.
«Gangje tvei av alle ut
og takje med dikkon makar,
sjå om de kan Dvergedolg
av Rolands-hondi taka!»

23.
Att'e kjem'e drengjine,
seier dei i frå:
«Me kunne inkje Dvergedolg
av Rolands-håndi få.»

24.
Fram gjeng Magnus kongjen
med så stor'e trega:
Roland rette sverdet frå seg,
som han vill' kongjen det gjeva.

25.
Fram gjeng Magnus kongjen
med så stor ei trå:
Roland rette sverdet frå seg,
som han vill' kongjen det få.

Del VII

26.
Heim kom Magnus kongjen.
Settest dei alle traude —
skipet var fullt med sylv og gull,
hei'ingan' dei var daude.

27.
«Kvi sitje dé her så mode?
drukne og inkje kåte?
Hava dé på sotto legji,
[...]»


28.
«Du tar inkje, dròningji, undrast
om me hava sorgji fengji»:
låtist hev Roland, konungs-frenden,
og dertil nyte dregjir.

Rolandskvadet skildrar ein periode i europeisk historie då maurarane (arabarane) rådde over store delar av Spania og Frankrike. Kvadet eggjar den kristne keisarens menn til kamp mot heidningane.

Tekst 2: Artikkelen "Slik driver IS sin propaganda-krig" i Dagbladet

I vår tid nyttar Den islamske staten (IS) sosiale medium til å formidle moderne forteljingar om kampen mot heidningane. Slik vert unge muslimar eggja til å kjempe mot dei vantru. I Dagblad-artikkelen finn du eksempel på video produsert av IS.

Kortsvaroppgåve

Ta utgangspunkt i Dagblad-artikkelen og heltediktet «Roland og Magnus kongen» og skriv eit kortsvar på 250 ord med tittel: «Kampen mot heidningane – frå heltekvad til YouTube»

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 04.02.2019

Læringsressursar

Kulturmøte og identitet