Hopp til innhald

Fagstoff

Kvifor oppstod modernismen?

Modernismen er ei stilretning innanfor kunst, litteratur, arkitektur og musikk som oppstod for fullt etter første verdskrigen. Kva var årsakene til at modernismen voks fram?

Kjapt om modernismen

Modernismen er først og fremst ei stilretning som bryt med etablerte normer. Innan litteraturen eksperimenterer forfattarane mot dei konvensjonane som gjeld. Målet er ikkje lenger å etterlikne verkelegheita, men å lage noko nytt. Det blir eksperimentert med teiknsetjing, verselinjer og sjangerkrav. Målarane målar firkanta menneske og abstrakte måleri som kan verke uforståelege for folk flest. Dei modernistiske musikarane set saman tonar og akkordar som bryt med tradisjonell oppbygging av musikk. Slik utfordrar dei modernistiske musikarane tradisjonelle tankar om at formålet med musikken først og fremst er å vere vakker. Modernismen kan altså samanfattast med orda brot og nyskaping.

Spørsmålet blir då: Kvifor skjer dette?

Historisk bakgrunn

Ei lyspære gløder. Foto.

Den viktigaste historiske årsaka til at modernismen oppstod, finn vi i utviklinga av det moderne. Mot slutten av 1800-talet forandra samfunna i Vesten seg i ein forrykande fart: Elektrisiteten førte til at menneske kunne få det lyst som dagen inne, sjølv om det var midt på natta. I gatene høyrdest lyden av bilar i staden for travande hestar. Inne kunne du trykkje på ein knapp og få framande røyster i stova gjennom radioen. Det gjekk til og med rykte om at menneska hadde byrja å flyge!

Framveksten av det moderne høyrest først og fremst fantastisk og spennande ut. Men modernistane hylla ikkje det moderne. I staden skildra mange av dei den nye tida som meiningslaus og framandgjerande.

Første verdskrigen (1914–1918)

Ei av årsakene til at forfattarane framstilte tilværet som meiningslaust, var første verdskrigen. Denne krigen blei på mange måtar den utløysande årsaka til at modernismen blomstra. Krigen slutta i 1918, og 1920-åra blir ofte omtalt som "høgmodernisme" fordi verdskjende modernistar som James Joyce, Virginia Woolf og Franz Kafka gav ut dei mest kjende verka sine dette tiåret.

Første verdskrigen var ein forferdeleg krig. Tida før krigen var i stor grad prega av framtidsoptimisme fordi nye oppfinningar kom i ein fart. Krigen derimot viste kva desse oppfinningane kunne brukast til: Stridsvogner blei brukte til å meie ned tusenvis av menneske på kort tid. Fly blei ikkje berre brukt som transportmiddel, men også til å sleppe bomber over uskyldige sivile, og maskingeværet meia ned unge menn som kom springande mot skyttargravene.

Slaget ved Verdun i 1916. Tyske soldatar blir bombarderte av fransk artilleri. Dei står på slagmarka i kuleregnet med gjerder av piggtråd rundt seg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Etter krigen blei rekninga gjort opp: Rundt 18 millionar menneske var døde. Dei hadde kriga for herskarar på meiningslaust vis. Det eksistensielle tomrommet etter krigen var med på å utløyse bølgja av modernistisk kunst og litteratur på 20-talet.

Industrialisering

Mot slutten av 1700-talet starta den industrielle revolusjonen i Europa. Denne førte til at mange braut opp frå gardslivet og flytta inn til byane for å arbeide. For mange betydde denne moderniseringa nye moglegheiter, men arbeidet på fabrikkane kunne òg opplevast meiningslaust. Medan ein gardbrukar følgde produktet sitt frå råvare til ferdig produkt, kunne ein arbeidar i byen bli sett til å gjere éin monoton operasjon. Slik blei arbeidaren framandgjord frå produktet.

Få har skildra denne samfunnsendringa betre enn Charlie Chaplin i stumfilmen Modern Times (1936).

Sjå dei første 15 minutta av stumfilmen Modern Times. Diskuter deretter:

  1. Korleis framstiller Chaplin det moderne arbeidslivet i fabrikken?

  2. Filmen er ein satire. Det vil seie at han kritiserer med humoristiske verkemiddel. Kva meiner de denne filmen kritiserer, og kva verkemiddel blir brukte for å ytre samfunnskritikken?

Urbanisering

Trafikklys i metropolnatta . Opplyste vegar slyngjer seg rundt byen, som blant anna består av høgblokker. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ei følgje av industrialiseringa var, som nemnt over, at folk flytta frå bygda til byen for å jobbe. Dei moderne byane symboliserte på mange måtar dei kraftige samfunnsendringane på starten av 1900-talet: Her skjedde det raske samfunnsendringar både økonomisk og sosialt.

Mykje modernistisk litteratur handlar om byen. Det urbane livet med mengder av folk, høge hus og industri blir ofte framstilt som meiningslaust. Individet kjenner seg gjerne framandgjort i desse menneskeskapte gatene med bråk og kunstige lys.

Sjå intervjuet med den modernistiske poeten Rolf Jacobsen og svar på spørsmåla:

  • Korleis omtaler Jacobsen menneske i byen og på landet?

  • Korleis framstiller det modernistiske diktet "Signaler" byen?

Idéhistorisk bakgrunn

Det var ikkje berre i industrien at det skjedde store gjennombrot mot slutten av 1800-talet. Også i vitskapen og i filosofien kom ei rekkje nye idéar som skulle endre samfunnet utover på 1900-talet. Felles for mange av desse idéane og oppdagingane var at dei parkerte dei tradisjonelle sanningane om livet, opphavet til livet og kyrkja sine læresetningar. Det førte til at det vestlege samfunnet gjekk gjennom ein sekulariseringsprosess, noko som betyr at religionen og kyrkja blir mindre viktig.

Portrettfoto av Nietsche teke frå sida. Svart-kvitt-foto.

Friedrich Nietzsche (1844–1900)

"Gud er død", sa den tyske filosofen Friedrich Nietzsche. Utsegna hans var ikkje eit angrep på religionen, men ei forklaring på den tida han levde i. Han hadde sett at kristendommen ikkje lenger blei brukt som forklaring og rettesnor i det Europa han levde i. Med dette oppstod det eit tomrom og eksistensielle spørsmål som: "Viss Gud ikkje finst, kva er då meininga med livet?"

Charles Darwin (1809–1882)

Charles Darwin er vitskapsmannen bak evolusjonsteorien som førte til eit paradigmeskifte i oppfatninga av opphavet til artane. Det er eit stort sprang frå kyrkja si lære om korleis Gud skapte jorda og alt levande til evolusjonsteorien om korleis alle artar er utvikla frå felles avstamming.

Evolusjonsteorien er no ei anerkjend forklaring på korleis livet på jorda har utvikla seg, men då Charles Darwin introduserte ho i 1859, skapte det oppstandelse og sterke reaksjonar i mange miljø, og spesielt i kyrkja.

Sigmund Freud (1856–1939)

Mange modernistar blei inspirerte av psykologen Sigmund Freud sine bøker om menneskesinnet. Freud meinte at sinnet til menneska kunne delast i to: det bevisste og det ubevisste. For psykologen var målet å komme inn i dette ubevisste for å kunne heile mennesket.

Dei modernistiske forfattarane og kunstnarane blei òg opptekne av Freud sine tankar. Kva skjulte seg der nede i menneskedjupet? Berre ved å skildre dette gåtefulle ubevisste i mennesket sitt indre fekk dei fram heile det komplekse mennesket.

Eit isfjell der størsteparten av isfjellet er under vatn. Nedst står Det underbevisste, ikkje tilgjengeleg, seksuelle og aggressive drifter, og fortrengingar frå barndommen. I midten, like under havoverflata står det Det førbevisste, kan nåast, og kunnskap og minne. Øvst, over havoverflata, står det Det bevisste, tilgjengeleg, og tankar og kjensler her og no. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppsummering

Når vi skal forstå kvifor modernismen oppstod, må vi først og fremst forstå den kulturelle og historiske konteksten. Det som skjer på denne tida, kan kort bli samanfatta slik:

  • Første verdskrigen og råskapen i han kan sjåast på som ei utløysande årsak til den modernistiske litteraturen.

  • Andre historiske årsaker er dei kraftige samfunnsendringane den industrielle revolusjonen og urbaniseringa fører med seg.

  • Innan vitskapen blir det gjort oppdagingar som set spørsmål ved tradisjonelle sanningar. Filosofar stiller eksistensielle spørsmål som modernistane grip fatt i i kunst og litteratur.

Relatert innhald

I denne oppgåva skal de utforske bakgrunnen for modernismen både individuelt og i grupper.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland, Hilde Ervik, Kristin Bøhler og Heidi Mobekk Solbakken.
Sist fagleg oppdatert 27.10.2021

Læringsressursar

Kva er modernisme?