Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

"VI RUS"

Like etter koronautbrotet i Danmark skreiv den danske poeten Morten Søndergaard eit dikt med tittelen "VI RUS". Det er eit langdikt med tilvisingar til mange tidlegare pandemiar. Spørsmålet er: Korleis har forfattarar og kunstnarar framstilt frykta for pest og andre epidemiar i kunst og litteratur?
Covid-19 virus. illustrasjon.

Del 1: Hugsar du koronautbrotet?

Vinteren og våren 2020 vart verda ramma av koronaviruset. Diskuter i grupper. Hugsar de

  • kva de tenkte første gong de høyrde om viruset?

  • om de var redde for at de eller nokon de kjende skulle få korona?

  • kva de gjorde då skulen vart stengd?

  • korleis de hadde det i perioden då koronaen førte til restriksjonar på sosialt samvær?

Del 2: Les og lytt til "VI RUS"

Finn diktet på nettsidene til den danske avisa Information (information.dk). Lytt til diktaren Morten Søndergaards innlesing av teksten (fra youtube.com) samtidig som du les.

Etter lesinga:

  1. Korleis synest du Morten Søndergaard beskriv livet like etter koronautbrotet?

  2. Korleis er stemninga i diktet? Grunngi svaret ditt.

  3. Korleis blir pesten personifisert i diktet? Marker alle personifiseringane.

  4. Teikn personifiseringa av koronaviruset slik Morten Søndergaard beskriv det.

Del 3: Epidemi som motiv i kunsthistoria

Under ser du ulike historiske kunstverk som framstiller epidemiar. Trykk på fullskjermsvisninga nede til høgre i biletet.

I par:

Sit saman, sjå på bileta og noter ned:

  • Blir epidemien personifisert på noko vis i biletet? I så fall korleis, og kva slags funksjon har denne personifiseringa?

  • Korleis vil de seie stemninga er i biletet? Grunngi svaret.

  • Har biletet religiøse motiv og/eller symbol? I så fall kva for nokre?

I plenum:

Diskuter kvart bilete. Skriv ned observasjonane og tankane til alle para om kvart bilete på eit felles dokument eller på tavla.

I grupper + individuelt:

Sitt i grupper på fire. Bruk ca. 30 minutt på å setje dykk inn i kvart dykkar av dei fire første bileta i presentasjonen.

  1. Dødens dans av Michael Wolgemut (1493)

  2. Dødens triumf av Pieter Bruegel (1562)

  3. Utdeling av sakramenta til pestoffera i Milano av Pierre Mignard (1612-95)

  4. Humana Fragilitas av Salvator Rosa (1657)

De skal bruke internett til å finne ut av

  1. den kulturelle konteksten til kunstverket. (Kva periode høyrer det til og kva kjennetrekk har det frå denne perioden?)

  2. kunstverkets historiske og/eller religiøse kontekst. (Er det eit bilete av noko som har skjedd i historia? Eller er det kanskje religiøse motiv som står sterkast i måleriet?)

Avslutt med å presentere konteksten til kunstverket for kvarandre.

Del 4: Lag ein samansett tekst om epidemiar i kunsten

Lag ein samansett tekst der du samanliknar framstillinga av epidemiar i eldre kunst med framstillinga av koronaen i moderne kunst og litteratur. Du kan gjerne kombinere bilete, tekst og lyd.

Gode råd kan vere å

  • kommentere nokre utvalde kunstverk og vise korleis dei framstiller epidemien.

  • kommentere og samanlikne konteksten kunstverka og tekstane kom ut i.

  • sjå på framstillinga av epidemien. Kva funksjon meiner du denne framstillinga har?

  • lese opp dikt eller utdrag frå tekstar som handlar om epidemiar.

Gode kjelder:

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 09.06.2021

Læringsressursar

Pesten kjem