Hopp til innhald

Fagstoff

Sjølvstendig arbeid med reelle datasett

Læreplanane i 2P og 2P-Y seier du skal "analysere og presentere funn i datasett frå lokalsamfunn og media".

Finn dataa sjølv

I vanlege oppgåver er data du skal bruke, vanlegvis gitt i oppgåveteksten. Her er det meininga at du sjølv skal finne fram til data du kan analysere.

Aktuelle tema

Du kan til dømes jobbe med tema som

  • karakterresultat på eksamen i heimfylket ditt

  • nedbørsmengde

  • bruttonasjonalprodukt

  • energibruken i Noreg

  • mediebruk i Noreg

  • elbilbruk i Noreg

Kvar finn eg data?

Du finn data om det meste på nettsidene til Statistisk sentralbyrå (ssb.no) (SSB). Andre sider du kan finne tal og statistikk på, er

Eit alternativ kan vere å samle data sjølv. Kanskje du har tilgang på ein nedbørsmålar?

Kva gjer eg med dataa?

Ein mann og ei kvinne i kvite frakkar framom tusjtavle. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I hovudemnet "Statistikk" viser vi korleis du kan gjere statistisk analyse av eit talmateriale. Her finn du òg stoff om korleis du kan samle inn og ordne data. Vi har stort sett brukt GeoGebra til denne analysen. Tips: Når du skal importere tal inn i GeoGebra og har tala i eit vanleg rekneark, kan du kopiere tala og lime dei rett inn i reknearkdelen i GeoGebra.

På sida Behandling av store datamengder i Python (ndla.no) er det beskrive korleis du vel ut tal frå statistikkbanken med mediebruk i Noreg som døme, og korleis du kan bruke Python til å analysere dataa.

Resultata av analysane dine vil typisk vere ei samanfatning av statistiske storleikar, grafiske framstillingar og konklusjonar du har trekt på grunnlag av analysane dine. På sida Metodar i utforsking (ndla.no) i NDLA si verktøykasse kan du lese meir om korleis du kan gjere eigne undersøkingar og behandle og presentere statistikk. Læraren din vil kanskje òg leggje nokre føringar for korleis du skal presentere resultata.

Kjelde

Utdanningsdirektoratet (2021). Kompetansemål og vurdering. Kompetansemål etter matematikk 2P. Læreplan i matematikk fellesfag 2P (MAT05-04). https://www.udir.no/lk20/mat05-04/kompetansemaal-og-vurdering/kv46

Utdanningsdirektoratet (2021). Kompetansemål og vurdering. Kompetansemål etter matematikk 2P-Y. Læreplan i matematikk fellesfag 2P-Y (MAT06-04). https://www.udir.no/lk20/mat06-04/kompetansemaal-og-vurdering/kv47

CC BY-SASkrive av Bjarne Skurdal.
Sist fagleg oppdatert 04.10.2021

Læringsressursar

Arbeid med datasett