Frekvenstabellar
Nedst på sida kan du laste ned eit rekneark med alle løysingane. Kvar oppgåve har si eiga fane i reknearket.
Standpunktkarakterane i matematikk til elevane i ein klasse er gitt i tabellen.
Elev nummer | 1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Standpunktkarakter | 4 | 4 | 2 | 2 | 3 | 5 | 1 | 2 |
Elev nummer | 9 | 10 | 11 | 12 | 13 | 14 | 15 |
|
Standpunktkarakter | 4 | 3 | 5 | 5 | 6 | 2 | 2 |
|
Set opp ein tabell som viser frekvens, kumulativ frekvens og relativ frekvens for dei ulike karakterane. Lag tabellen både for hand og i eit rekneark. Bruk 2 desimalar ved utrekning av relativ frekvens. Vis kva for formlar du bruker i reknearket.
Tabellen under viser når på året elevane i ein klasse var fødde.
Årstid | Vinter | Vår | Sommar | Haust |
---|---|---|---|---|
Tal | 6 | 11 | 8 | 5 |
a) Kor mange elevar er det i klassen?
b) Bruk rekneark og set opp ein tabell som viser relativ frekvens, relativ frekvens i prosent, kumulativ frekvens, relativ kumulativ frekvens og relativ kumulativ frekvens i prosent for dei ulike årstidene.
c) Kor stor del av elevane i klassen er fødde om vinteren eller om våren?
a) Lag eit oversyn i din eigen klasse som viser kva for ein månad elevane i klassen er fødde. Set januar = 1, februar = 2, mars = 3 og så vidare.
b) Lag ein tabell etter årstid slik som i oppgåve b) ovanfor.
Olav fiskar humrar. Tabellen viser kor mange humrar Olav fekk på dei første 15 trekka.
Trekk nummer | 1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Tal på humrar | 4 | 3 | 3 | 2 | 1 | 1 | 0 | 2 |
Trekk nummer | 9 | 10 | 11 | 12 | 13 | 14 | 15 |
|
Tal på humrar | 1 | 3 | 0 | 2 | 2 | 1 | 1 |
|
a) Set opp ein tabell som viser frekvens, relativ frekvens og kumulativ frekvens for talet på humrar per trekk.
b) Lag eit stolpediagram som gir eit oversyn over hummarfangstane til Olav.
a) Lag ein tabell som viser fordelinga av kor mange søsken elevane i klassen din har. Tabellen skal innehalde kolonnar for frekvens, relativ frekvens, kumulativ frekvens og kumulativ relativ frekvens.
b) Vel ut ein av kolonnane i oppgåve a), og lag eit søylediagram.
Filer
- Løysingar(XLSX)