Holbergspelet
Holberg-spelet skal gjere deg kjend med den største opplysingsforfattaren vår, Ludvig Holberg. Her blir de utfordra på kunnskapar om både biografi, kjende verk og tida han levde i.
Kan de ingenting om Holberg? Ikkje fortvil! De får moglegheit til å bli betre kjende med han undervegs i spelet, gjennom både tekst og videoar.
Spelereglar
Sit to og to. Førstemann startar med oppgåve 1. Trykk på talet 1 og gjer oppgåva som høyrer til. Skriv ned kor mange poeng du får etter at du har gjort oppgåva.
Deretter startar nestemann på oppgåve 2 og fullfører på same måte. Den som har flest poeng til slutt, vinn spelet!
NB! Det er lurt at begge følgjer med på alle oppgåvene. Etter at spelet er unnagjort, følgjer nemleg ei utfordring som krev at de òg kan svare på spørsmålet til motstandaren.
No skal de finne ut kven i klassen som har fått med seg mest frå spelet. I oppgåva under skal du fylle ut dei orda som manglar i historia om Ludvig Holberg, verka og samtida hans:
Relatert innhald
Ulrikke Falch og Ludvig Holberg – korleis prøver dei å opplyse befolkninga om viktigheita av likestilling og feminisme?
Oppgåve til kortfilmen Reisen til planeten Nazar, basert på Ludvig Holbergs roman Niel Klims underjordiske reise.