Hopp til innhald

Fagstoff

Statistisk undersøking

Ordet statistikk vart opphavleg brukt om skildringar av stats- eller samfunnsforhold. Statistikk handlar om å samle inn og ordne opplysningar på ein formålstenleg måte, og om å trekkje konklusjonar og treffe avgjerder på grunnlag av datamaterialet.

Statistiske og ikkje-statistiske spørsmål

Før vi byrjar å jobbe med statistikken, vil vi at du tenker gjennom kva slags spørsmål som kan svarast på med statistikk. Er til dømes spørsmålet "Kor gammal er du?" eit statistisk spørsmål? Kva med spørsmålet "Spring hundar raskare enn kattar?".

Dersom du synest det er vanskeleg å avgjere, kan du søke på nettet etter artiklar eller videoar som kan fortelje om kva som er statistiske spørsmål, og kva som ikkje er det. Ofte får ein fleire treff når ein bruker engelske søkeord, prøv til dømes med "statistical and non statsistical questions".

Skilt med logoen og namnet til Statistisk sentralbyrå. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Statistisk sentralbyrå

I Noreg vart det i 1797 oppretta eit eige statistikkontor i Finansdepartementet. Omtrent 80 år seinare, i 1876, vart Statistisk sentralbyrå (SSB) etablert som ein eigen institusjon.

Statistisk sentralbyrå har hovudansvaret for å dekkje behovet for statistikk om det norske samfunnet og produserer 85–90 prosent av all norsk offisiell statistikk. Byrået har cirka 1 200 tilsette.

Døme: befolkning

Den første fullstendige folketeljinga i Noreg vart halden i 1769. Folketalet var den gong 723 618.

Befolkning er eit av statistikkområda til SSB. SSB held mellom anna oversikt over folketalet, kor mange som blir fødde, kor mange som døyr, innvandring, ekteskap og flyttingar.

Statistisk framstilling av rørsler i folkemengde frå 1735 til 2021. Ein svart graf representerer folkemengde og går slakt oppover. Grafane som representerer fødde og døde har store svingingar, men går totalt sett ned. Grafen som representerer utvandring, startar cirka på året 1815 og har svingingar. Grafen som representerer innvandring, startar på året 1950, har ein del svingingar, går oppover til cirka 2010 og fell igjen. Grafisk framstilling.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Planlegging og gjennomføring av ei statistisk undersøking

Mary Ann har fått karakteren fire på ein matematikkprøve. Ho er litt usikker på kor god karakteren er samanlikna med karakterane til dei andre elevane i klassen. "Kanskje har alle dei andre fått femmarar og seksarar, og då er eg ikkje så nøgd, men dersom resten av klassen stort sett har fått dårlegare enn fire, har eg jo eigentleg gjort det ganske bra," tenkjer ho. For å finne svaret på dette, kan ho gjennomføre ei statistisk undersøking.

I Store norske leksikon står det at statistikk er "vitenskapen om innsamling, oppsummering og analysering av data".

Mary Ann må starte med å planleggje undersøkinga. Vidare må ho gjennomføre sjølve undersøkinga og samle inn talmateriale. Så må ho presentere talmaterialet. Til slutt må ho analysere resultatet, trekkje konklusjonar og ta eventuelle avgjerder.

Planlegging

Først må Mary Ann planleggje korleis ho skal gjennomføre undersøkinga. Ho kan spørje læraren om å få sjå karakterlista, men han vil sannsynlegvis seie at han har teieplikt. Ho kan spørje alle elevane i klassen, men kanskje er det mange som ikkje vil seie kva karakter dei har fått. Kanskje er det ein idé å lage eit skjema som elevane i klassen fyller ut anonymt, men er det då sikkert at alle er ærlege? Som du skjønner, er det mange problemstillingar som dukkar opp allereie i planlegginga av ei lita undersøking.

Gjennomføring

På grunnlag av planlegginga gjennomfører May Ann sjølve undersøkinga. Dette kan ofte vere tidkrevjande og praktisk vanskeleg. dersom matematikkprøven er ein prøve midt i terminen, er det relativt enkelt å gjennomføre undersøkinga. Dersom det er ein avsluttande matematikkprøve for året, og klassen ikkje har fleire matematikktimar, er det straks mykje vanskelegare.

Presentasjon av talmateriale og analyse av resultatet

I emnet statistikk lærer du å systematisere tala i tabellar og framstille desse grafisk. Du lærer å finne tal som beskriv talmaterialet, både såkalla sentralmål og såkalla spreiingsmål. Vi tek òg opp til diskusjon kva for ein desse storleikane som er mest formålstenleg å bruke i ulike tilfelle. Ut frå desse tala kan vi prøve å trekkje konklusjonar: Var resultatet på prøven dårleg generelt sett?

Kjelde

Frøslie, K.F. & Bjørnstad, J. (2021, 6. august). Statistikk. I Store norske lekskion. https://snl.no/statistikk

CC BY-SASkrive av Stein Aanensen og Olav Kristensen.
Sist fagleg oppdatert 15.02.2023

Læringsressursar

Innsamling og ordning av statistiske data