Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

"Hvis verden" med Chris Holsten og Frida Ånnevik

Songen "Hvis verden" med Chris Holsten og Frida Ånnevik vann Spellemannprisen for årets låt i koronaåret 2020. Kvifor appellerte denne songen om vanskeleg kjærleik til så mange? I denne ressursen skal de diskutere songen og skrive ein kort analyse av teksten.
Ungt par som kyssar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Chris Holsten og Frida Ånnevik syng "Hvis verden" i NRK-programmet Lindmo (nrk.no) (Frå 44:20)

Del 1: Lytt og skriv

Jobb åleine:

  1. Lytt til songen éin gong og skriv ned kva kjensler han vekkjer i deg. Du skal ikkje analysere og tolke teksten.

  2. Høyr på songen ein gong til. Denne gongen skal du følgje nøye med på teksten. Skriv ned det du meiner er temaet i songen.

I grupper:

  1. Diskuter det de har skrive ned mens de lytta på songen. Grunngi svara dykkar både på oppgåve a) og b) ved å vise til døme frå teksten.

  2. Songen er ein cover-versjon av «If The World Was Ending» av Julia Michaels og JP Saxe. Ånnevik og Holsten laga versjonen sin før koronautbrotet. Kvifor trur de denne songen appellerte til så mange det året epidemien ramma Noreg?

Del 2: Nærles teksten

Utan musikk:

Finn eller skriv ned teksten til songen. No skal du nærlese teksten. Ta utgangspunkt i desse spørsmåla:

  1. I den første strofa blir vi kjende med eit lyrisk eg. Kvar er hen, og korleis snakkar hen om den andre personen i teksten?

  2. Korleis forstår du dei to siste verselinjene i første strofe?

  3. Kva verselinjer røper at det var sterk kjærleik mellom "eg" og "du"?

  4. Kva verselinjer viser årsakene til at "eg" og "du", trass i den sterke kjærleiken, ikkje kunne vere saman?

  5. Marker enderimmønsteret i teksten. Kva funksjon har dette?

  6. Er det andre typar rim i songen? Legg merke til gjentakinga av vokal- eller konsonantlydar.

  7. Kva andre verkemiddel synest du understrekar temaet i songen?

Med musikk:

Lytt til songen ein gong til mens du har notata dine framfor deg. Korleis forsterkar måten songen blir sungen på verkemiddel som rim og rytme? Marker dette i teksten.

  • Kvar legg songarane trykk og kvar syng dei svakare/rolegare?

  • Kva funksjon har dette?

I plenum:

Gå gjennom alle notata dykkar i plenum. Skriv opp alle tankar om temaet, fagomgrep og verkemiddel som de synest er relevante å skrive om i ein analyse, på tavla. Noter ned slik at du har notata frå heile klassen til eiga skriving.

Del 3: Skriv ein kort analyse av songen og konteksten

Svar på denne oppgåva skriftleg:

Du skal ikkje skrive meir enn cirka 750 ord.

"Hvis verden" med Chris Holsten og Frida Ånnevik handlar om vanskeleg kjærleik. Analyser songen og kommenter kva du meiner kan vere årsaka til at mange fann trøyst i nettopp denne teksten under koronapandemien.

Du kan skrive i eit eige dokument, men viss du vil ha litt hjelp til struktur og tips om relevante moment, kan du skrive inn i tabellen under. Her vil du òg kunne trykkje på knappen "Modelltekst til hjelp" for å få inspirasjon til å skrive teksten din.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 18.06.2021

Læringsressursar

Pesten kjem